Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190603/ARTICLE/190609994

• Nye reglar kan gi 605 fleire arbeidstimar i året • Kan bli lagt til direktorat utan dykkarkompetanse

Dykkarar slår full alarm

Av Anne Kari Hinna (tekst og foto), Haugesund

Publiseringsdato: Mandag 3. juni 2019

Seksjon: Innenriks

FARLEG JOBB: Det er større risiko for ulykker og dødsfall blant dykkarar enn elles i arbeidslivet. Fleire fryktar at ei regelendring no vil gjera yrkesgruppa meir utsett. Oppe frå venstre Leif Morten Rasch, Jacob Grøgaard og Ommund Stokka. Sitjande frå venstre Daniel Skomsvold, Kristian Gundersen og Stian Rennestraum. Alle er knytt til fagforbundet Industri Energi.

ENGSTELEGE: Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet foreslår nye reglar for dykking frå skip. Yrkes­dykkarar fortvilar.

ARBEIDSLIV

– Sjølv om me gjer vårt beste for å legga godt til rette før me går ut i vatnet, har eg vore redd fleire gongar. Det skal det ikkje herska tvil om, seier yrkesdykkar og tillitsvald i Abyss, Jacob Grøgaard.

Yrkesdykkar er blant dei farlegaste yrka i landet. Nyleg kom ein rapport frå Arbeidstilsynet som avdekte manglar hos seks av ti kontrollerte dykkebedrifter. Dei siste åra har det vore fleire dødsulykker blant dykkarar.

No har regjeringa sett i gang ein prosess for å endra reglane for dykking som går føre seg frå skip. Forslaget inneber ifølge LO-forbundet Industri Energi blant anna at:

Maks arbeidstid per år aukar frå 1582 til 2190 timar, 605 ekstra arbeidstimar i året.

Sjøfartsdirektoratet får tilsynsansvar.

Det blir ulike regelverk og tilsynsorgan for nordsjødykkarar, dykkarar frå land og dykkarar frå skip.

Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet har laga forslaget på oppdrag frå Arbeids­departementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

FAKTA

Dykking frå skip:

• Arbeids- og sosialdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har sett i gang ei regelendring for delar av dykkebransjen.

• Arbeidstilsynet og Sjøfarts­direktoratet har lagt fram eit forslag til nye reglar om dykking frå skip.

• Fristen for høyringa er 26. juli.

• Arbeidstakarar og fagforbundet Industri Energi (LO) er kritiske til forslaget, som dei meiner vil gi eit dårlegare vern.

Har ikkje kompetanse

I dag fører Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet tilsyn med yrkesdykkarane, av­hengig av kvar dei dykkar. Forslaget om eigne reglar for dykking frå skip, inneber at Sjøfartsdirektoratet får ei ­tilsynsrolle.

Men direktoratet har ikkje naudsynt dykkarkompetanse, ifølge høyringsnotatet:

«Dersom Sjøfartsdirektoratet skal føre tilsyn med dykking frå skip, innebærer det et behov for å bygge opp kompetanse som etaten ikke i ­tilstrekkelig grad har i dag. Det vil også bety at det må ­etableres et tilsynsregime for rederier som leverer dykketjenester, noe som vil bety økt behov for ressurser».

– Arbeidstilsynet har ført tilsyn med oss sidan 1959, no skal me leggast under eit direktorat utan kompetanse. Dei zoomar tilbake til 1959, seier Kristian Gundersen, som er yrkesdykkar og tillitsvald i Frøy Akvaservice.

– Har de opplevd farlege ­situasjonar sjølve?

– Alle har det, seier Gundersen. Grøgaard er einig.

– Eit stort tilbakesteg

Leif Morten Rasch er tidlegare nordsjødykkar og var sentral i kampen nordsjø­dykkarane førte i både Norge og Strasbourg. I dag jobbar han i Industri Energi. Han kallar lovforslaget eit stort tilbakesteg, og er svært uroa.

– Det var eit stort arbeid å gjera arbeidsmiljølova gjeldande for nordsjødykkarar. Det klarte me i 1993. Det var eit stort framsteg. Dette er eit stort tilbakesteg, seier han.

Det dårlege vernet nordsjødykkarane hadde gjennom mange år, er eit svart kapittel i norsk oljehistorie.

I 2013 blei Norge dømt i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) for ­mangelfull informasjon om farane ved arbeidet dykkarane gjorde i Nordsjøen frå starten av oljealderen i 1965 til 1990.

I 2014 blei partia på Stortinget samde om kompensasjon for 260 dykkarar og etterlatne.

– Nordsjødykkarar spør meg no kva me som nasjon er i ferd med å gjera, dersom all arbeidsdykking ikkje lenger skal regulerast av arbeids­miljølova, seier han.

Rasch fortel at Industri Energi også er svært uroa for at fartøy med andre flagg får ei anna vernelovgiving som fører til eit lågare tryggleiksnivå, sjølv om dykkereglane blir gjort gjeldande.

Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet meiner reglane skal kunna gjelda uavhengig av flagg. Men denne sida av saka er dårleg greidd ut, ­meiner Industri Energi.

Rasch saknar også ei dykkefagleg konsekvensutgreiing i høyringsnotatet.

Og uavhengig av lovverk, er det viktig å ansvarleggjera oppdragsgivarane, seier han.

Oppdrett og havvind

Oppdrettsbransjen er stor og vil bli større. Mange har også ambisjonar for vindkraft til havs. Det er mellom anna dykking for desse næringane som kan få nye reglar.

– Det verkar som enkelte bedrifter i oppdrettsnæringa, både dei som kjøper og leverer dykkartenester, har ­mindre fokus på tryggleik enn kostnadar. Her kan me læra mykje av offshorenæringa i dag, seier Daniel Skomsvold, som er verneombod og jobbar i selskapet AQS.

Rasch meiner saka har gått under den politiske radaren.

– Eg håpar saka kjem opp på Stortinget, seier han.

annekarih@klassekampen.no

UNDERSAK

– Viktig at dei kjem med innspel

Sjøfartsdirektoratet ønsker ikkje å gå inn i ein debatt om regelforslaget i dag, seier Dag Inge Aarhus. Han er kommunikasjonsdirektør i direktoratet. Han legg samstundes til at det er viktig at både negative og positive sider ved forslaget kjem fram.

Aarhus seier det kan bli gjort endringar som følge av høyringa.

– Me registrerer at det er nokon som meiner at dette ikkje er godt nok, og då er det viktig at dei kjem innspel, seier han til Klassekampen.

Mens arbeidsmiljølova omfattar all verksemd som sysselset arbeids­takarar på land, er det lov om skipstryggleik og skipsarbeidslova som ­utgjer arbeidsmiljø­regelverket på sjøen.

Bakgrunnen for forslaget om nye reglar er ifølge høyringsnotatet at ­Sjøfartsdirektoratet og Arbeidstilsynet i aukande grad erfarer at det blir stilt spørsmål ved om arbeidsmiljølova gjeld for alle former for dykkeverksemd.

Målet er altså å sikra alle dykkarar eit vern.

Problemstillinga er særleg relevant for verksemder som leverer dykketenester til havbruksnæringa.

Det blir også vist til ein fersk dom frå Høgsterett, som slo fast at dykking ­etter kamskjel fell utanfor vernet av arbeids­miljølova.

Det blir poengtert at det er knytt høgare risiko for sjukdom og ulykker for dykkarar enn i arbeids­livet elles.