Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190824/ARTICLE/190829981

Frp er i vekst etter at dei sette hardt mot hardt under bompengekrisa i regjeringa:

Veks på krisa

Av Maria Dyrhol Sandvik og Gunnar Wiederstrøm

Publiseringsdato: Lørdag 24. august 2019

Seksjon: Politikk

GÅR OPP: Frp har hatt ein oppsving på målingane siste veka. Her frå då Siv Jensen la fram ei stortingsmelding tidlegare i år. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN

KRISEVEKST: Både ekspertar og partileiar Siv Jensen set Frp si vekst i samanheng med partiet si handsaming av bompengesaka internt i regjering.

Frp

Tre målingar som er tekne opp etter at Frp sette foten ned for fleire forhandlingar i bompengespørsmålet, viser at Frp har styrka seg.

Torsdag skreiv Klassekampen om Frp sine krisemålingar. Nasjonale målingar tekne opp heilt eller delvis den siste veka, viser at den negative trenden no har snudd.

Det kan ha samanheng med Frp sin harde linje i forhandlingane.

Då Klassekampen gjekk i trykken i går, gjekk det føre seg framleis møter i statsministerbustaden for å finne ei løysing på bompengekrisa i regjeringa. Der deltok ikkje finansminister Siv Jensen (Frp).

Etter Frp sitt landsstyremøte førre søndag slo Frp-leiaren fast at Frp ser på bompengeforhandlingane som avslutta.

Under landsstyremøtet gav Frp sin tilslutnad til ei skisse til løysing på regjeringa si bompengekrise, utarbeida av Høgre. Då Klassekampen gjekk i trykken i går, hadde regjeringspartnar Venstre ikkje slutta seg til. KrF-kjelder uttalte i går til Vårt Land at partiet jobbar med å halde alle fire parti i regjering.

FAKTA

Oppsving for Frp:

• Torsdag skreiv Klassekampen at pilene har peika nedover for Frp det siste året.

• Meiningsmålingar som er tekne opp heilt eller delvis den siste veka, syner at Frp styrkar seg.

• Frp fekk i gjennomsnitt 6,7 prosent på dei landsomfattande målingane som vart tekne opp i veka før landsstyremøte der partiet handsama resultatet av bompengeforhandlingane.

• På målingane som er tekne opp heilt eller delvis etter landsstyremøtet er gjennomsnittet for Frp 9,5 prosent.

Tydeleg oppsving

Klassekampen har rekna ut snittet av tre nasjonale meiningsmålingar tekne opp heilt eller delvis den siste veka, etter Frps landsstyremøte.

Frp fekk i gjennomsnitt 6,7 prosent på dei landsomfattande målingane som vart tekne opp i veka før landsstyremøte der partiet handsama resultatet av bompengeforhandlingane.

På målingane som er tekne opp heilt eller delvis etter landsstyremøtet er gjennomsnittet for Frp 9,5 prosent, det same partiet fekk i kommunevalet i 2015.

Frp har dermed eit tydeleg oppsving på meiningsmålingane. Partiet vinn på bompengesaka, meiner Johan Giertsen i valnettstaden Poll og Polls.

– Gjennomsnittet av målingane som er tekne opp heilt eller delvis etter landsstyremøtet syner eit markant oppsving for Frp, konstaterer Johan Giertsen i valnettstaden Poll of Polls som publiserer alle meiningsmålingane.

Giertsen meiner Frps bompenge-handsaming fell i god jord hos grasrota.

– Partiet vinn på ei sak som treffer kjerneveljarane, seier han.

Jensen: «Oppmuntrande»

Det er teke opp tre landsomfattande målingar heilt eller delvis etter landsstyremøtet.

I Ipsos-målinga for Dagbladet får Frp 10 prosent. Dette er den første landsomfattande kommunevalsmålinga etter sommarferien i Dagbladet. På målinga i VG som Respons Analyse har gjort, får Frp 9.8 prosent, fram 1,4 prosentpoeng frå måling 15. august. I TV 2-målinga Kantar har gjort, får Frp 8,8 prosent, fram 1,7 prosent frå målinga publisert 19. august.

Aftenposten og Klassekampen/Nationen har også publisert meiningsmålingar etter sommaren. I desse målingane fekk partiet høvesvis 6,8 og 6,7 prosent.

Også Frp-leiar Siv Jensen set partiet sin oppsving i samanheng med bompengesaka. Frp sin vekst på meiningsmålingane to veker før valet er «En hyggelig oppmuntring når vi kjemper for lavere bompenger for folk flest», skriv Jensen i ein sms til Klassekampen.

politikk@klassekampen.no