Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190309/ARTICLE/190309969

• Ap-strid om oljen skaper uro • Klubbleiarar kallar det symbolpolitikk

Fryktar for oljeframtida

Av Gunnar Wiederstrøm, Bergen (tekst og foto)

Publiseringsdato: Lørdag 9. mars 2019

Seksjon: Innenriks

UNG FRAMTID: 24 år gamle Julia Kelmendig kom inn i oljebransjen og Odfjell Drilling i 2014. No er ho usikker på om det ligg ei framtid i oljen. Til venstre klubbleiar Harald Hereid.

UTRYGGE: Olje­arbeidar Julia Kelmendig vurderer ny utdanning, medan klubbleiarar i oljeindustrien ber politikarane om å unngå uro om oljepolitikken.

Oljepolitikk

– Eg er redd for arbeidet mitt. Om vi set ein sluttdato for olje­verksemda, veit eg ikkje korleis det slår ut for jobben eg har, seier Julia Kelmendig.

I 2014 vart ho tilset som lærling hos Odfjell Drilling og fekk oljekrisa rett i fleisen.

– Det såg så lyst ut då eg bestemte meg. Så kom krisa.

Julia gjekk eit halvt år utan arbeid, men er no fast som bore- og vedlikehaldsoperatør.

– Eg kallar meg roughneck.

FAKTA

Oljenæringa:

• Det er gjort fleire freistnadar på å måle verdien av norsk olje- og gassverksemd.

• Bidraget til brutto nasjonalprodukt (BNP) var i 2017 395 milliardar kroner, nær det dobbelte av bidraget frå industri og handel. Det utgjer 17 prosent av BNP.

• Tal for direkte og indirekte sysselsetting i oljebransjen ligg mellom 170.000 og 300.000 avhengig av reknemåte.

• Statens kontantstraum frå oljegass var 264 mrd. kr i 2018, 21 prosent av samla inntekt.

Dystert bilete

Ho har merka seg at krefter i Arbeidarpartiet vil verne Lofoten, Senja og Vesterålen og fått med seg at fleire parti vil ha ein sluttdato for oljen. I går varsla finansministeren at Oljefondet trekker seg ut av verksemder som produserer eller leiter etter olje.

Kelmendig deltok på ein konferanse for tillitsvalde i dei store boreselskapa som driv i Nordsjøen. Dei teiknar eit dystert bilete av framtida for olje- og gassproduksjonen.

– Dei som jobbar ute på plattformene, er forbanna, seier klubbleiar Harald Hereid i Odfjell Drilling.

Han er medlem i Arbeidarpartiet og er særleg uroa over ordskifte i eige parti.

– Det er motpolar i partiet. Vi har dei som har arbeid i industrien og dei som er mest oppteken av klimaet.

I ei fråsegn ber fagforeiningane Industri Energi på Odfjell, Songa og Transocean med 1600 medlemmer om ein langsiktig politikk. Viss ikkje vil investorane sky norsk oljebransje.

– Ei rask nedbygging av norsk olje- og gassnæring vil redusere skatteinntektene og råke mange av dei 300.000 som direkte eller indirekte jobbar i denne næringa. Følgjene for velferdstilbodet vert dramatiske om inntekta forsvinn, seier Hereid.

Kan omstille, treng tid

Uroa kring olje- og gasspolitikken har spreidd seg til alle arbeidsplassar som er knytt til denne næringa. Klassekampen har vore i kontakt med klubbleiarar i Rogaland og Hordaland, og dei kjem med den same kritikken.

Hos ingeniørselskapet Rosenberg Worleyparson sit klubbleiar Roy Inge Nilsen, også han Ap-medlem.

– Rosenberg starta med å reparere dampskip, så bygde vi dampkjelar før vi gjekk over til å byggje skip. Då oljealderen kom, gjekk det i plattformer. No leverer vi teknisk avanserte installasjonar på havbotnen. Eg er trygg på at vi skal klare å omstille oss på ny, men vi klarer ikkje det om du set ein sluttdato for oljen.

Han kallar nei til konsekvensutgreiing utanfor LoVeSe, slik ti av 15 fylkeslag i Arbeidarpartiet har vedteke, for symbolpolitikk.

– Vi skal jo ikkje bygge ut. Vi skal finne ut følgene av ei eventuell utbygging. Det som uroar meg mest, er den negative haldninga til oljebransjen.

Han seier det ikkje er aktuelt å melde seg ut slik Roar Abrahamsen, leiar i Fellesforbundet Avdeling 5, har gjort.

– Eg klarer ikkje å sjå kva anna parti på venstresida som har ein betre oljepolitikk, seier Nilsen.

Klubbleiar Kværner Stord Amram Hadida er einig.

– Per dags dato er det kompromisset om Lofoten, Vesterålen og Senja som er gjeldande politikk. Om landsmøtet vedtek noko anna får eg vurdere kva eg gjer. No er vår jobb å mobilisere i fagrørsla og Ap for å halde på den politikken vi har, seier Hadida.

Klubbleiar Rune Eriksson på Aibel i Haugesund er framleis Ap-medlem.

– Det er eit skifte på gong. Vi ser framlegg både frå AUF og andre i partiet som skaper uro for den stabiliteten vi treng i oljepolitikken, seier han.

Aibel har 1800 tilsette i Haugesund.

– Det er 1800 familiar. Eg jobbar i Aibel. Det gjer kona, bror min og svigerinna også. Det er ikkje skremselspropaganda. Det er arbeidsplassar som må erstattast av anna verksemd om vi seier nei til olje og gass. Eg håper dei som vil setje ein sluttdato nokre få tiår fram i tid skjøner det.

Oljearbeidaren Julia Kelmendig følger med på diskusjonane og tenker på framtida.

– Eg vurderer å bruka tida på land til å få meg ei ny utdanning medan eg framleis har jobb, men det er jo ikkje det eg ønskjer, seier ho.

gunnarw@klassekampen.no