Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181207/PLUSS/181209922

Vil Stortinget utfordre Bent Høie om sjukehusgiganten i Oslo?

Slott over slott

Av Alf Skjeseth

Publiseringsdato: Fredag 7. desember 2018

«Slot over slot sig bygger», seier Peer Gynt i yr og forvilla tilstand, skal vi tru Henrik Ibsen. Det er som ei profetisk skildring av gigantomanien som pregar landets største sjukehusprosjekt, utbyggjingsplanen for Oslo Universitetssjukehus (OUS). Som eit helsepolitisk Titanic seglar det gjennom natta med fullt trykk i kjelane, og ingen skal seie at folka på brua ikkje blir åtvara.

Bent Høie har vore helseminister frå Høgre sidan regjeringsskiftet i 2013, og det er rimeleg at fagstatsråden år etter år blir kåra til den mektigaste personen i Helse-Norge. Verre er det at han held handa over sjiktet som er nesten like mektig, men som i motsetning til Høie ikkje står politisk til ansvar: Direktørsjiktet i det svulmande byråkratiet som har styringa av sjukehussektoren.

I går ettermiddag var det styremøte ved Oslo Universitetssjukehus, og neste veke er det styremøte i Helse Sør-Øst, helseføretaket som OUS er del av. Alt tyder på at desse møta mest er rundingsbøyer i den ugjennomtrengelege prosessen mot byggeprosjekt som nær sagt alle fagfolk åtvarar mot.

Det mest omstridde er planen om å leggje ned det store, tradisjonsrike og i hovudsak velfungerande Ullevål sjukehus. Somme kjem truleg til å berike seg grovt på den attraktive tomta, medan det blir byggjing av skyskraparsjukehus på Gaustad vegg i vegg med Rikshospitalet. Det skal også bli opprusting av Radiumhospitalet, og ikkje minst kjem eit nytt fullverdig Aker sjukehus.

Dette har brei støtte etter det legendariske feilgrepet det var å leggje ned Aker som lokalsjukehus, men Aker blir paradoksalt nok brukt som gissel for å tvinge gjennom nedleggjing av Ullevål. Høie har sagt at Aker står i fare dersom planen om avvikle Ullevål kjem i spel, og Oslo Arbeidarparti vil ikkje ha nye utgreiingar om Ullevål av frykt for å forsinke Aker-prosjektet.

Styrerepresentantar for dei tilsette har i årevis varsla at planen blir eit pengesluk, medan kapasiteten kjem til å bli sprengt før dei nye sjukehusa står ferdig. Ei rekke fagforbund og foreiningar reagerer. Det gjer også det sentrale arbeidsmiljøutvalet ved OUS.

Ein gjennomgangsmelodi er at synspunkta frå dei tilsette blir overhøyrt og at deira medverknad er illusorisk. Det springande punktet for dei fleste er at planen om å leggje ned Ullevål er forhasta.

Legen Ivar Følling skriv i Dagsavisen om overordna problem i sjukehusstyringa. Han meiner det er altfor stor avstand mellom klinikk og leiing, og at det er bygd opp maktstrukturar «med tvungen lojalitet oppover. Man krever enighet og lydighet, og det blir manglende gehør for meninger fra dem som har den største medisinske kompetansen». Han meiner sjukehusplanen i Oslo er eit skoleeksempel på dette, og at det hastar med å stoppe den.

Raudts Bjørnar Moxnes er blant dei få sentrale politikarane som verkeleg engasjerer seg i saka. Saman med SV og Senterpartiet har Raudt bedt Stortinget gripe inn og sørge for ny utgreiing av Ullevål-tomta. Moxnes kallar gigantsjukehuset på Gaustad ein skandale før det blir bygd og ber om støtte frå Arbeidarpartiet. Det vil han neppe få, for passiviteten til Ap – som hadde hovudansvaret for nedleggjinga av Aker – er slåande.

For å overprøve Bent Høie i Stortinget treng motstanden støtte frå både Ap og minst eitt av dei borgarlege partia. KrF sit med nøkkelen i regjeringsforhandlingane, men ingenting tyder på at dette blir kampsak for partiet.

Framstegspartiet i Oslo er blant dei sterkaste kritikarane av sjukehusplanen. Her har Carl I. Hagen sjansen til å nytte sitt parlamentariske comeback til noko vesentleg.

alfs@klassekampen.no