Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190129/ARTICLE/190129969

Maten

Av ALF SKJESETH

Publiseringsdato: Tirsdag 29. januar 2019

Seksjon: Lederen

• Med nøye planlagt regi og store ressursar i ryggen fekk rapporten om kosthald og matproduksjon frå Eat og helsetidsskriftet Lancet maksimal merksemd då den vart lansert 17. januar. Men sjølv om rapporten samlar kunnskap og reiser viktige spørsmål, gjev den altfor forenkla svar til å leggje avgjerande premiss for landbruks- og matdebatten. Hovudbodskapen om at vi bør ete meir plantebasert mat er utvilsamt riktig, men konklusjonane verkar ekstreme. Rapporten ser ut til å overdrive landbrukets del av klimautsleppa, den har lite blikk for fordelings­problem og viser svak forståing for at nasjonale føresetnader må ligge til grunn for matproduksjonen. Metoden med å skrive ut ein slags global diett som slår fast på grammet kva vi alle bør ete av all slags mat, må vera eit blindspor.

• Vitskapsjournalisten Bjørn Vassnes samlar fleire innvendingar i sin gjennomgang her i avisa sist torsdag. Han meiner at jordsmonn og produksjonsmåtar i landbruket har langt meir å seie for klimaet enn matvanane til folk. Vassnes åtvarar mot moralistiske råd og problematiserer premissen om at vegetarisk kost utan vidare er sunnast og mest miljøvenleg, fordi det framleis er mykje usikker forsking om ernæring. Også det raude kjøtet får stundom ufortent dårleg ord på seg på grunn av overtolking av faglege funn. Ernæringsekspertar har peika på at eit kjøtfritt kosthald har sine problematiske sider. Rapporten tilrår også eit uforståeleg lågt forbruk av fisk.

• Landbrukets folk har vore skeptiske til ein rapport som ved første augekast kan undergrave mjølke- og kjøtproduksjonen som er ryggrad i distriktslandbruket, men det er ingen grunn til å gå i skyttar­gravene. Norsk saue- og storfekjøt blir produsert med så lite antibiotika, så bra dyrehelse og så mykje naturleg grovfôr at det kan gje konkurransefortrinn når helse- og kvalitetskrava blir strengare. Vi kjem ikkje bort frå at storparten av det avgrensa norske jordbruksarealet berre kan nyttast til gras, som må gjennom drøvtyggarane for å bli til mat. Den maten vil Noreg trenge, uansett klimaforhandlingar og meir og mindre treffsikre rapportar.