Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181210/PLUSS/181219992

Å krevje at alle skal handhelse på kvinner, har lite med likestilling å gjere.

Kroppen som knute

Av Stephen J. Walton,
professor ved Universitetet i Søraust-Noreg, Bø

Publiseringsdato: Mandag 10. desember 2018

Seksjon: Feminist javisst

NYTT FENOMEN: Vi har lett for å gløyme at også sekulære samfunn sine grenser for kroppskontakt er skiftande – til dømes er det ikkje lenge sidan menn tok til å klemme kvarandre oftare. Her klemmer Jeremy Corbyn ein kandidat på Labour sitt landsmøte i år. FOTO: ANNIKEN C. MOHR

Dei siste dagane har historia om lærarassistenten i Oslo vore tilbake i media. Den mannlege lærarassisten vart sagt opp av barneskulen han jobba på fordi han ikkje ville handhelse på kvinner. Årsaka til dette låg i religionen hans, eller iallfall i den måten han tolka religionen sin på. Mannen klaga til Diskrimineringsnemnda, som konkluderte med at han vart skilnadsbehandla – men at skilnadsbehandlinga var sakleg, naudsynt og høveleg, ifølgje referatet her i avisa sist tysdag.

Eg veit ikkje meir om denne saka enn det eg les i avisene, men ho opnar for ein del generelle refleksjonar kring dei kulturmøta som føregår i fleirkulturelle samfunn som det norske. Meir konkret viser ho kor kort ein kjem med det stadig gjentekne ropet om at fleirtalskulturen må kunne «stille krav» til minoritetane. I eit demokratisk samfunn som praktiserer likeverd, må begge sider kunne stille krav til kvarandre, og samtidig prøve å leve seg inn i situasjonen til dei andre.

Mannen hadde sikkert gjort livet enklare for seg sjølv ved å handhelse på kvinner, iallfall dersom ein held seg innanfor den sekulære forståingshorisonten som eg og mange andre i dette samfunnet lever i. Som religiøs person ville han derimot ha fått det vondt på andre måtar. Eg deler korkje trua hans eller dei kulturelle oppfatningane som synest å gå ut frå denne trua, men eg og vi må akseptere at folk trur på ting som vi meiner er merkelege, og kanskje også prøve å forstå samanhengen i dei. Samtidig må vi skilje mellom rettar om skikkar.

Kroppen er eit sårbart felt i alle kulturar, og eit nevrologisk knutepunkt for kulturkonfliktar. Skikkane i ein kultur kan såleis lett kome i konflikt med det ein annan kultur oppfattar som rettar. Rettane er nedfelte i lovgivinga, og i mellomfolkelege avtalar, som Menneskerettserklæringa som set ein universell standard. Der skikkar kjem i konflikt med rettane, må skikkane sjølvsagt heilt enkelt vike. Unge menneske har til dømes ein rett til å bli verna mot kjønnslemlesting. Alle menneske uansett kjønn har den same retten til å bli behandla likt.

I arbeidslivet er ein konsekvens av dette at alle kundar, elevar, pasientar eller kven det måtte vere, skal behandlast med den same respekten og vørdnaden. I vår kultur uttrykkjer vi dette med andre ord ofte med eit handtrykk. I andre kulturar har dei andre måtar å uttrykkje respekt på. Ein kan seie at retten til lik behandling blir vareteken gjennom det at ein viser respekt. Den konkrete utforminga av respekten er ein skikk. Respekt er ein menneskerett, eit handtrykk er ikkje det.

Samfunnet vårt endrar seg raskt, såleis også grensene for kva typar kroppskontakt som kjennest intim, eller meir eller mindre akseptabel. Både reising og avstigmatiseringa av homoseksualiteten har gjort at menn klemmar kvarandre oftare og meir intenst enn for tretti år sidan. Her er handtrykket faktisk blitt avløyst av ein annan type kroppskontakt. Den norske klemmen medfører helst at ein pressar høgrekinnet mot høgrekinnet til motparten, særleg dersom begge er menn som vil ta seg ut som hetero. Kyss på kinnet med munnen skjer fortrinnsvis mellom kvinner, menn og kvinner, og mellom menn som ikkje er redde for å bli oppfatta som homo. Dette siste eksempelet peiker dessutan i retning av elefanten i rommet, nemleg at det er ein gigantisk myte at fleirtalsbefolkninga til kvar tid helsar likt på menn og kvinner i Noreg. Det er det få som gjer. Og det er for så vidt heller ikkje eingong slik at mindreårige gutar har det same vernet mot kjønnslemlesting som jenter har, all den tid som vi tillèt religiøs omskjering.

I eit terreng der likskapen faktisk blir praktisert nokså selektivt i det norske samfunnet, har det å krevje av ein lærarassistent at han skal helse på alle på nøyaktig same måte pent lite med likestilling å gjere. Det er heller ei oppvising i etnisk og kulturell dominans som gjer oss alle litt dummare. Det går inn i den same diskursen som at «i Danmark et vi svinekjøt».

Dette imaginære «vi-et» er eit forsøk på å røyve til seg eit hegemoni, og siktemålet er å ekskludere. Slik kan og bør vi ikkje ha det, og da meiner eg «vi». Grunnen til at det er bra med innvandring, er at den gir oss alle ei mogelegheit til å lære om dei andre, men også til å skilje mellom det som er viktig for oss, og det som ikkje er det. Gjennom slike prosessar veks vi i vit og i solidaritet.

stephen.j.walton@usn.no

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.