Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20190107/ARTICLE/190109981

Professor Hans Petter Graver skriv om historia til den kommissariske høgsteretten under okkupasjonen.

Rettar i rettshistoria

Av Guri Kulås

Publiseringsdato: Mandag 7. januar 2019

Seksjon: Kultur og medier

EIN DØMD DOMSTOL: Høgsterett under okkupasjonen frå venstre E. Aslaksen, A.J.B. Vasbotten, J.A. Mohr (justitiarius), L.R. Konstad, G.C. Selmer. FOTO: NTB SCANPIX

NS-dommarane i Høgsterett er stempla som politiske lakeiar, men ei ny bok finn at dei var meir bundne til rettstradisjonen.

BØKER

– Vi må seia at bildet vi har hatt av Høgsterett under okkupasjonen har vore heilt feil, seier jusprofessor Hans Petter Graver.

I morgon lanserer han boka «Okkupasjonstidens Høyesterett», eit nybrottsarbeid om den mest tabubelagde institusjonen i norsk rettshistorie: Kommissarisk høgsterett (1941–1945). Domstolen vart plukka ut av NS-minister Sverre Riisnæs og godkjent av det tyske Rikskommissariatet, etter at Høgsterett hadde forlate stillingane sine veslejulaftan 1940. Det skjedde etter strid om vår øvste domstols sjølvstende frå politiske styremakter.

FAKTA

«Okkupasjonstidens Høyesterett»:

• Ny bok av jussprofessor Hans Petter Graver, gitt ut på Pax forlag.

• Boka teiknar eit heilt nytt bilde av den kommissariske høgsteretten. Sakstatistikk og dommar viser stor kontinuitet i Høgsteretts arbeid, og at den NS-utplukka domstolen i liten dømde politisk.

• Retten var likevel ein støttespelar for regimet.

Varg i veum

– Høgsteretts avgang vart sett på som heroisk. Det var også ei svært viktig symbolhandling, fordi ho vart tolka som ei legitimering av motstanden mot NS-styret og o­k­ku­pasjons­­makta, seier Graver.

Då ei dryg handfull juristar lét seg overtala til å ta over Høgsterett i januar 1941, vart deira val difor vurdert som grovt landssvik. Noko som etter krigen spegla seg i harde landssvikdommar.

– Ved å øva landssvik i sjølvaste Høgsterett, utfordra dommarane så sentrale verdiar for juristar at deira inntog kan jamførast med ei vanhelging av heilagdom – «varg i veum».

Graver meiner dette langt på veg forklarar kvifor juristar har vist så sterk motvilje mot å granska epoken frå 1941 til 1945. Så seint som 60 år etter krigsslutt vart det rabalder, då historikar Erling Sandmo ville ta med eit kapittel om kommissarisk høgsterett i «Høyesteretts historie». Høgsteretts representant trekte seg frå redaksjonskomiteen, kravde at prosjektet skulle avsluttast og at Justisdepartementet måtte stoppa finansieringa.

Utradert frå historia

I rettstradisjonen er dei fire og eit halvt åra med kommissarisk høgsterett utraderte. Høgsterett har i etterkrigstida sett bort frå dommane til det som har vore stempla som ein illegitim og ufri domstol.

Dette juridiske grunnsynet vart òg stadfesta av Erling Sandmo, då «Høyesteretts historie» kom ut i 2007. Graver, som sjølv har skrive boka «Dommernes krig» om dei lågare rettsinstansane under okkupasjonen, trudde heller ikkje at det var meir å seia om kommissarisk høgsterett.

Det var før han gjekk til arkiva og, truleg som den første, sette saman informasjonen frå blant anna Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk Retstidende.

– Sandmo gjev eit balansert bilde av domstolens konkrete arbeid, men – til liks med alle andre – tar han feil når han hevdar at høgsterett vart redusert til ein straffedomstol og elles boikotta av advokatar og gode nordmenn. Statistikken motseier denne framstillinga.

Stor kontinuitet

Tala på og fordelinga av saker gjev bilde av ein regulær domstol for sivile- og straffesaker. Ei jamføring av åra 1937–40 og 1941–44 viser at mengda av så vel sivile saker som straffe­saker var stabil. Graver finn ein høgare restanse enn normalt, altså saker som ikkje er handsama, men meiner dette kan ha prosaiske forklaringar.

Justisminister Riisnæs klarte aldri å fylla alle dommarstillingane som vart «ledige» i 1940, fordi dommarar nekta å stilla seg til disposisjon. Arbeidsbøra vart stor på eit lite dommarkollegium som dessutan alle var nye i jobben.

Korleis dømde så desse mennene, som alle minus ein var NS-medlemmar og som hadde takka ja til stillingar deira kollegaer hadde funne konstitusjonelt illegitime?

– Dommane viser at dei oppfatta dommarrolla på alminneleg vis, som tolkar av gjeldande lov, og dei bygde vidare på tidlegare høgsterettsarbeid.

Blant NS-dommarane fanst det dei som var meir entusiastiske støttespelarar for regimet enn andre. Det galdt blant andre justitiarius Jacob Andreas Mohr og Arnvid Vasbotten, som gjorde mykje utgreiingsarbeid for NS-justisdepartementet. Vasbotten var også inspirert og imponert av den lovutviklinga som leiande tyske, nasjonalsosialistiske juristar hadde stått bak.

Trass i dette, finn Graver få spor av nazifisering og antisemittisme i domsavgjerdene, med nokre tydelege unntak, som alt er kjende og som han gjer greie for i boka. Hovuddelen av sakene var då også trivielle, og galdt slikt som arvetvistar og trafikkulukker, medan mange av dei politiske rettssakene vart førte for særdomstolane, som okkupantmakta oppretta etter mønster frå Tyskland.

– Etterkrigstidas ideologiske tolking av domstolspraksisen må sjåast i lys av sviket til dommarane, seier Graver, som nyttar omgrepet Høgsterett under okkupasjonen, i staden for kommissarisk høgsterett (med liten h), for å letta ein meir nøktern analyse av temaet.

For lite politiske

Boka «Høyesterett under okkupasjonen» går inn i eit større, internasjonalt forskings­arbeid som Hans Petter Graver er med på, der hovud­målet er å granska om den lange, vestlege rettstradisjonen kan forklara forholdet mellom politisk makt og domstolar i dagens europeiske rettsstatar. Det norske, historiske dømet stør ein slik hypotese om «jusens karakter», som Hans Petter Graver kallar det:

– Motsett av i andre okkuperte land vart dei norske høgsterettsdommarane skifta ut medan domstolen bestod. Det gjev oss høve til å studera tydinga av institusjonen opp mot menneska som fyller han. I dette tilfelle er tradisjonen sterkare enn individa.

Graver nyttar omgrepet «stiavhengighet», henta frå institusjonsteorien, for å forklara styrken i tradisjonen.

I Høgsterett under okkupasjonen fungerte respekten for tradisjonen og stiavhengigheita som eit vern mot politisering av domstolen, men Graver minner om at det også finst ei anna side av saka.

– Domstolen kjem ikkje unna at han må følgja lovene dei politiske styresmaktene til ei kvar tid lagar. Her hadde sjølvsagt nazistane full kontroll, og om dei ikkje gjekk tvers gjennom Høgsterett, kunne dei lett gå rundt han. Slik viser Høgsterett under okkupasjonen både styrken og svakheita ved rettstradisjonen.

NS og okkupasjonsmakta hadde altså ikkje bruk for ein provoserande eksplisitt politisk høgsterett, men ville ha ein «uavhengig» domstol som spela på lag med NS-styret.

Graver skriv i boka at Høgsterett under okkupasjonen ikkje handla politisk på det viset ettertida har meint. Hovudproblemet var snarare at dommarane var for lite politiske då det verkeleg galdt. Dette viste seg i 1942, med aksepten av Quislings «Stats­akten»; seremonien der Quisling tok tittelen ministerpresident og kravde seg både makta i Grunnlova og kontroll over henne, samstundes som dei kommissariske statsrådane vart ei nasjonal regjering i namnet.

– Det er ei generell utfordring for dommarar, at dei har lett for å utøva yrket sitt med faglege skylappar. Det var likevel meir enn naivt å vurdera statsakta som ein juridisk teknikalitet, utan å sjå den politiske konteksten handlinga vart brukt i. Det var ei grunnleggjande politisk handling dommarane utførte, då dei i realiteten aksepterte statskupp.

Handsaminga av statsakta var då også hovudpunktet i landssviktiltalane ved sida av det faktum at dommarane i det heile hadde takka ja til embeta.

guri.kulaas@klassekampen.no