Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190805/ARTICLE/190809985

• EØS-utgreiing kan bli LO-krav • Aps Bjørnar Skjæran seier de står fast på EØS

Parkerer EØS-bussen

Av Maria Dyrhol Sandvik

Publiseringsdato: Mandag 5. august 2019

Seksjon: Politikk

NEI TIL EU, JA TIL EØS: Bjørnar Skjæran er nei-mann, men er tilhengjar av EØS-avtalen. Her er han avbilda på AUF sin sommarleir førre veke. FOTO: SIV DOLMEN

LÅGE SKULDRER: Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran er ikkje uroa for Fellesforbundet sitt EØS-krav. Ap kjem ikkje til å endre syn, seier han.

EU og EØS

Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran seier til Klassekampen at han er veldig trygg på at Ap står fast på EØS-avtalen og ikkje kjem til å endre syn, uavhengig av kravet frå Fellesforbundet om ei utgreiing av EØS-avtalen.

I juni vart det klart at eit stort fleirtal i Fellesforbundet sitt forbundsstyre går inn for at Fellesforbundet skal krevje ei offentleg utgreiing av alternativa til EØS.

Forbundet vil ta kravet vidare til LO-kongressen i 2021. Tidlegare i sommar skreiv Klassekampen at Fagforbundet truleg ikkje vil stå i vegen for Fellesforbundet sitt krav. Dermed kan det gå mot fleirtal for eit felles LO-krav om EØS-utgreiing.

FAKTA

EØS-debatten:

• Representantskapet i Fellesforbundet ønskjer ei offentleg utgreiing om alternativa til EØS. Alternativa skal byggje på WTO-regelverket, handelsavtalane med EU frå før EØS og nye handelsavtalar lik den Canada har med EU. Også EU-medlemskap skal bli vurdert.

• Dersom landsmøtet følgjer representantskapet si innstilling, er det truleg at også LO-kongressen går inn for det same i 2021.

• Ap står fast på sitt ja til EØS, seier Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran.

Ikkje uroleg

Ap stemte imot ei liknande utgreiing av EØS-avtalen i Stortinget så seint som i vår.

– Eg får ofte spørsmål om kvifor vi ikkje kan vere med på å greie ut eit alternativ? Men vi er for den avtalen, vi er ikkje for et alternativ, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre i ein NRK-debatt i mai.

EU-motstandaren Skjæran har av fleire blitt omtala som ein politikar tett på fagrørsla. Men heller ikkje han vil opne at Ap skal gå inn for ei utgreiing av Noregs tilknyting til EØS.

Då vedtaket om ei konsekvensutgreiing var gjort i Fellesforbundet sitt styre, sa nestleiar i Fellesforbundet Steinar Krogstad til Klassekampen at han forventa at Ap ville støtte utgreiinga.

– Eg har god tru på gjennomslag, sa han.

Skjæran seier han ikkje er uroleg for debatten.

– Eg forstår frustrasjonen i fagrørsla og kvifor dette kjem opp. Vårt syn er at avtalen har tent Noreg godt i 25 år. Det vi treng er ein kraftfull politikk for å handtere sosial dumping. Det er avgjerande.

Kan bli utfordrande

Alliansen mellom Ap og dei industritillitsvalde i Fellesforbundet fekk seg ein støkk, etter at Ap sitt landsmøte i vår sa nei til ei konsekvensutgreiing av oljeverksemd i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. I etterkant av landsmøtet inngjekk Ap og Fellesforbundet ein ny samarbeidsavtale, med mål om å unngå nye konfliktar.

Difor kan kravet om ei utgreiing av EØS-avtalen bli utfordrande å avvise for Ap.

Skjæran viser til ei undersøking som slår fast at eit fleirtal av Fellesforbundet sine medlemmar i likskap med han sjølv slår ring om EØS-avtalen.

– EØS-avtalen gir industrien, næringslivet, fiskerinæringa alt dei har bruk for.

Skjæran vedgår at avtalen har skapt utfordringar med sosial dumping, men meiner problemet kan løysast innanfor rammeverket av EØS, dersom det finst politisk vilje til det.

– No har vi ei regjering som ikkje løftar på ein finger.

Peikar på brexit

– Kan ein slik debatt bli skyts for høgresida?

– Nei, svarer Skjæran.

Han seier, som LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen har sagt før, at høgresida heller bør gå i seg sjølv og sjå på kva som skaper EØS-debatten i fagrørsla. Han viser til den omstridde reise-, kost- og losji-saka i verftsnæringa, som NHO tok vidare frå norsk Høgsterett til EØS-tilsynet Esa.

– Høgresida seier Ap ikkje har kontroll på kva vi meiner om EØS. Dei trur dei skal tenkje over kor mykje dei skal provosere det norske arbeidsfolket. Grunnen til at vi har ein oppheita EØS-debatt er fordi folk i byggjebransjen, i hotell- og restaurantbransen og i transportnæringa, er skikkeleg forbanna på det som skjer, seier Skjæran.

Skjæran peikar på brexit som ei pågåande og lite lovande utgreiing av alternativa til EØS-avtalen. Han fnyser også av dei som peikar på handelsavtalen Noreg gjorde med dåverande EF i 1973, som eit alternativ til EØS.

– EF eksisterer ikkje lenger. Det er blitt EU, det er blitt 29 land. Kva blir det neste, skal vi trekkje fram avtalar som vi hadde med det gamle Romarriket? spør ein lattermild Skjæran.

Gjev ikkje opp

Steinar Krogstad i Fellesforbundet gjev ikkje opp håpet om å få Ap med på ei utgreiing av EØS-avtalen.

– Vi jobbar fram mot den innstillinga som forbundsstyret vårt no har gjort. Så er det ikkje umogleg at dette også vil kome som eit krav frå ein større LO-familie. Då må Ap støtte det, uavhengig av kva dei måtte meine om EØS-avtalen. Ingen har grunn til å vere redd for ei utgreiing.

politikk@klassekampen.no