Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181204/ARTICLE/181209988

Det er raudgrønt fleirtal i dei fleste store byane, trass dårlege målingar for Ap:

Held på storbymakta

Av Maria Dyrhol Sandvik og Kjetil Magne Sørenes

Publiseringsdato: Tirsdag 4. desember 2018

Seksjon: Innenriks

MYKJE RAUDT: Det kan bli Ap-ordførar i sju av ti storbykommunar etter kommunevalet i 2019, dersom partisamarbeida held fram som i dag. I Sandnes styrer Ap saman med Frp, med ordførar frå Ap. FOTO: NTB SCANPIX, JARVIN (WIKIPEDIA COMMONS) OG Siri Anne Bjørnbakken (BÆRUM KOMMUNE)

RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.

kommune­valet 2019

Trass i kriseår for Ap med metoo og tilbakegang på fleire målingar, ligg det an til storby-storeslem for Ap i kommunevalet 2019. Det viser Poll of polls samanstilling av dei siste lokale meiningsmålingane.

Tala for dei mest folkerike kommunane i Noreg viser at Ap ligg an til å vinne ordførarmakta i sju av ti kommunar, gitt at dagens samarbeidskonstellasjonar blir ståande etter valet.

Med eit tilsvarande valresultat held Ap på makta i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Fredrikstad, Sandnes (der Ap styrer saman med Frp) og vinn i tillegg makta i Drammen.

FAKTA

Kommuneval 2019:

• Ap ligg an til å vinne ordførarmakta i sju av ti storbykommunar, gitt at dagens samarbeidskonstellasjonar blir ståande etter valet. Dermed held Ap på makta i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Fredrikstad, Sandnes (der Ap styrer saman med Frp) og vinn i tillegg makta i Drammen.

• Utgangspunktet er Poll of Polls si samanstilling av dei siste lokale målingane.

• I går skreiv Klassekampen at det ligg an til raudgrønt fleirtal i Bergen.

«Ikkje noko alternativ»

I går skreiv Klassekampen om raudgrønt fleirtal i Bergen etter ei måling gjort av Respons analyse på oppdrag frå SV. Fleirtalet kjem først og fremst av veksten til SV og Raudt, som går kraftig fram, høvesvis 3,7 prosentpoeng til 10, 7 prosent, og 3,1 prosentpoeng til 5,4 prosent, frå valet i 2015. Ap mister heile åtte mandat i bystyret og går ned 11, 5 prosentpoeng til 26,3 prosent.

Byrådspartia, Ap, KrF og Venstre, er langt frå fleirtalet dei tre partia fekk saman med SV ved førre kommuneval. Derimot får dei raudgrøne partia Ap, SV, Raudt, Sp og MDG fleirtal til saman. Difor bad SV i gårsdagens Klassekampen Ap om å gløyme sentrum og sjå til venstre før kommunevalet neste år.

Rune Bakervik, som er Ap sin gruppeleiar i Bergen bystyre, sa i går at Ap går til val på dagens samarbeidskonstellasjon med Venstre og KrF, men at partiet berre vil utelukke å samarbeide med Høgre og Frp. Han la til at Høgre har rota det så til for seg sjølve i Bergen at det «ikke finnes noe styringsdyktig alternativ» på høgre­sida.

Fest og fyrverkeri

Bakervik får støtte frå Ap sin ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen. Ho er innstilt som Ap sin byrådsleiar før neste val etter at noverande byrådsleiar Harald Schelderup varsla at han ikkje tek attval.

Persen meiner bybanebråk og kontroversane frå førre Høgre-byråd i Bergen, som styrte fram til 2015, heng ved partiet sine frontfigurar før valet i 2019.

– Både byrådsleiarkandidat Harald Victor Hove og ordførarkandidat Hilde Onarheim er assosierte med kaoset frå førre gong Høgre styrte, då dei først avskaffa eigedomsskatten med fest og fyrverkeri, før dei måtte innføre den igjen på dobbelt nivå, seier Persen til Klassekampen.

Ho legg til at ho trur folk i Bergen er godt nøgde med dagens byråd.

– Målinga som Klassekampen skreiv om i går, viser at byrådspartia går tilbake. Ap taper åtte mandat i bystyret og har berre fleirtal saman med SV, Raudt, MDG og Sp?

– Ved førre val gjorde Ap eit historisk godt val. Eg ventar ikkje like godt resultat neste gong. Men eg opplever at folk er nøgde med dagens kurs.

Til det svarar Høgres Harald Victor Hove at dersom Ap/sentrum-byrådet i Bergen skulle hatt ein Facebook-status, måtte det blitt «It’s complicated».

– Kaos i førre Høgre-periode kjem ikkje til å redde Marte Mjøs Persen i neste kommuneval. Som Klassekampen skreiv i går, er det ikkje avklart kven som skal styre saman med Ap dersom dagens byråd ikkje får fleirtal, seier Hove.

– I så fall må SV og Raudt – som har blitt store – akseptere eit mindretalsbyråd med Ap, Venstre og KrF.

Høgre-floke i nord

I Tromsø ligg det an til å bli svært jamt. Ei siste måling gjort av Infact for avisa Nordlys, gjev knapt raudgrønt fleirtal. Førre veke vart det klart at Høgre sin ordførarkandidat Jens Johan Hjort trekk seg etter internt bråk. Bakgrunnen var ifølge NTB at Frp har stilt ultimatum til Høgre om å vrake bompengar, noko Hjort nekta å finna seg i.

På spørsmål om striden på borgarleg fløy har skada oppslutninga til høgresida i Tromsø, seier ordførarkandidat for Ap Gunnar Wilhelmsen til Klassekampen at:

– Lat meg svare slik: Eg nektar i alle fall å tru at det har skada oss.

Wilhelmsen fortel at han er lei for at Hjorth har trekt seg som ordførarkandidat for Høgre i Tromsø.

– Eg beklagar det og hadde sett fram til ein artig og spanande valkamp, seier han.

I dag styrer Ap saman med SV og Raudt i Tromsø. Wilhelmsen ser bompengeultimatumet til Tromsø Frp som ei floke det blir utfordrande for dei borgarlege å løyse.

– Eg ser ikkje korleis dei skal greie det, seier Wilhelmsen.

politikk@klassekampen.no