Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190129/ARTICLE/190129971

• Stordalen tar oppgjer med Google og Facebook • Trur Nordic Choice vil passera 20.000 tilsette

Krev ny nordisk skattemodell

Av Anne Kari Hinna (tekst) og Christopher Olssøn (foto)

Publiseringsdato: Tirsdag 29. januar 2019

Seksjon: Innenriks

UTOLMODIG: Hotelleigar Petter Stordalen og andre hotell må betala store summar til digitale multinasjonale selskap som hotels.com.

KLAR: Han har ikkje tid å venta på EU og meiner landa i Norden må gå i lag om å skattlegga dei multi­nasjonale nett­gigantane. Viss dei ikkje toler det, kan dei heller ikkje drive hos oss, seier ­Petter Stordalen.

rikes tilstand

Han er ein svoren tilhengar av «den skandinaviske samfunnsmodellen», rosar det norske byråkratiet opp i skyene og synst namneskiftet frå Statoil til Equinor var fan­tastisk.

Reiselivskongen Petter Stordalen, står bak hotellgiganten Nordic Choice Hotels og er ifølge magasinet Kapital god for 26 milliardar kroner.

I ein serie intervju møter Klassekampen norske ­næringslivstoppar for ein samtale om kva framtid dei ser for norsk næringsliv og økonomi. Om både moglegheitene og trugslane som ­lurer i horisonten for eiga ­næring og vår felles velstand.

I dette intervjuet tar Stordalen til orde for ein felles nordisk skattemodell for internettgigantar, og ein slutt på forureinande cruiseskip i norske fjordar. Han ønsker debatt om Oljefondets rolle og lovar samstundes fleire tusen nye hotelljobbar i åra som kjem.

FAKTA

Petter Stordalen:

• Født 29. november 1962 i Porsgrunn.

• Hotelleigar, investor og eigedomsutviklar. Står bak hotellkjeda Nordic Choice Hotels med 189 hotell.

• Nordic Choice Hotels har i dag 16.500 tilsette i seks land. Morselskapet heiter Strawberry Hospitality Group AS.

• Med ein formue på 26 milliardar er han Noregs 10. rikaste, ifølge Kapitals liste.

• Har nyleg gått inn i bok­bransjen.

• I serien «rikes tilstand» møter Klassekampen norske ­næringslivstoppar for ein samtale om kva framtida for norsk næringsliv og økonomi.

Ny modell for skatt

Ein ting gir Stordalen hovudbry – som for mange av oss gjer ferieplanlegginga enklare.

– Dei største hotellaktørane i verda er ikkje Hilton, Four Seasons, Marriott og Nordic Choice. Det er hotels.com, ­Expedia, booking.com. Alle desse kjem inn, og det er så enorme verdioverføringar til dei. Eg betalte ingenting til dei for nokre få år sidan. No betalar me om lag 300 millionar, seier han.

I kombinasjon med selskap som Google og Facebook, ­utfordrar dei nye globale ­internettselskapa lønnsemda i heile reiselivsbransjen, ­ifølge Stordalen.

Men dette er eit problem som går langt utover reiselivsbransjen, åtvarar Stordalen.

– Google utfordrar til dømes Schibsted. Før annonserte eg i Schibsteds aviser. No betaler eg 80–100 millionar aleine i Google-klikk. Kor ­mykje trur du Google betalar til fellesskapet? Tenk på eit tal. Veldig nær null.

Google Norway AS hadde ein skattekostnad på tre millionar kroner i 2017.

Stordalen er utolmodig.

– Dette må løysast. Dei tar vekk fundamentet for det mange norske verksemder driv med, inklusiv Nordic Choice. Men dei gir ingenting tilbake til velferdsstaten. Eg er avhengig av velferdsstaten, eg er avhengig av sjukelønnsordninga.

Stordalen meiner det blir gjort altfor lite for å regulera dei nye globale digitale gigantane, sjølv om det står på EUs agenda.

– Norske, svenske og danske myndigheiter seier det er vanskeleg, og ja, det er godt mogleg det er vanskeleg. Men me har faen meg klart å bora etter olje på 4000 meter. Me har klart alt mogleg super­vanskeleg. Å skattlegga desse kan umogleg vera veldig vanskeleg. Sjølv ein jordbær­seljar frå Porsgrunn som har frukt- og grøntkurs og grillkurs, skulle klart å finna ein fornuftig måte å skattlegga dei på, seier han.

Stordalen meiner det vil ta for lang tid å venta på EU.

– Min måte å løysa det på er at kanskje dei nordiske landa skulle sagt at dette utfordrar heile finansieringa av velferdsstaten, og me kjem til å skattlegga med ein harmonisert skattemodell i dei nordiske landa. Det er 25 millionar menneske her. Viss dei ikkje liker det, får dei ikkje driva verksemd her. Du kan skattlegga omsetting. Det er mange måtar å skattlegga på, sjølv om dei klarer å fjerna heile overskottet sitt. Eg veit kor mykje hotels.com og booking.com brukar av tid på dei 200–300 millionane eg betalar dei, nesten ingenting. Dei tar interskandinaviske kundar, og kvar gong personar går inn på sidene som poppar opp, må eg betala 20 prosent. Det sit ­femti karar og drikk Cola i Nevada, og gjer ingenting. Eg skal ­betala hundrevis av millionar til dei. Dette må me løysa. Hadde dei ikkje vore her, ­hadde eg tent 300 millionar meir og betalt meir i skatt. Så enkelt er det.

Provosert over cruisa

Det er ikkje berre konkurransen frå dei multinasjonale internettgigantane som provoserer Stordalen.

Hotellkongen kjøpte seg inn i Hurtigruta AS i 2011, og sit sjølv i styret. Han hissar seg opp over den konkurrerande cruisetrafikken som trafikkerer langs norskekysten og besøker norske fjordar. Mens dei i Hurtigruta har gjort store investeringar for å bli meir klimavennlege, hevdar han det er lite vilje blant dei store cruisa som besøker Noreg å ta tilsvarande grep.

– I Hurtigruta bruker me hundrevis av millionar på å bli meir klimavennleg. Det siste er drivstoff basert på roten fisk. Men til Noreg kjem det gigantiske cruiseskip, med 5000 passasjerar, inn i det beste me har å selja. Dei betalar ikkje fem øre for utsleppa sine. Dei går på den verste driten av drivstoff dei kan gå på. Dei ligg der med dei svære båtane sine i dei vakraste fjordane me har.

– Det skulle ha vore eit forbod mot å gå på forureinande tungolje.

– Me må ha mykje strengare krav til cruiseskipa. Me gir bort indrefileten vår, og berre eit skydekke av drit lèt dei etter seg.

Ein kan ta grep i reiselivet, som å kutta i baconet på hotellfrukosten og spara på handklebruk. Men kva tenker du om tiltak som vil redusera flytrafikken?

– Eg har aldri trudd på at du løyser noko ved å gi folk eit klippekort på å berre fly ti gonger. Forbrukarane kjem til å pressa fram løysingar. Det finst teknologi i dag, og drivstoff i dag som er langt meir klimavennleg ein flybensin. Viss politikarane vil løysa det, så løyser ein det. Det er dyrare. Eg trur også at dei som forureinar må betala for det, så du må få ein skatt på CO2.

Noreg etter olja

– Kan du tenka deg ein ­næringspolitikk som er meir målretta?

– Me må begynna å tenka på kva som skal ta over den dagen olje- og gassverksemda går ut. Me må fasa ut kol og etter kvart olje. Ikkje nødvendigvis fordi det ikkje er meir olje, men for å halda oss under halvanna graders-målet. Eg trur me kan løysa det, eg er optimist. Men det kjem til å kosta ganske mykje pengar.

Stordalen ønsker ein debatt om statlege investeringar i ny næringsverksemd i Noreg.

– Me sit med eit gigantisk oljefond, og ja me sit med ­gigantiske pensjonsutfordringar. Men det bør vera mogleg å sjå på om me skulle legga til rette for om ein skal bruka ein del av det til å investera i ny næringsverksemd i Noreg.

– Så deler av Oljefondet bør investerast i Noreg?

– Eg synst i alle fall at me bør diskutera det. Eg meiner også at statleg eigarskap på ein del område har vore veldig vellykka. Det betyr ikkje at me skal få veldig mange nye statlege eigarar, men det er viktig med statlege finansieringsinstitusjonar. Heile forvaltninga av oljeressursane har vore heilt fantastisk bra handtert. Men me må unngå at Noreg blir eit filialland, kontrollert av utanlandske interesser.

– Statleg eigarskap må vera ein viktig del av norsk ­politikk i framtida?

– Eg meiner det. Ein kan setje spørsmålsteikn ved om å investera i internasjonalt ­store selskap er betre enn å investera i Noreg.

Nye arbeidsplassar

Han meiner myndigheitene må sørga for å regulera aktørar som Airbnb.

– Uregulerte område vil ­automatisk gi ein høg del svart arbeid og svart kapital. Me ser mange semiprofesjonelle aktørar som er der. Dei leiger ikkje ut ei leilegheit, men mange. Plutseleg blir det eit hotell, men det er ikkje ­underlagt nokon reglar. Du har ingen kontroll på det.

– Men vil hotellnæringa ha behov for alle dei tilsette i framtida, eller vil me møta på ein robot?

– Eg vil ha bruk for langt fleire tilsette i framtida. Me har 7700 rom under bygging. Me har enorme investeringar i åra som kjem. Me har behov for fleire menneske, men det blir annleis. Me har alt teknologien for at du kan sjekka inn og ut og betala på mobiltelefonen, og då tenker ein at resepsjonen er overflatisk. Men då får me meir tid til å gjera det me eigentleg ønsker å gjera. Sjå deg, snakka med deg. Det er hotellbransjen. Det meste i hotellbransjen er vanskeleg å automatisera. Viss du trur du kan automatisera reinhald, tar du feil.

– Du ser ikkje føre deg at mange arbeidsplassar ­forsvinn?

– Me er heilt avhengig av at me automatiserer, men me skal ikkje sjå på det som eit problem. Det er ei moglegheit. Me må ha tusen av nye tilsette. Om tre år tippar eg me har passert 20.000 tilsette. Men automatisering har gjort livet betre for mange.

I dag har Nordic Choice kring 16.500 tilsette.

Skatteplanleggar

Stordalen forsvarar skatteplanlegging, innanfor lovas reglar.

Og sjølv om han er glad for at norske myndigheiter har senka selskapsskatten med mål om eit nivå likt landa kring oss, åtvarar han mot eit kappløp mot null.

At utbytteskatten sam­stundes har gått opp, meiner han er eit godt stykke handverk frå byråkratanes side.

– Dette er framifrå arbeid frå byråkratiet, seier han.

Den omstridde formuesskatten er han ikkje så opptatt av, men meiner at for ein del bedrifter slår han ­openbert dårleg ut. Hotell i unoterte aksje­selskap er på si side gunstige skatteobjekt.

– Det er derfor du står oppført i Kapitals oversikt over dei mest formuande med ein større formue enn kva som kjem fram i skattelistene?

– Ja. Skattemessigverdi av Nordic Choice Hospitality Group er kring ein milliard, men om ein tar med gjelda i Strawberry Hospitality Group AS som er morselskapet så er den på 7 millionar. Verdien er openbert mykje større.

Han meiner at skattlegginga i Noreg i det store biletet er bra.

– Eg meiner eigedomsskatt er fornuftig måte å skattlegga på. Men me må retta på dei tinga som openbert er ei utfordring, som formuesskatten, for det er den for ein del menneske, seier han.

Stordalen peiker på Sverige der ein kan børsnotere eit selskap utan at det gir formuesskatt, i motsetning til i Noreg.

Mange selskap har høg marknadsverdi, utan at dei har høg inntening fordi børsnoterte selskap blir prisa på forventa framtidig inntening.

– Det betyr at ein del verksemder vel å ikkje ha verksemda notert på Oslo Børs, men i Stockholm. Det er ikkje bra. Hadde gründerane av Spotify budd i Noreg, hadde dei måtte selja aksjar for å ­betala formuesskatt då dei ikkje kan ta ut pengar frå ­selskapet dei eig sidan dei ikkje tener pengar. Det slepp ein i Sverige.

– Er konklusjonen at han bør fjernast eller endrast?

– Kvifor trur du at eg synst byråkratane er fantastiske? Dette finn dei løysingar på. Det har vore diskutert skatt på arbeidande kapital. Me må ikkje ha skattar som gjer at ein del, særleg innanfor teknologi, har utfordringar. Dei må ha gode føresetnadar i Noreg. Men her snakkar eg ikkje om den sjuke mor mi. Dei to siste åra har eg i alt betalt 20–25 millionar i formuesskatt. Men skatt handlar ikkje om å betala meir eller mindre. Ein skal betala den skatten som er, og den er rimeleg i Noreg. Ein skal skatteplanlegga, men ein må forstå forskjellen på å skatteplanlegga og å flytta til eit skatteparadis.

– Ein skal ikkje vera stolt av å bli nemnt i Panama Papers. No skal eg ikkje nemna namn, men me har enkelte menneske som går ut og forsvarar det. Då har du ikkje forstått korleis den norske modellen fungerer. Du har eigentleg ikkje forstått ein drit.

Står i soloppgangen

Stordalen er optimist for framtida.

– Eg sit i ei næring som eg meiner er ei soloppgangs­næring, nemleg reiseliv. Me kjem til å reisa meir, men eg trur me vil finna teknologiske løysingar som gjer at me kan reisa meir. Eg trur det er vanskeleg å sjå føre seg at ein slik global megatrend som reiseliv er, vil stoppa. Alle flyplassar bygger ut. Alle vekstkurver for flyindustrien framover ­viser at me vil fly meir.

– Er det urovekkande eller bra?

– Slik eg ser det, er det ei ­utfordring som me må løysa, seier han.

For klimaendringane er blant dei største utfordringane verda står overfor i dag, meiner Stordalen, vel vitande om at reiselivet bidrar med sitt til utsleppsveksten.

anneh@klassekampen.no