Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190201/ARTICLE/190209999

• Nesten alt om personalpolitikk sladda i tilbodet frå Go-Ahead • No startar kampen om Bergensbanen

Hemmeleg britisk togtilbod

Av Anne Kari Hinna, Bergen og Kjetil Magne Sørenes, Oslo

Publiseringsdato: Fredag 1. februar 2019

Seksjon: Innenriks

SLADD: I britiske Go-Aheads 247 sider lange tilbod er 245 sider sladda. Informasjonen som er offentleggjort inkluderer ingen talande opplysningar for innhaldet i tilbodet. FAKSIMILE: FRÅ TILBODET, FOTO: ANNIKEN C. MOHR

SLADD: Jernbanedirektoratet held framleis hardt i informasjonen om jernbanekonkurransen. Personalpolitikk er blant hemmelegheitene til Go-Ahead.

JERNBANE

I denne artikkelen mener PFU at Klassekampen har opptrådt kritikkverdig etter 4.13 i Vær Varsom-plakaten: «Feilaktige opplysninger skal rettes og eventuelt beklages snarest mulig». Hele uttalelsen finner du her

Jernbanedirektoratet har ­etter ein lang og omfattande prosess opna noko meir opp for innsyn i tilboda frå dei seks togselskapa som konkurrerte om å operera Trafikkpakke 1 sør.

Det britiske selskapet Go-Ahead vann kampen.

Ein gjennomgang Klassekampen har gjort av Go-Ahead sitt tilbod, viser at berre innhaldsforteikninga på to sider er usladda. Dei andre 245 sidene er alle sladda, enten delvis eller heilt. Mesteparten av sidene er enten heilt eller nesten heilt dekt av svarte sladdar, utan nokre talande opplysningar for innhaldet i Go-Aheads vinnande tilbod.

«Go-Ahead jobber for at toget skal spille en betydelig rolle i kundens liv.» Det er den einaste setninga på side 23 av Go-Aheads 247 sider lange tilbod om å operera toga på Sørlandet og Jæren som er offentleg.

FAKTA

Jernbanekonkurranse:

• Britiske Go-Ahead vann konkurransen om drift av Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen.

• Til finalen gjekk NSB, svenske SJ og Go-Ahead, som vann konkurransen med lågast pris.

• No opnar konkurransen om Bergensbanen (Trafikkpakke 3). Tilbodsfrist er 1. august 2019 med oppstart 13. desember 2020.

• I Trafikkpakke 3 skal kvalitet vektast 60 prosent, og kostnad 40 prosent.

• Kontrakten er på ni år, med høve for å utvida kontrakts­perioden med to år.

– Tomme ord

Andre delar av dokumentet som er skjult, er kring fem av seks sider om personalpolitikk.

Grethe Thorsen, forbundssekretær i Norsk Lokomotivmannsforbund, reagerer på det omfattande hemmeleghaldet.

– Alt som ikkje er sladda, er tomme ord. Dette gir fint lite informasjon om kva dei skal gjera. Det er dårleg, og ein veikskap med anbods­systemet.

Det er reglar i offentleglova og forvaltningslova som opnar for vern av forretningshemmelegheiter, som gir opning for å halda informasjon hemmeleg.

– Alt mogleg rart som kan vera interessant for offentlegheita, kan bli forretningshemmelegheiter, seier Thorsen.

Ho forstår ikkje kva som kan skjula seg bak dei sladda sidene om personalpolitikk.

– Dei har sagt at dei ikkje skal utfordra lønns- og arbeidslivsvilkår. Det er sagt av både departementet, direktoratet og Go-Ahead. Me vil ha med oss rettane frå NSB. Då har me dei fram til hovud­oppgjeret i 2020, seier ho.

Kaffe er svært viktig

På fleire av sidene er det berre sidetalet som har sloppe unna sladden. Men ofte er eit par meir eller mindre intetsigande setningar gjort offentleg.

Side 173 er heilsvart, med unntak av «ivaretar sikker, stabil og robust styring og planlegging av operasjonen på kort og lang sikt». Kven ­eller kva som gjer eller skal gjera dette, er sladda.

På side 34 i det 247 lange tilbodet står det to lesbare ­setningar under tittelen ­«produkter», den eine er: «Produktene vil være av høy kvalitet og med attraktiv innpakning». Det blir ikkje oppgitt kva slags produkt det er snakk om. Men eit stykke ned på sida, under fleire sladda ­liner, kjem kanskje eit hint: «Kaffe er svært viktig for det norske markedet», er den andre setninga.

Ei anna side er beksvart med unntak av to setningar om Go-Aheads ønske om å «freshe opp» profilen til ­Sørlandsbanen og Arendalsbanen. Sørtogets profil skal bli ledsaget «med vertskap av Go-Ahead», for å «vise ­fullstendig åpenhet».

Ikkje berre Go-Ahead

Det er Jernbanedirektoratet som har det endelege ordet om kva som skal sladdast, men innsynsprosessen er gjort i samarbeid med akt­ørane som har komme med ønske om kva som skal hal­dast hemmeleg og som ­Jernbanedirektoratet har tatt stilling til.

– Vår vurdering er framleis at dette er å sjå på som forretningshemmelegheiter, og det kan også personalpolitikk vera, seier kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet Svein Horrisland.

Og det er ikkje berre ­Go-Ahead som vernar om forretningshemmelegheiter, ­tilboda frå alle dei andre ­aktørane som ikkje vann fram i konkurransen er også godt dekte med svarte sladdar.

Go-Ahead hadde ikkje tid til å svare på våre spørsmål før avisa gikk i trykken i går.

annekarih@klassekampen.no

kjetils@klassekampen.no

UNDERSAK

Toget går i Bergen

No startar kampen om å drifta toget mellom ­Bergen og Oslo, og regiontoget Bergen–Voss–­Myrdal og lokaltoget ­Bergen–Arna. Tilbodsfristen er 1. ­august 2019 og oppstart av trafikkpakka er 13. ­desember 2020.


Onsdag til fredag til veka arrangerer Jern­banedirektoratet alle dei prekvalifiserte aktørane til tilbydardagar i Bergen for gjennomgang av ­konkurransegrunnlaget.


Thorleif Berthelsen i Antiprofitørutvalet i Raudt Bergen ønsker opne dører når Jernbanedirektoratet skal informera om konkurransen på Bergensbanen, men har fått nei.


– Me har ikkje fått vita kvar i Bergen det skal vera ­heller. Dette må vera ein demokratisk prosess, når alle dei prekvalifiserte ­tilbydarane er inviterte.


– Kva har offentlegheita med dette å gjera?


– Det er rart at folk ikkje får vita om kven som skal legga inn anbod. Det er mange som brukar toget jamleg. Eg meiner at det er eit grunnleggande prinsipp i at folk skal ha innsyn.


– Dette er eit internt møte, der me vil gå igjennom konkurransen, seier kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet Svein Horrisland.


Han vil ikkje opplysa kva aktørar som har meld si interesse og kjem til å delta.


«Dette må vera ein demokratisk prosess»


THORLEIF BERTHELSEN, RAUDT BERGEN