Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20191001/ARTICLE/191009998

• Foreslår å legga ned halvparten av landets domstolar • Vil ikkje handsama ein delrapport

Ap støtter ikkje kuttplan

Av Anne Kari Hinna (tekst), Bergen og Tom Henning Bratlie (foto), Oslo

Publiseringsdato: Tirsdag 1. oktober 2019

Seksjon: Innenriks

KRITISK: Leiar for justiskomiteen på Stortinget Lene Vågslid (Ap) går ikkje med på ei massiv ­nedlegging av landets domstolar.

FOR SMÅ: Ei rekke av landets domstolar er for små, meiner regjeringsoppnemnt kommisjon. Ap og Sp varslar kamp i Stortinget.

rett

I dag foreslår Domstolskommisjonen massive endringar i domstolsstrukturen.

Kommisjonen vil redusera dagens 60 tingrettar til 22 tingrettar med 30 rettsstadar, ifølge Adresseavisen, som i går kunne presentera fleire av konklusjonane i rapporten.

Dagens 34 jordskifterettar blir føreslått redusert til 13 jordskifterettskretsar med til saman 20 bemanna rettsstadar.

FAKTA

Domstolsutval:

• Eit regjeringsoppnemnt utval som greier ut organiseringa av landets domstolar.

• I dag kjem ein strukturdel som vil foreslå omfattande endringar i talet på tingrettar og jordskifterettar.

• Kommisjonen er leia av sorenskrivar i Oslo Yngve Svendsen.

• Det er i dag 60 tingrettar, seks lagmannsrettar og 34 jordskifterettar, pluss høgsterett.

Krev desentralisert struktur

Mens Ap har støtta både kommunereforma, politireforma og forsvarsforlika, har partiet etter valet signalisert ei anna haldning.

No varslar leiar for justiskomiteen på Stortinget Lene Vågslid (Ap) at nedleggingsforslaget ikkje får støtte frå Arbeidarpartiet.

– Viss desse lekkasjane stemmer kan me alt no avvisa støtte til ei slik massiv nedlegging av tingrettar. Det er klart me skal lesa utgreiinga nøye, men Ap støttar ikkje ei slik massiv nedlegging av tingrettane som det er kome lekkasjar om, seier ho.

Mange av domstolane landet rundt slit med tronge budsjett.

– Me vil ha ein desentralisert domstolsstruktur, og me meiner domstolane må styrkast. Dei siste åra har me sett ei svelteforing av domstolane.

Regjeringa sette ned Domstolskommisjonen i 2017, og har fått i mandat å sjå på organiseringa av domstolane. Mens ein delrapport om struktur blir lagt fram i dag, er fristen for resten av utgreiinga fyrst i august neste år.

Vågslid er kritisk til at utgreiinga blei delt.

– No skal ein sjå på struktur, utan å sjå på digitalisering og oppgåver. Eg trur at gjennom å sjå utgreiing i heilskap, kunne ein kanskje ha komma fram til andre svar, seier ho.

Vågslid seier at Ap meiner heile utgreiinga må vera ferdig før regjeringa kjem til Stortinget med ei sak.

– Ap vil ikkje behandla ei sak i Stortinget før heile utgreiinga er ferdig, seier ho.

Ho lover motstand og ­debatt i Stortinget om for­slaget.

– Går dette igjennom, vil vanlege folk ha dårlege tilgang til juridiske myndigheiter, til rettargang og juridiske miljø.

Også Senterpartiet er kritisk til at ein rapport om struktur kjem før resten av utgreiinga frå Domstolkommisjonen.

– Som regjeringa håpar på

Jenny Klinge (Sp), nestleiar i justiskomiteen, seier at dei har stilt spørsmål om den ­vidare prosessen, utan å få eit klart svar.

Klinge trur for­slaget om massenedlegging kling godt i øyra på regjeringa.

– Domstolskommisjonen kjem akkurat med det som regjeringa håpar på. Forslaget er nok noko regjeringa sit og gnir seg i henda over, seier ho.

Verken KrF eller Venstre har eigne medlemmar i justiskomiteen. Geir Toskedal i KrF er justispolitisk talsperson. Han seier at likebehandling og god rettspleie er det viktigaste, samstundes vil KrF sjå nærare på distriktsprofilen.

– Me vil sjå når saka kjem til Stortinget om det er behov for å halvera talet på domstolar. Men det viktigaste er god saksbehandling og at folk kan vera sikre på at dei blir behandla ut frå kompetanse, seier han.

Peter Christian Frølich, som sit i justiskomiteen for Høgre, vil lesa utgreiinga før han tar stilling til forslaget, men åtvarar mot kritikk på autopilot.

«Dette blir en test på seriøsiteten til politikerne: Vil man bare kritisere alle endringer på autopilot, eller er det vilje til å dykke dypt i rapportens funn og domstolenes begrunnelse?», skriv han i ein sms.

– Rett og slett dårleg

Sølvi Dimmen (Sp) er påtroppande ordførar i Volda kommune. Ifølge Adresseavisen blir tingrettane i både Volda og Molde føreslått lagt ned.

– Forslaget er fullstendig hovudlaust, seier ho.

Ho fortel at det er mange lokalt som er kritiske. Både næringslivet og Høgskulen i Volda har nytte av domstolen, i tillegg har det vakse fram eit advokatmiljø kring tingretten. Ho kallar forslaget rett og slett dårleg og trur det verken kan grunngjevast økonomisk eller fagleg. Rekninga får dei brukar domstolen.

– Dei overfører reisekostnadar og utgifter på dei som må reisa lenger. For Volda er det veldig viktig å halda på tingretten, seier ho.

annekarih@klassekampen.no

UNDERSAK

– Naturleg med ulike synspunkt

Til Klassekampen i går sa tidlegare sorenskrivar i Sunnhordland tingrett Knut Gramstad at han har opplevd eit sterkt press på å slå Sunnhordland tingrett saman med Haugaland tingrett.

«Vi er kjent med synspunktene til Knut Gramstad. Han har gitt uttrykk for han er uenig med både Domstoladministrasjonen og sorenskriveren i Haugaland tingrett i denne saken. Vi inviterte de berørte domstolene til dialog rundt denne prosessen. Det er naturlig at de som arbeider ved domstolene kan ha ulike synspunkter på både prosessen og resultatet», skriv Yngve Brox, seksjonssjef for kommunikasjon ved Domstoladministrasjonen til Klassekampen.

Brox opplyser at styret i Domstoladministrasjonen har vedtatt at det skal vera felles leiing for de to tingrettane Sunnhordland og Haugaland, men det er ikkje det same som samanslåing av dei to domstolane. Dei held fram som eigne domstolar, med dei same tinghusa og den same bemanninga som i dag.

Brox skriv at felles leiing aukar fleksibiliteten og styrkar det faglege arbeidet i dei to domstolene. Dommarane i dei to tingrettane vil på frivillig basis kunne ta saker i den andre tingretten.

«Det er innført felles ledelse i en rekke domstoler flere steder i landet. Evalueringen viser at dette er en hensiktsmessig og god ordning, og selv der det innledningsvis har vært motstand, er medarbeiderne blitt positive når man er kommet i gang. Vi tror det samme vil skje her», skriv kommunikasjonssjefen.

nn Ved ein inkurie kom ikkje kommentarane frå Domstol­administrasjonen på trykk i papiravisa går, som dei skulle. Vi beklagar. RED.