Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190326/ARTICLE/190329977

Regjeringspartia sikra Ap ordførar i 65 kommunar:

Ap valde Høgre

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen

Publiseringsdato: Tirsdag 26. mars 2019

Seksjon: Politikk


SPRIK: Ap kritiserer Sp for ikkje å binde seg til raudgrønt samarbeid. Men partiet har tydd til dei borgarlege i ein tredel av kommunane der dei har ordførar.

Kommuneval

Det er ikkje berre Senterpartiet av dei raudgrøne partia som både går til høgre- og venstresida når dei kjempar om makt i kommunane. Det gjer Arbeidarpartiet også.

Partiet er desidert størst mellom ordførarpartia med toppverv i 205 kommunar. I 24 av desse kommunane har hovudmotstandar Høgre varaordføraren. I fem kommunar har Framstegspartiet varaordføraren, medan regjerings­partia KrF og Venstre har varaordføraren i høvesvis 20 og 16 kommunar.

Det lokalpolitiske samarbeidet med høgresida er meir omfattande. For Arbeidarpartiet har også vore med å sikre Høgre-ordførar i elleve kommunar der Arbeidarpartiet har varaordføraren.

FAKTA

Politisk samarbeid i kommunane:

• Dei tre store ordførarpartia Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre samarbeider alle på tvers av partiblokkene for å oppnå ordførarmakt.

• Høgre samarbeider med Arbeidarpartiet i elleve kommunar.

• Sp samarbeider med Høgre og Frp i 21 kommunar.

• Ap samarbeider med eit eller fleire borgarlege parti i 65 kommunar.

Fekk kritikk

Før helga kritiserte Aps partisekretær Kjersti Stenseng Senterpartiet for ikkje å gje eit klart signal til kommunelaga om at dei bør prioritere eit raudgrønt samarbeid etter kommunevalet. Den kritikken held ho fast med konfrontert med tala frå Klassekampen.

– Det eg har sagt tidlegare og sender eit tydeleg signal om, er at det er raudgrøn makt som er det beste utgangspunktet for politisk samarbeid i kommunane. Det er også viktig for å byggje ein sterk raudgrøn opposisjon fram mot stortings­valet i 2021, seier ho.

– Likevel vel mange å samarbeide med høgresida?

– Det er våre folk lokalt som bestemmer kven dei skal samarbeide med og det er mykje som påverkar desse vala. Då tel det kva saker som er viktigast framføre eit val og korleis dei ulike partia stiller seg til desse. Det same gjer kva for parti som stiller liste i kommunen og kva høve ein har til å vinne fleirtal. Personkjemi kan også vere viktig.

– Kva for politiske konsesjonar må lokale Ap-politikarar gje når dei samarbeider med Høgre eller Frp?

– Noko må du sjølvsagt vere viljug til å forhandle om. Det viktigaste same kven ein samarbeider med er få størst mogleg gjennomslag for Arbeidarpartiet sin politikk, seier Stenseng.

Ikkje sentralt veto

– Vil du støtte lokalt samarbeid med Høgre eller Frp etter valet?

– Eg kjem ikkje til å motsette meg eit slikt samarbeid, men det er viktig med den overordna føringa om at ein lokalt bør velje raudgrønt, seier Stenseng.

– Fortel ikkje dette oversynet at Arbeidarpartiet til liks med Senterpartiet vel høgre- eller venstresida ut frå kva som er naudsynt for å få makt og posisjonar?

– Det gjer det i nokre tilfelle, men i motsetnad til Senterpartiet har vi sentralt gitt retning til dette samarbeidet.

Partileiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum er ikkje overraska over at Ap samarbeider både mot høgre og venstre.

– Det syner at lokalt er det lokale saker som avgjer, og det meiner eg er eit kvalitetsteikn. For å ta nokre døme: I skulespørsmål kan vi og Ap stå mot kvarandre. Dei vil sentralisere medan vi vil halde på lokalskulen. Og privatisering er ikkje ei viktig problemstilling i dei minste kommunane, seier han.

Stenseng meiner Sp er ein viktig lokal samarbeidspartnar. Klassekampens oversyn viser at i 53 av Ap-kommunane har Senterpartiet varaordføraren. I dei 100 senterpartikommunane har Ap varaordføraren i 37. I sju av Ap-kommunane har SV varaordføraren, i fire kommunar Raudt.

Glad i sentrumspartia

KrF og Venstre er framleis viktige samarbeidsparti lokalt for Ap, jamvel om dei no er i regjering med Frp og Høgre.

– Vi har mange gode døme på at vi får til god politikk i samarbeid lokalt med desse to sentrumspartia. Det bidreg også til å halde Frp og Høgre frå makta, seier Stenseng.

Også nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik har kritisert at Senterpartiet ikkje vil velje side før kommunevalet til hausten. I ein e-post Klassekampen refererte til laurdag skriv ho om Sps samarbeid med høgresida i fleire kommunar: «Når de gjør dette gir de også sin aksept til en politikk for økte forskjeller og mer privatisering. Det synes jeg er uheldig».

I Tajiks heimfylke Rogaland har Arbeidarpartiet ordføraren i sju kommunar:

• I Lund kommune har Ap både ordførar og varaordførar.

• I Sandnes kommune er det Framstegspartiet som har vara­ordføraren.

• I Eigersund og Gjesdal kommune har Høgre vara­ordføraren.

• I Haugesund har Venstre varaordføraren.

• I Karmøy kommune har Kristeleg Folkeparti vara­ordføraren.

• I Utsira kommune kjem vara­ordføraren frå ei bygdeliste.

gunnarw@klassekampen.no