Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181201/ARTICLE/181209995

Smelteverksgiganten Eramet hilsar utgreiing av alternativ til EØS-avtalen velkomen:

Open for EØS-alternativ

Av Anne Kari Hinna, Bergen og Pål Hellesnes, Oslo

Publiseringsdato: Lørdag 1. desember 2018

Seksjon: Politikk

I ELDEN: Ved Sauda Eramet produserer dei Mangan, som vert eksportert. Norsk Industri åtvarar om at eksportverksemder som dette kan vera trua av eit nei til EØS. FOTO: ANNIKEN C. MOHR

UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.

EØS

Eramet har smelteverk i Sauda, Kvinesdal og Porsgrunn og eig i tillegg Tizir Tyssedal. Smelteverket i Sauda er det største i sitt slag i Nord-Europa.

Frå dei franskåtte smelteverka går mellom 60 og 70 prosent av all produksjonen sjøvegen til EU. Dei med andre ord heilt avhengige av full tilgang til den europeiske marknaden for å ha eld i omnane.

Det er nettopp av frykt for at eksportretta industri i Norge skal møta stengde portar til EU dersom EØS-avtalen blir sagt opp, at mange åtvarar dei som har fått nok av EØS-avtalen og jobbar for eit alternativ.

Men ved Eramet Norway er dei ikkje redde for å sjå om det finst alternativ til EØS-avtalen.

– Me er tilhengarar av at det er godt med kunnskap på alle områda i livet. Det er mange land i verda som lever godt med vanlege handelsavtalar med EU, både Canada og Sør-Korea, seier Kommunikasjonssjef i Eramet Norway, Bernt Jarle Dolmen.

FAKTA

Strid om EØS-avtalen:

• EØS-avtalen tredde i kraft i 1994 og regulerer Norges relasjonar til EU.

• I fagrørsla veks motstanden mot EØS-avtalen. Bakgrunnen er uro for dårlegare løns- og arbeidsvilkår.

• Både regjeringa, Arbeidarpartiet, NHO og Norsk Industri slår ring om EØS-avtalen.

• Det er knytt stor spenning til kvar Fellesforbundet vil landa under sitt landsmøte neste haust. Om dei landar på å seia nei til EØS, vil det kunne vippa fleirtalet i heile LO.

Fungerer godt

Dolmen understrekar at dagens EØS-avtale fungerer godt for dei, og premissen for ei utgreiing må vera at dagens avtale ligg til grunn heilt til eit alternativ er på bordet.

– Me ser ikkje det store problemet med å skaffa oss kunnskap. Men ei utgreiing må vera forankra i dagens EØS-avtale, til me har noko anna. Viss premissen for ei utgreiing er at du set på spel noko, då er eg meir skeptisk, seier han.

– Så de kjem ikkje til å flytta dersom EØS-avtalen blir sagt opp?

– Me er utanlandsk eigd, og kapitalismen er framleis av ein slik karakter at du legg produksjonen der den er gunstigast. Men det er mange fordelar med produksjonen i Norge, som ikkje er knytt til EØS-avtalen. Men me må ha marknadstilgang for produkta våre, seier han.

Press på arbeidsvilkår

Slik Dolmen ser EØS-debatten som går føre seg i fagrørsla, er det ikkje eit umiddelbart krav om å seia opp avtalen her og no, men eit ønske om å sjå på alternativ. Eit krav som spring ut frå eit press på arbeidsvilkår for tilsette, som følge av EØS-avtalen.

– Me er klar på vår praksis, det er norske vilkår på alle område.

I metallindustrigiganten Hydro er dei meir urolege over EØS-debatten.

– Hydro er tilhengar av fri og rettvis handel. I dagens klima der det er initiativ som ser for seg å avgrense den opne handelen, ser vi auka risiko for både handelskrig og kunstige marknadseffektar som er negative for verdsøkonomien og selskap, seier informasjonsdirektør Halvor Molland.

– Stein Lier-Hansen i Norsk Industri uttalte at det kunne vera fare for at industri kan flytta ut dersom EØS kjem i fare. Gjeld det dykk?

– Produksjonen vi har i Noreg er langsiktig, men alt som forverrar konkurransesituasjonen vert teke med når vi skal vurdera ytterlegare satsingar. EØS og tilgang til EU sin marknad er viktig for oss.

annekarih@klassekampen.no

palh@klassekampen.no

UNDERSAK

Fryktar handelskaos utan EØS

Det sveitsiskeigde industriselskapet ABB, som mellom anna produserer robotteknologi og er involvert i kraftproduksjon og transport, er urolege for at ein kvardag utan EØS kan bli uoversiktleg.

– Når vi sett saman produkt, har vi mange leverandørar i heile Europa som leverer deler til oss. Vi har ikkje råd til å ha alt på lager. Så sel vi gjerne produkta attende til EU-land, seier Arne Klette, leiar for forretningsutvikling i ABB.

– Marerittet ville vera om vi skulle ha 32 ulike land å stelle oss til. Då måtte vi hatt ein mykje større innkjøps- og eksportavdeling. Det ville råka konkurransekrafta, seier Klette vidare.

Han syns industridebatten burde handla om andre ting enn EØS.

– Korleis skal vi omstilla oss, og gå frå svart til grønt, og skapa nye arbeidsplassar? seier han.