Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181205/PLUSS/181209857

Europeisk banning kan delast i to hovudtypar: Protestantisk og katolsk.

Bannekulturar

Av Sylfest Lomheim,
professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder

Publiseringsdato: Onsdag 5. desember 2018

Seksjon: Språket

NATTVERDSBRØD: Det drit eg i. Seier dei på spansk.

Ordet advent er det ‘tilkomande’ og peikar fram mot jula, årets store høgtid. Ikkje for å vera respektlaus, men i advent kan det vera på sin plass å skriva om banning. For å letta på skuldkjensla til dei som slepper ut litt over snittet sterke ord i mørke stunder. For ta det med ro; truleg er banning, som språkbruk, like gamalt som språket sjølv. Det er funne banning i tre tusen år gamle hieroglyf-tekstar. Dessutan er banning absolutt eit interessant fenomen; me har ulike bannekulturar på jorda. Ta bloody you! På norsk fungerer ‘blodig’ slett ikkje som oversetting; me må seia noko slikt som jævla idiot.

Det finst to hovudområde for bannord – religion og kjønn (medrekna opninga for avføring). Ganske logisk, for bannord er knytt til det som er tabu å snakka om. Norsk banning er i hovudsak religiøst fundert: Jøsses er Jesus, helvete er det norrøne ordet for dødsrike, djævel er gresk diabolus (‘den som splittar’), satan er hebraisk (‘motstandar’), fan og faen er forkorting for fanden, som igjen kjem frå norrønt fjanndinn. Og dét ordet er frekvent nytta i moderne norsk som ‘fienden’. Satan og fanden står altså nær kvarandre i meining. Skilnaden er at fan(den) er heimeavla, satan er hebraisk. Kjønnsbanning finst litt av (til dømes fitte og kuk), men slik banning står ikkje så sentralt hos oss.

Gå derimot til engelsk/amerikansk! Der er det tabuord frå kjønn og avføring som rår grunnen. Fuck you! Suck the cool wind out of my ass! Up your ass-hole! Shithead! Det religiøse blir nærmast berre brukt som krydder: Jesus creeping shit!

Fransk banning har òg ‘amerikansk’ stil. Merde tyder ‘skit; drit’, og con/conne er det kvinnelege kjønnsorganet, jamfør cunt på engelsk. Putain er ‘hore’. Uttalen av det bannordet ligg forresten faretruande nær det russiske namnet Putin.

Den mest raffinerte og rikaste banninga finn me i spansk og italiensk. Der blandar dei religion, kjønn, familie. La fregna di tua sorella (italiensk) er ‘fitta til søstera di’, me cago en la hostia (spansk) er ‘eg drit i nattverdsbrødet’.

Nordens store banneforskar er svensken Magnus Ljung, og han meiner ein kan dela europeisk banning i to hovudtypar: ein nordleg protestantisk og ein sørleg katolsk. Den nordlege er meir reinhårig, med hovudfokus på aksen himmel/helvete, den sørlege er meir drit og knulling.

Arthur Arntzen tok i si tid banning til høgder; han serverte denne meldinga, sendt til it-service: Æ skuill fan økki ha rævkjørt dokker, hælvetes utvrengte fette av nån hestkuka. Kom fan ikkje hit å lur mainnskit på folk og fortæll kor æ ska trøkke, din satans gjeddpeis!

Ein god bodskap (evangelium på gresk) til alle som slit med frustrasjon i førjulstida: Det hjelper å banna. Ei engelsk forskingsgruppe i psykologi la for nokre år sidan fram utvitydige funn. Personar som bannar, toler meir smerte enn dei som ikkje bannar. Neste gong du får ein spikar gjennom fingeren eller brenner deg på eit stearinlys, så fyr laus. Det hjelper.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Kjønnsbanning finst litt av, men står ikkje så sentralt hos oss»