Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190617/ARTICLE/190619961

Bra kok i sol og regn: Fire musikkdager med super stigning i programmet.

Meisterligaen kom hem

Av Mailiss Solheim

Publiseringsdato: Mandag 17. juni 2019

Seksjon: Konsert

EN AV MANGE GODE: Med Robbie Eidevik i front tok Hjerteslag gullet hjem. FOTO: JARLE H. MOE

Festival

Bergenfest

Bergenhus festning, Bergen 12.-15. juni

I over 20 år har Bergenfest laga liv i vestlandshovudstaden. Festivalen mellom dei sju fjell må ofte kjempe mot værgudane, men i år var sola stort sett på lag med oss, og programmet freista med store lovnader om god stemning. Likevel utstyrt med vasstette skor og ekstra jakke i sekken (just in case), tok desse fire dagane oss med på ei reise frå soul til rock, frå gamle heltar i Madrugada og Patti Smith, til nye favorittar med bergenske Romskip og amerikanske Starcrawler.

Onsdag

Tom Walker var først ut med silkemjuke tonar og ei stemme som er større enn dei fleste. Godkjend start, dog litt keisamt. Dette blei straks betra då dei lokale nykommarane i Romskip på den minste scena Hjertebank rocka hardt med ei småpsykedelisk blanding av The Cramps og The Long Johns. (Ja, dei rocka så hardt og så hjarteleg at ei plutseleg avlysing gjorde at dei dagen etter blei booka inn til hovudscena, der sceneoppgraderinga og eit tre gongar lenger sett gjorde underverk.) Så var det tid for Jungle, 7 personar og enno meir soul. Rytme frå 70-talet og inspirasjon frå Prince. Scenetekke og sceneshow festivalen verdig.

Medan Noreg tapte mot Frankrike i Fotball-VM, måtte publikum sette sin lit til onsdagens headliner Bon Iver. Sjølv om ein aldri skal kimse av eit band med to trommisar, blir det likevel litt støyete i all si sjangerblanding. At publikumsvalfarten ut starta i pausen før ekstranummera, tyder på at dette blei akkurat hakket for uhandgripeleg.

Torsdag

Ei klokke som tikka for fort og ei altfor lang kø inn til Charlie Cunningham i Håkonshallen, gjorde at eg i staden starta dag to med Jacob Banks på den nest største scena, Bastionen. Det kjem eg aldri til å angre på. Rett nok har den britisk-nigerianske songaren ei forsiktig framtoning, men ei stemme som ber lengre enn du kan tenkje. Ein vegg av sjølvsikker vokal, i ei blanding av R&B, soul og funkrytmar, gjorde dette til ei enormt gledeleg overrasking. Om Banks hadde festivalens beste stemme, stilte skotske The Twilight Sad med festivalens tyngste bass. I bakgrunnen lurer Joy Division, The Cure og Placebo, men likevel er dette postpunk-bandet noko for seg sjølv.

Dermed er stemninga god når torsdagens finale skal serverast av Madrugada. Sivert Høyem er kanskje litt som Noreg sin versjon av Nick Cave. Kanskje. Men dryge 20 minutt med dårleg lyd la ei stor dempar på opplevinga. Men plutseleg, så var det heile på plass og teknikken funka. Da oppstod vakker dynamikk mellom publikum og band på hovudscena Plenen. Sjefen for den perfekte symbiosa var Høyem og hans patenterte kraftfulle røyst. Det blei ekstra sterke kjensler når han snakka om Robert Burås’ bortgang, som den gang var med på å gjere at bandet la plekter og stikker på hylla. Fint var det også at Høyem heidra Dennis Reksten, sjølve symbolet på den bergenske rockescena, som like før konserten vart tildelt kongen sin fortenestepris.

Når det halvanna time lange settet gjekk inn for landing, med «Majesty» rungande over Plenen, var det vanskeleg å ikkje få gåsehud. 20 år etter debutplata, 10 år etter dei eigentleg la opp, står Madrugada på toppen av den norske rocketrona, og tar framleis publikum med storm.

Fredag

Dei siste åra har Musikknoreg hatt eit ekstra blikk på kvinneandelen på landets festivalar. Årets Bergenfest er ikkje eit unntak når det kjem til for dårleg kjønnsbalanse. Det er likevel gledeleg at nokre av actsa som skapte mest liv var med kvinner i spissen.

Clean Bandit stod fredag fjellstøtt på Plenen, med tidenes attitude og sende assosiasjonane til 90-talets supergrupper. Kraftfull vokal, dansbare rytmar, og ein entusiasme det var vanskeleg å ikkje bli smitta av.

Fredagens høgdepunkt var likevel Tove Lo. Svensken som liker å sjokkere, og ved sist Bergenfest-show stilte topplaus. Litt mindre puppar i år, men like sensasjonell. Popdronninga med verda i si hule hand. Frå «Cool Girl» til «Body Talk» til den nyaste låta «Glad He’s Gone» var det elektrisk på hovudscena. Kvinner får ofte kritikk får å snakke om sex, men Tove Lo drit i stigmaet, og tar nett den plassen ho vil. Og det funkar. Og det er fett!

Laurdag

Festivalens siste dag var prega av gamle legender og lokale heltar. Razika tok ei tårevåt avskjed med det bergenske publikummet. Settet starta roleg, gjekk over til goodtimes-pop og blei avslutta med skikkelege rockelåter – for jenter kan også rocke, var Marie Amdam sin klare beskjed! Når sistelåta «Vondt i hjertet» blei bore heilt utan vokalisten sin hjelp, stod tida stille i solsteiken. Verdig og vakkert.

Tøffe damer skulle det bli meir av denne kvelden. Starcrawler er pakka inn i punkens skittenheit og ei real dose dekadanse. Herleg hardt og seigt, med smått gale Arrow de Wilde i front. Men Patti Smith gjekk sjølvsagt av med sigeren som festivalens desidert tøffaste. Ho er som vellagra whiskey som berre blir betre med åra. Då legenden inntok scena, kom regnet. Men det var ingen dempar. Eit gjennomført poncho-kledd publikum song med på «Because the Night», og var med på å skape det som står att som festivalens kanskje beste konsert. Legendestatus har også Robert Plant, som ikkje overraskande også fylte sine eigne, store skor.

Då regnet stogga såg det diverre ut som litt av publikum var skremd vekk før Hjerteslag skulle avslutte på heimebane. Men med ei knapt nok synleg nervøsitet dei fyrste minutta, spelte gutane frå Bergen så til dei grader i medvind. Frå «Ikkje tenk på det» til «Kong Oscars gate» var det fullt liv, og det blei nesten total furore med fleire episodar med fyrverkeri. Etter Brann-uavgjort mot Haugesund tidlegare på kvelden, var det likevel med smil og til ekstatisk allsong, at Robbie (som takka mor si for at han har fått lov til å drive med det han elskar) song eit omskrive refreng E det bare meg, eller koker hele Bergen / for alt vi tar i blir til seriegull. Det siste tviler vi på i år, men det var fanden så sant at heile Bergen koka. Ei avslutning ein stadionarena verdig.

Kven som ville ha vunne Meisterligaen av Patti Smith og Hjarteslag, tør eg ikkje seie. Men i kvar sin leir gjorde dei festivalen komplett.

musikk@klassekampen.no