Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190223/ARTICLE/190229987

• Seier ho vart ekskludert frå Frp fordi ho ville «lufte ukultur» i partiet • Varslar om ulike reglar for kvinner og menn

Teier ikkje

Av Maria Dyrhol Sandvik (tekst og foto), Bamble

Publiseringsdato: Lørdag 23. februar 2019

Seksjon: Politikk

EI KVINNE MED EIN PLAN: – Det morosame er at det kan bli den einaste lista med ei kvinne på topp, seier Vibeke-Emilie Abrahamsen om bygdelista ho vil starte.

UTE: Vibeke-Emilie Abrahamsen i Bamble Frp er ekskludert frå partiet og får ikkje stille til val i heimkommunen. Men ho har ein plan.

Frp

Emilie-Vibeke Abrahamsen har hamna midt i eit politisk kvepsebol.

Det skreiv avisa Varden i Telemark denne veka. Abrahamsen, som fram til nyleg var leiar i Bamble Frp, har fått tilsendt dokument som omtaler varslar i Frp.

Avsendaren er leiaren for Organisasjonsutvalet i Frp, Helge André Njåastad. Han ville ha råd frå Abrahamsen, som på den tida var nær ven og samtalepartnar. No har Njåastad trekt seg frå sine verv i Frp. Abrahamsen er ekskludert frå partiet.

Når Klassekampen treff Abrahamsen heime i Bamble, er ho sliten. Ho fortel at den ukulturen ho har varsla om, handlar om «skitent spel og dårleg organisasjonskultur».

Ifølgje Frp er Abrahamsen ekskludert fordi ho ikkje ville signere ei tausheitserklæring knytt til den sensitive informasjonen ho har fått.

Abrahamsen sjølv seier dette ikkje stemmer. Ho ville skrive under, men ønska samtidig eit møte for å få lufte si uro for det ho omtalar som ein ukultur i Frp. Ho slår fast at ho ikkje har til intensjon å dele noko frå innhaldet i dokumenta ho har fått frå Njåstad. Men ho har gjort seg nokre tankar om metoo-kampanjen som har rysta det politiske Noreg det siste halvanna året.

– Metoo kan vere eit farlig, politisk våpen. Melder du nokon til politiet for valdtekt og du ikkje snakkar sant, kan du bli straffa for det. Metoo kan bli varsla anonymt utan at du treng å stå fram med namn. Du kan seie «eg opplevde dette, det gjeld han, men eg vil ikkje stå fram», seier ho.

FAKTA

Varslar-bråk i Frp:

• Førre veke trekte Frp-topp Helge André Njåstad seg frå sine tillitsverv i partiet, etter at det kom fram at han har delt sensitiv informasjon med partikollega Emilie-Vibeke Abrahamsen i Bamble Frp.

• Informasjonen kom frå handsaming av saker i Frps organisasjonsutval, som Njåstad fram til no har vore leiar for. Organisasjonsutvalet handsamar mellom anna metoo-saker.

• Abrahamsen er i dag ekskludert frå Frp.

– Det seier du etter å ha lest dokumenta du fekk frå Njåstad?

– Nei, det seier eg uavhengig av det, etter å ha sett revyen i norsk politikk det siste halvanna året. Norsk politikk er blitt til ein såpeserie. Eg ønskjer ikkje å bidra til det.

Får ikkje stille

Etter at Njåstad-saka sprakk, har Abrahamsen fått støttande meldingar frå politiske kollegaer i dei andre partia i Bamble sitt kommunestyre. Regionavisa Varden har støtta henne på leiarplass og kalla eksklusjonen «svært underlig».

Meldinga om eksklusjon kom rett før nominasjonsmøtet i Bamble. Difor er ho ikkje nominert til kommunestyret, der ho har vore folkevald i ein periode. Det er ho lei seg for.

– Eg har kjempelyst til å vere lokalpolitikar, og ikkje noko meir enn det. Bamble er ein unik kommune, vi har eit godt samhald mellom partia. Det er ikkje så spisse olbogar her, og eg har likt meg godt.

Abrahamsen, som er utdanna førskulelærar, bestemte seg for å engasjere seg politisk etter at veslesystera overlevde terroråtaket på Utøya den 22. juli 2011. Abrahamsen var sjølv på Sundvollen som pårørande og tok seg av systera, som var medlem i AUF. I den gamle industrikommunen Bamble er det to store parti: Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Abrahamsen valde Frp.

– Frp tok imot meg og sa dei kunne trenge ei direkte dame som meg. Allereie då visste dei at eg er ei som seier ifrå, fortel ho.

– Eg er litt sånn «kjerringa mot straumen».

Kvinnesatsing

I juni 2018 lanserte Frp ei eiga kvinnesatsing. Målet er å skaffe fleire medlemmar og veljarar.

Men trass i ein medlemsvekst på over 3300 medlemmar i 2018, er framleis kun eitt av fire Frp-medlemmar kvinner.

I ein e-post til Klassekampen skriv generalsekretær i Frp, Fredrik Färber, at «Kvinnesatsingen vår pågår som planlagt. Vi har ikke forventet eller planlagt at vi skulle se umiddelbare resultater, og har heller ikke per nå utslag på andelen medlemmer. Vi ligger stabilt på 26-27 prosent».

Abrahamsen trur Frp slit med trekke til seg kvinner fordi menn og kvinner blir møtt på ulik måte i partiet.

– Du ser korleis Frp behandlar kvinner. Det er ulike reglar for kvinner og menn som bryt reglane. Det blir ofte snakk om maktkamp når kvinner er involverte. Når menn gjer noko, blir det feia under teppet. Eg syns det er ein ukultur.

Abrahamsen meiner kvinner internt i Frp ofte ser på kvarandre som konkurrentar.

– Min oppfatning er at det største problemet til kvinner i partiet er at ein for ofte kranglar med kvarandre. Dei vi burde passa oss for, er menn. Men det blir som på ungdomsskolen, jentene mot jentene.

– Kva kan partiet gjere med det?

– Kvinner må ta til å sjå på kvarandre som ein ressurs, ikkje ein trussel. Og godta at nokre kvinner er harde, andre mjuke. I Frp må kvinnene ofte vere harde for å overleve.

For kvotering

I Abrahamsen si tid som leiar i Bamble Frp, har over halvparten av styremedlemmane vore kvinner. Å bygge opp kvinnelege politikarar tek tid, seier ho.

– Når eg har hatt høve til det, har eg prioritert å hjelpe dei som ikkje har vore på talarstolen eller teke ordet i utvalsmøter, med å fremje forslag. Viss du ikkje byggjer opp lokalpolitikarar, blir dei sittande der som stemmekveg.

Når Abrahamsen ser tilbake på tida i lokalpolitikken, ser ho at det ikkje skulle bli enkelt å kome inn som ung kvinne. Godt vaksne menn hadde styrt lokallaget på sin måte og ville halde fram som før.

– Dei såg på meg som brysam. Eg har opplevd at ideane mine er blitt avskrivne, eller at det alltid blir sjekka om ideen verkeleg kjem frå meg. Som om eg ikkje kunne ha kome på noko sjølv. Eg har lært meg å telje til ti.

Sjølv om Frp har eit standpunkt mot kvotering, er Abrahamsen sjølv meir positiv.

– Utan kvotering så trur eg ikkje alle parti ville brydd seg om å få inn damer. No må dei det, for hvis ikkje kan partiet miste posisjonar i ulike råd og utval som krever kjønnsbalanse. Det blir ofte tatt snarvegar, ved at ein set inn ei dame som berre melder fråfall, og så møter det ein mann i staden. Eg syns det er ein hån mot demokratiet.

Ny liste

Per dags dato har alle partiene i Bamble mannleg ordførarkandidat til kommunevalet i haust.

Abrahamsen håper ho kan få gjort noko med det. Etter eksklusjonen fekk ho ein ide: Ho vil starte bygdeliste.

– Det morosame er at det kan bli den einaste lista med ei kvinne på topp.

– Eg tenkte: Korleis ta igjen på den mest rettferdige måten? Jo, gjennom demokratiet. Om eg då ikkje får ein plass i kommunestyret, så er det ikkje fordi Frp har skvisa meg ut, men fordi veljarane i Bamble ikkje har stemt på meg. Det kan eg leve med, smiler ho.

No tek arbeidet til. Abrahamsen treng rundt 250 underskrifter for å få lista godkjent til valet.

– Eg har trua på at det kan gå bra, seier ho.

politikk@klassekampen.no