Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190711/ARTICLE/190719994

Nasjonal plan for vindkraft skulle dempe konfliktane, men slik gjekk det ikkje:

Stormar rundt vindkrafta

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen

Publiseringsdato: Torsdag 11. juli 2019

Seksjon: Innenriks

DEMONSTRERTE: Tidlegare i år demonstrerte motstandarane av vindkraftverk på Frøya utanfor Stortinget. Slike protestar har vore med å endre haldninga til vindkraft. FOTO: FARTEIN RUDJORD

KRITISK: Motstanden mot nasjonal ramme for vindkraft er stor i dei kommunane som ligg i dei veleigna områda. Kommunestyra og ord­førarar seier nei.

vindkraft

Det vert ikkje enkelt å få lokal tilslutnad til ytterlegare utbygging av vindkraft i Noreg. 1. april la Olje- og energidepartementet framlegget til nasjonal ramme for vindkraft på land ut på høyring.

17 av 98 kommunar innanfor områda som er rekna som veleigna for vindkraft, har så langt sendt inn høyringsnotat. Alle ber om at areal i deira kommune vert halde utanfor.

I fjor bad politikarane i ytterlegare 12 av dei 98 kommunane om det same. Då var politikarane i ni kommunar positive til planen.

FAKTA

Vindkraft:

• Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) la i april fram nasjonal ramme for vindkraft på land.

• Planen peiker ut 13 område som NVE meiner er veleigna for vindkraftutbygging. Dette gjeld omsyn til vindressursar og kraftleidningar til å føre krafta ut. Områda er også vurderte ut frå naturkvalitetar, kulturminnevern og friluftsinteresser.

• Det er ikkje fritt fram for kraftutbygging i desse områda.

• Høyringsfrist er sett til 1. oktober.

Ordførarar seier nei

Klassekampen har og sjekka ut kva ordførarane i resten av kommunane meiner, ved å gå gjennom avisoppslag og kontakt via sms.

44 ordførar seier nei til nye vindkraftverk i kommunen, tre seier ja medan seks ikkje har teke stilling. Det manglar opplysningar om haldninga til 12 ordførarar.

Grunngjevinga er ulik, men i dei kommunane som har vindkraftverk eller der det er gjeve konsesjon til utbygging, er haldninga gjennomgåande at nok er nok.

«Vi har i vår kommune eit vindmølleprosjekt som skal realiseres. Eg er ikkje positiv til meir utbygging hos oss enn dette prosjektet», skriv ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF).

I nokre kommunar meiner dei vindturbinane øydelegg naturopplevingar.

«Det er stor og tverrpolitisk motstand mot vindmøller på fjelltoppane og i nære kystområde i Herøy kommune», skriv Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H).

Ordførar i Rendalen Norvald Lillevold (Ap) skriv at kommunen satsar på friluftsliv og fritidsbustadar.

«Vi kan skrote alt planverk hvis området vårt blir en del av nasjonal ramme.»

Det er politikarane i kommunane på Vestlandet og i Trøndelag som er mest negative til å vere del av eit av dei 13 områda. I Trøndelag har dei også fått fylkespolitikarane med på laget. Med 62 mot 15 røyster vedtok fylkestinget i juni å seie nei til ramma.

Skjønar omfanget

Generalsekretær i Norges ­Naturvernforbund Maren Esmark seier ho ikkje er overraska over stemningsskiftet.

– Vi er glade for å sjå at ordførarar og politikarar i kommunane ser kva for dramatiske inngrep desse industrianlegga inneber.

– Kvifor endrar haldninga seg?

– Det er først no politikarane innser kor omfattande utbygginga vert. Dei har sett føre seg koselege vindmøller som på eit dansk jorde, og ikkje vore klar over høgda på vindturbinane og dei store inngrepa i fjellheimen, seier Esmark.

Ho syner til at staten gjev løyve til naturinngrep kommunane aldri ville fått lov til om det galdt anna næringsverksemd eller hytteutbygging.

– Når staten kjem inn, vert det plutseleg gjeve løyve til inngrep som får kjempestore følgjer for natur og friluftsliv, seier ho.

Skulle kommunestyra velje same nei-lina som ordførarane har lagt seg på, meiner Esmark departementet ikkje har anna val enn å revidere.

Ordførar Wenche Tislevoll (H) i Fitjar leier Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommunar.

Ho trur årsaka til den negative haldninga er at ingen politikarar torer å seie noko anna enn nei rett føre valet.

– Det har vorte ei massiv folkerørsle av turlag og miljøorganisasjonar mot vindkraft. Informasjonen er også veldig ubalansert, seier Tislevoll.

gunnarw@klassekampen.no