Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190108/ARTICLE/190109978

• Rettsmaraton om konsulentpraksis i Aleris • Kan få konsekvensar for norsk arbeidsliv

Vil vinna med EØS-avtalen

Av Anne Kari Hinna, Bergen

Publiseringsdato: Tirsdag 8. januar 2019

Seksjon: Innenriks

60 DAGAR: Måndag går startskotet i rettssaka mellom 24 omsorgsarbeidarar og Aleris Ungplan og BOI, her ved administrerande direktør for Aleris Omsorg Norge, Erik Sandøy.FOTO: TOM HENNING BRATLIE

FRI FLYT: I massesøksmålet mot helsegiganten Aleris blir reglane i EØS-avtalen om fri flyt av teneste og etableringsfridom sentrale.

ARBEIDSLIV

Måndag om ei knapp veke startar rettssaka mellom 24 omsorgsarbeidarar og det private helse- og omsorgsselskapet Aleris Ungplan og Boi AS (AUB) i Oslo tingrett.

Med Fagforbundet (LO) i ryggen har omsorgsarbeidarane saksøkt Aleris. Stridens kjerne er om dei, som har vore knytt til Aleris som sjølvstendig næringsdrivande, eller såkalla konsulentar, reelt sett skulle ha vore arbeidstakarar. Det meiner dei sjølve. Dei krev økonomisk erstatning for blant anna manglande overtidsbetaling, feriepengar og pensjonsopptening.

Eit sentralt moment i saka blir EØS-avtalen.

Det kjem fram i sluttinnlegga, der partane presenterer synet sitt på saka.

Fri flyt av teneste

Aleris sine advokatar kjem til å argumentera for at «saksøkerne er å anse som oppdragstakere i EØS-rettslig forstand».

Sluttinnlegget er ført i pennen av advokat Eirik Edvardsen i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA.

Om saksøkarane blir rekna som arbeidstakarar i norsk rett, vil det utgjera ein ulovleg restriksjon på Aleris sin fridom til å ta imot teneste og etableringsfridommen, argumenterer Edvardsen. Han viser til artikkel 36 og 31 i EØS-avtalen.

I sluttinnlegget skriv Edvardsen at verksemdsmodellen til Aleris Ungplan og Boi i stor grad baserer seg på kjøp av teneste frå oppdragstakarar, fordi dette sikrar naudsynt fleksibilitet i tenestetilbodet til brukarane.

Dersom saksøkarane vinn fram og må reknast som arbeidstakarar, vll det gjera det vanskeleg for Aleris å tilby sine teneste med den verksemdsmodellen dei nyttar i dag.

«Dette utgjør en begrensning på AUBs etableringsfrihet», skriv advokaten.

Store konsekvensar

Advokat Kjetil Edvardsen i Tenden Advokatfirma fører saka for dei 24 omsorgsarbeidarane. I sluttinnlegget han har levert retten, tilbakeviser han at EØS-avtalen er relevant i saka, men viser til rettspraksis i Høgsterett.

Edvardsen skriv at «det norske arbeidstakerbegrepet skal vurderes på bakgrunn av intern norsk rett, og da i tråd med Høyesteretts praksis. Saksøkerne ligger så trygt innenfor ethvert relevant arbeidstakerbegrep både i Norge og i EU at AUBs synspunkt ikke tilfører saken noe av interesse».

Kjetil Edvardsen vil i minst mogleg grad uttala seg om saka utanfor domstolen, men seier at dersom Aleris vinn fram med sitt syn, vil det få konsekvensar langt utover dei 24 omsorgsarbeidarane som har saksøkt Aleris.

– Ja, det vil få store konsekvensar for norsk arbeidsliv. Det er i så tilfelle eit heilt nytt premiss for korleis me ser på arbeidsmiljøloven, seier han.

Peiker på valfridom

Når Oslo tingrett skal ta stilling til om dei 24 omsorgsarbeidarane må reknast som oppdragstakarar etter EØS-retten, argumenterer advokaten til Aleris, må retten legga vekt på blant anna at omsorgsarbeidarane har hatt betydeleg fridom til å velja når, kor og korleis dei skal jobba og at dei har hatt høve til å også ta oppdrag for andre aktørar enn Aleris, noko fleire av dei har gjort.

Omfattande rettssak

Omtrent heile våren går med når saka startar i sal 383 i Oslo tingrett måndag. Fyrst fredag 5. april er siste dag i retten.

Begge partar har lagt fram eit omfattande skriftleg materiale, alle dei tjuefire helsearbeidarane skal møta i retten og ei lang liste med vitne er stilt til disposisjon.

annekarih@klassekampen.no