Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190115/ARTICLE/190119981

• Gir grønt lys til oljeboring trass i åtvaringar • Klare klimaforventingar til KrF og Venstre

Lyttar ikkje til verneråd

Av Anne Kari Hinna og Gunnar Wiederstrøm, Bergen

Publiseringsdato: Tirsdag 15. januar 2019

Seksjon: Innenriks

BORING: Naturvernforbundet er kritisk til at regjeringa ikkje lyttar til miljøfaglege råda. Her borar oljeselskapet Lundin etter olje nord for Nordkapp høsten 2017. FOTO: OLE MAGNUS RAPP

DØVE: Alle miljøfaglege råd som er gitt før utlysing av nye oljeblokker dei fem siste åra, er ignorerte. Det viser ein gjennomgang frå Naturvernforbundet.

OLJE

Naturvernforbundet har gått igjennom 288 råd som Klif (Klima og forurensningsdirektoratet) og Direktoratet for naturforvaltning (som i 2013 blei slått saman til Miljøverndirektoratet) har gitt ved utlysing av oljeblokker på norsk sokkel.

Gjennomgangen bygger på konsesjonar i ordinære konsesjonsrundar og såkalla TFO-ar (tildeling i førehandsdefinerte område) i perioden 2002 til 2017.

Under Erna Solbergs regjering er alle råd brotne, mens 80 prosent av råda blei brotne av Jens Stoltenbergs to raudgrøne regjeringar, og 71 prosent av råda blei brotne av Kjell Magne Bondeviks andre regjering.

Både Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet reagerer på framstillinga frå Naturvernforbundet. Dei peiker på Stortinget.

– Ved tildeling av konsesjonar følger regjeringa dei forvaltningsplanane som er vedtatt av Stortinget, seier statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet.

FAKTA

Konsesjonsrundar:

• Dei nummererte konsesjonsrundane omfattar umodne delar av norsk sokkel og blir som regel lyst ut annakvart år.

• Tildelingar i førehandsdefinerte område (TFO), som omfattar dei modne delane av sokkelen med kjent geologi og god infrastruktur, blir lyst ut kvart år.

• Etter at Olje- og energidepartementet lagar forslag til utlysing av nye blokker, arrangerast det offentleg høyring.

• Det er i denne runden Miljødepartementet og andre organ kjem med innspel.

Peiker på V og KrF

Her tar departementet feil, kontrar leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg.

– At departementet ikkje ser at dei har moglegheit til å ta miljøomsyn undervegs, er oppsiktsvekkande, seier ho.

Ho viser også til at fleire av dei miljøfaglege råda som er gitt i høyringsuttalar, inneheld ny kunnskap samanlikna med forvaltningsplanen. Lundberg er kritisk til at regjeringa ikkje lyttar til miljøfaglege råda.

– Dette er ein oljepolitikk som ikkje heng på greip med måla frå Paris-avtalen. Viss KrF og Venstre meiner alvor med klimaengasjementet sitt, må dei få til ei endring av oljepolitikken, seier ho og viser til at KrF og Venstre i desse dagar er i innspurten av forhandlingar om ei ny regjeringserklæring.

Uvisse om tildeling

Då Venstre gjekk inn i regjeringa, var løftet å lytta til dei miljøfaglege råda i oljetildelingane.

I Jeløya-erklæringa står det: «Ved tildeling av utvinningstillatelser i den pågåande 24. konsesjonsrunden, legge vekt på miljøfaglige råd i eller nær særleg verdifulle område (SVO), medrekna vurdere avgrensingar på boring i oljeførende lag i en større radius rundt Bjørnøya.»

Ved utlysing av nye blokker har regjeringa ignorert alle miljøfaglege råd. Men ved tildelinga av dei siste oljeblokkene, derimot, kan Venstre ha fått gjennomslag for miljøløftet.

Då tildeling ved 24. konsesjonsrunde var klar, fulgte regjeringa 40 prosent av dei miljøfaglege råda som dei fekk. Det blei då tildelt konsesjonar i 47 blokker. I 23 av dei låg det føre miljøfaglege råd om å ikkje gi konsesjon. Det gjorde det også i 14 blokker der det heller ikkje blei tildelt konsesjon, men om det skuldast om ingen av oljeselskap søkte eller om regjeringa ombestemte seg og sa nei etter at Venstre kom i regjering, er uklart.

– Det er heilt umogleg for oss å måla fordi det er unntatt offentlegheit. Det er i dei faktiske utlysingane du ser regjeringas politikk. Det kan henda Venstre har klart å pressa regjeringa, så kan det også vera at oljeselskapa ikkje søkte på dei mest kontroversielle blokkene, seier Lundberg.

Gir miljøfaglege råd

Statssekretær i oljedepartementet Atle Hamar (V) understrekar samstundes at det i 24. konsesjonsrunde blei gjort endringar og lovar endringar når forvaltningsplan for Barentshavet skal reviderast.

– Ved tildeling i 24. konsesjonsrunde blei det gjort endringar rundt Bjørnøya av omsyn til sjøfugl. No skal forvaltningsplanen for Barentshavet revideres i 2020, og då vil det komma endringar. Så får me sjå kva som kjem ut av dei pågåande regjeringsforhandlingane, seier han.

Miljødirektoratet, som ligg under Klima- og miljødepartementet, vil ikkje ha meiningar om regjeringas døve øyrer.

«Vår rolle i disse sakene er å gi miljøfaglige råd. Regjeringen gjør en samlet vurdering av hvilke blokker som skal lyses ut. Vi har ingen kommentarer til regjeringens beslutninger», skriv seksjonsleiar Ingvild Marthinsen i Miljødirektoratets seksjon for petroleumsverksemd.

I høyringsuttalen til 24. konsesjonsrunde 24. juli 2017 skreiv direktoratet:

«Miljødirektoratet fraråder utlysning av 20 blokker innenfor en radius på 100 km fra Bjørnøya basert på ny kunnskap om store miljø- og beredskapsmessige utfordringer i dette området gjennom hele året.»

innenriks@klassekampen.no