Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181204/PLUSS/181209829

Bankeigarskap

Av Roman Eliassen,
samfunnsøkonom, Manifest Tankesmie

Publiseringsdato: Tirsdag 4. desember 2018

Seksjon: Eksperten svarer

REDDA: Bank of America fekk ein av dei største redningspakkane etter finanskrisa i 2008, men vart ikkje nasjonalisert. 8FOTO: EMMANUEL DUNAND, AFP/NTB SCANPIX

Statar har nasjonalisert bankar etter finanskriser, for så å selje dei igjen. Kvifor ikkje behalde dei?

Under bankkrisa i Noreg i 1991 nasjonaliserte me DNB, Fokus Bank og Kredittkassen. Aksjonærane vart nulla: Dei fekk ingen vinst frå denne operasjonen. Seinare privatiserte me bankane att, og staten fekk ein vinst. USA handsama finanskrisa i 2008 på eit litt anna vis: Staten gav store redningspakker til bankane utan å verte eigarar. Men kva er argumentet for at bankar under normale omstende bør vere privat, og ikkje offentleg, eigde?

Det kan vere teoretiske grunnar til det. Marknaden sørger for at pengane hamnar der dei er mest etterspurde, kompetente folk vurderer utlån basert på risiko og avkasting, og banken er avhengig av at utlåna går til lønsame formål for å overleve. Effektivitet gjennom desentraliserte avgjerder i marknaden, altså.

Prinsipielt kan ein seie at det er marknaden som har oppgåva å yte kreditt. Men bankar gjer òg andre ting, som å halde innskot og sørge for betalingar. Det er ingen openberr grunn til at desse oppgåvene skal vere private.

Om det kjem signal om at bankane vil nasjonaliserast, kan det verte kaos i marknaden. Men det er eit problem i ein overgang, ikkje eit prinsipielt problem.

Offentlege bankar har nokre fordeler. Sidan dei ikkje må maksimere profitt for eigarane, kan det verte billigare å låne. Ein kan òg sørge for at pengane til innskytarane finansierer prosjekt i tråd med demokratisk vedtekne interesser. Men her er det òg ei nedside: Offentlege bankar kan verte gjenstand for politisk prestisje og mislykka prioriteringar.

Men mislykka prioriteringar skjer òg i private bankar. Det meste av utlåna går til bustadar, og ikkje til produktiv næringsutvikling. Det gjev «økonomisk forureining» i form av høg gjeld og høge prisar på bustader.

Så framt offentleg eigde bankar er kompetente i å vurdere risiko og kredittillit, kan dei fungere like bra. Med mindre ein antar at offentleg tilsette er dårlegare enn private tilsette, er det vanskeleg å sjå eit stort problem her.

Eg har vanskar for å sjå noko avgjerande argument mot eit offentleg bankstell. Men det er ikkje sikkert det løyser noko problem å nasjonalisere. Me treng å styre verksemda til bankane meir enn me gjer i dag, slik at utlåna i det heile vert meir samfunnsnyttige. Men det kan me gjere utan å nasjonalisere bankane.

Likevel er det gode grunnar til å ha ein større statsbanksektor som kan løyse oppgåver det private bankstellet ikkje gjer, eller gjer dårleg, i dag.

roman.eliassen@gmail.com