Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190404/ARTICLE/190409985

Kommunar godtek ikkje at staten bestemmer:

Krev pengar og vetorett

Av Gunnar Wiederstrøm (tekst) og Anne-Kari Hinna (foto), Bergen

Publiseringsdato: Torsdag 4. april 2019

Seksjon: Innenriks

IKKJE MEIR: Fitjar kommune har alt eit vindkraftverk på Midtfjellet. Ordførar Wenche Tislevoll er nøgd med vindturbinane, men seier det er nok no.

UTBYGGING: Lokal aksept og trygge inntekter er av­gjerande for ei vidare utbygging av vindkraft, meiner leiaren for vindkraftkommunane i Noreg.

Vindkraft

Måndag presenterte Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) framlegg til nasjonal ramme for vindkraft i Noreg. Reaksjonane frå delar av miljø­rørsla har vore særs ­negativ.

Landssamanslutninga for Norges vindkraftkommunar (LNVK) er positiv til framlegget, men dei godtek ikkje lenger statleg overstyring i vindkraftsakene.

– Det er viktig med lokal aksept for vindkraft. Vi må ta omsyn til lokalbefolkninga. No er vi berre høyringspart, men det er ikkje godt nok. Seier kommunestyret nei til utbygging, skal ikkje staten gje konsesjon for vindkraftverk i den kommunen, seier leiar Wenche Tislevoll.

Ho er også ordførar i vindkraftkommunen Fitjar i Hordaland.

Då NVE presenterte dei 43 analyseområda som skulle vurderast som moglege utbyggingsområde i fjor haust, leverte 94 av dei kring 350 kommunane som låg innanfor områda innspel.

Dei 13 områda NVE no meiner er mest veleigna for vindkraftutbygging, dekker delar av kring 100 kommunar. ­Berre 30 av desse kom med innspel i fjor haust.

Klassekampen var i ­kontakt med ordførarane i ei rekke av desse kommunane i fjor haust.

Innspela frå kommunane og kontakten med ordførarane syner at ni av desse var positive til vindkraft i kommunen, elleve var negative, medan ti berre kom med faglege innspel. Dei andre hadde ikkje uttalt seg.

FAKTA

Vindkraftutbygging:

• Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har laga framlegg til ramme for vindkraftutbygging.

• Planen peiker på dei 13 områda NVE meiner er mest veleigna for utbygging mellom anna ut frå omsyn til miljø, urørt natur, biologisk mangfald, kulturminnevern, reindrift og kapasitet på kraftnettet.

• Nasjonal ramme for vindkraft skal ut på høyring, der alle partar får høve til å kome med fråsegner og innspel. Olje- og energidepartementet skal skipe til regionale innspelsmøte allereie i sommar.

• Departementet utarbeider nasjonal ramme som Stortinget til sist skal vedta.

Mange negative

Eit av dei 13 områda er Sunnhordland og Haugalandet. Der meiner NVE 796 kvadratkilometer eignar seg for vindkraftverk. Ein av kommunane er Fitjar, som alt har eit vindkraftverk.

– Vi er særs godt nøgd med det vi har, men vi vil ikkje ha meir, seier ho.

Dei andre kommunane i området er Tysnes, Stord, Kvinnherad og Etne i Hordaland og Vindafjord, Suldal, Tysvær og Bokn i Rogaland.

Ingen av desse kommunane har sagt ja til planane. Då dei 43 analyseområda var på høyring, sa Etne, Kvinnherad, Tysnes og Stord nei til vindkraft i eigen kommune.

Tysnes kommune gjorde vedtak i formannskapet: «Tysnes formannskap syner til saksutgreiinga og rår til at Tysnes vert teken ut av det vidare arbeidet med plan for nasjonal ramme for vindkraft på land».

Ordførar i Etne Siri ­Klokkerstuen (Ap) sende eit engasjert brev til NVE der ho uttrykte sterk kritikk mot at kommunen var del i analyseområda.

«Etne kommune meiner det er bortkasta å bruka ressursar på å analysera område i Hordaland som heilt klårt har så store natur- og frilufts­verdiar at det aldri kan bli ­aktuelt å etablere vind­kraftinnstallasjonar der», skreiv Klokkerstuen i brevet.

Nei til veto

Kvinnherad formannskap bad om at «dei aktuelle områda i Kvinnherad vart tekne ut av plan for nasjonal ramme for vindkraft på land».

Ordførar og leiar i LNVK ­Wenche Tislevoll trur haldninga til vindkraft vil vere meir positiv dersom det hadde vore eit skattesystem som gav føreseielege inntekter. Det er det ikkje i dag.

Eit kraftskatteutval skal i haust kome med eit framlegg til nytt skattesystem. Der skal også skattlegging av vindkraftverk inn.

– Vårt mål er det same skattesystemet for vindkraft som gjeld for vasskrafta, seier ­Tislevoll.

Vil unngå konfliktar på land

Leiar i Energi og miljøkomiteen på Stortinget Ketil Kjenseth (V) skriv i ein sms:

«Vindmølleparker utgjør store inngrep i naturen. Derfor mener Venstre at lokalsamfunn i enda større grad må være involvert i prosessen rundt konsesjoner».

Miljøpolitisk talsperson for Ap Espen Barth Eide skriv i ein sms at kommunane må involverast på ein reell og god måte:

« ... Men veto er likevel problematisk fordi det kan være snakk om overordna behov som går utover kommunegrensene».

Han vil ha meir satsing på havvind for å unngå konfliktar på land.

Miljøpolitisk talsperson for SV Lars Haltbrekken skriv i ein SMS at dersom ein kommune har «tungtveiende argument mot å gi konsesjon», skal det leggjast sterk vekt på synet til kommunen.

SV er likevel ikkje for å gje kommunane vetorett i desse sakene.

Miljøpolitisk talsperson i Sp Sandra Borch vil heller ikkje gje kommunane vetorett, men vil leggje stor vekt på det lokale synet som kjem frå kommunestyret.

gunnarw@klassekampen.no