Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181203/PLUSS/181209824

Kvifor er det så vanskeleg å sjå føre seg ei «valdskvinne»?

Når menn blir offer

Av Kristina Leganger Iversen,
forfattar

Publiseringsdato: Mandag 3. desember 2018

Seksjon: Feminist javisst

TEIER: Menn som er utsette for grov partnarvald, fortel ofte ikkje hjelpeapparatet om røynslene sine fordi dei er redde for ikkje å bli trudd, skriv Kristina Leganger Iversen. FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX

Ein dag tidlegare i haust gjekk eg nedover ringvegen då noko oppsiktsvekkande skjedde kanskje 40 meter framfor meg: Ein person gjekk til åtak på kjærasten sin på fortauet, heldt kjærasten fast i øyret med ei hand og slo i ansiktet med den andre. Det var skrik og jammer før mannen fekk slite seg laus og sprang bort frå kvinna som stod skrikande igjen. Etter kvart gjekk ho eit par skritt tilbake, plukka opp noko frå bakken, det eg etter kvart forstod var dei mista nøklane som var utgangspunktet for valdsreaksjonen, medan han jogga bort frå henne. «Kom tilbake», skreik ho. «Ikkje når du er slik», svarte han. «Eg orkar ikkje vere saman med ei slik gangsterdame.»

Det heile var over på ein blunk, og mannen forsvann omkring eit hjørne før nokon fekk brote inn. Det var ikkje første gong eg hadde vore vitne til partnarvald på open gate. Men det var første gong eg hadde sett ei kvinne slå ein mann, og mannen flykte unna – redd for kva kvinna skulle gjere, og kanskje med ei kjensle av å vere heilt makteslaus. I offentlegheita er det (heldigvis) lite aksept for at menn slår kvinner, så kva kunne ein slik mann gjere i denne situasjonen? Han jogga frå henne, og eg håpte i mitt stille sinn at han kom til å forlate henne. Forsking syner dessverre at det ikkje er så lett, og at både menn og kvinner som vert utsett for partnarvald blir verande lenge i skadelege forhold.

Statistisk sett er kvinner oftare utsett for grov partnarvald enn menn. Kanskje av den grunn har folk ofte førestillingar om at menn slår og kvinner bli slått, om det er snakk om partnarvald. Men menn kan vere ofre, og kvinner kan vere valds­kvinner (det er eit uvant ord å skrive), og dei kjønna førestillingane gjer det gjerne vanskelegare for menn som blir utsett for vald. I rapporten «Den mannlige smerte – menns erfaringer med vold i nære relasjoner» (gitt ut i 2017 av Proba samfunnsanalyse på oppdrag av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet), viser forskarane korleis menn som er utsette for grov partnarvald over fleire år, ofte ikkje fortel hjelpeapparatet om røynslene sine, fordi dei er redde for ikkje å bli trudd, fordi dei ikkje passar inn i «hjelpeapparatets oppfatning av utøver og utsatt».

Omtrent på same tid som eg var vitne til denne hendinga, avslørte VG korleis mange einslege, unge asylsøkarar blei utnytta seksuelt av kvinner som arbeidde som frivillige på mottaka. Kvinnene hadde typisk hjelpt mennene med søknadar, med å finne jobb, skuleplass, bustadar, i enkelte tilfelle gitt dei rom i eigne heimar. I historiene VG delte, handla det om eldre kvinner som innleia det som først såg ut som eit omsorgs­forhold til svært unge menn som såg på dei som morspersonar, før dei pressa dei til sex. Kvinnene blei omtalte som «sugar-mamas» og ein ung mann uttalte til VG at «alle vet at det skjer». Likevel fanst det altså ingen rutinar for varsling og oppfølging av slike saker.

I løpet av det siste året har metoo-­kampanjen ført til at det er blitt eit større rom for kvinner å adressere seksuell trakassering og krenkingar på dei fleste område i samfunnet. Som med partnarvald er det statistisk sett langt meir sannsynleg at kvinner opplever å bli utsett for seksuell trakassering og krenkingar, enn menn. Men det tyder ikkje at ikkje menn også kan bli trakasserte og krenkte, og at kvinner kan vere dei som krenker. Spør unge menn som arbeider i servicebransjen, og historiene vil kome om kvinner som har tatt dei i skrittet, knipe dei i rumpa, og på andre måtar vore ufine. Felles for mange av dei eg har snakka med om slike opplevingar, er at dei blir paffe og ikkje aner kva dei skal gjere. Kanskje er det ikkje så rart når ein ofte rett og slett ikkje snakkar om at menn også kan bli utsett for slikt.

Som reaksjon på metoo har det føre­seieleg nok også vore ein del som meiner at det no har gått for langt: At menn har miste fridomen sin, fordi kvinner no kan tale om seksuell trakassering og krenkingar. Då Brett Kavanaugh som kandidat til ny høgsterettsdommar i USA blei utspurd i Senatet om ei valdtektsanklage frå ungdomstida, meinte mange – mellom anna president Donald Trump – at dette var eit døme på at menn no var fritt vilt. At det no var menn som var dei mest sårbare offera. Det er sjølvsagt å håne ikkje berre kvinner, men også menn, som blir utsett for trakassering, krenkingar og vald. Menn er også offer, men problemet er at metoo ikkje har gått langt nok: Vi har enno ikkje snakka nok om når menn blir offer.

kristina.leganger.iversen@gmail.com

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.