Lørdag 24. november 2018
SELD: Dei fleste nye vindkraftverka i Noreg har utanlandske eigarar, enten heilt eller delvis. Utanlandske verksemder har også kjøpt seg opp i dei større, eldre vindkraftverka i Noreg.
• Utlendingar tener på vindkrafta • Norske straumkundar betaler gildet
Kjøper opp vindkrafta
EIGARAR: 15 av nye 18 vindkraftverk fram mot 2020 er heilt eller delvis eigd av utlendingar. Uproblematisk, meiner interesseorganisasjonen for vindkraftverka.

Vindkraft

I sommar starta anleggs­arbeidet på Hennøya vindkraftverk i Bremanger i Sogn og Fjordane. Då Klassekampen vitja anlegget på Merkingsneset, vest for Bremanger, sprengde dei plass for den nye kaien som skal ta imot dei nær 60 meter lange turbin­blada. Dumparar frakta steinmassar til den drygt fire kilometer lange tilkomstvegen opp til Marafjellet, der dei 13 turbinane skal plasserast.

Hennøy Vindkraftverk er eit av dei minste som vert sett i produksjon i 2019 og 2020. Investeringa er på ein halv milliard kroner. I fjor sommar gjekk italienske Falck Renewables inn med 80 prosent eigardel i vindkraftverket.

Styreleiar i Vestavind Kraft, Ola Lingaas, sa den gongen at dei trengde kapitalen, fordi dei opphavlege eigarane hadde mykje vasskraft som også kravde investeringar.

Fakta

Vindkraft:

• Produksjonen av vindkraft i Noreg utgjorde i 2017 2,8 terawattimar (TWh). Samla kraftproduksjon i Noreg i 2017 var på om lag 150 TWh.

• Innan 2020 vil produksjonen vere firedobla med bygging av 600 vindturbinar og 550 km veg i til dels urørt natur.

• Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) greier ut kvar den vidare utbygginga av vindkraft skal skje, med mål mellom anna å unngå dei mange konfliktane med natur- og miljøinteressene.

Tryggar pensjonar

Dei er ikkje åleine om å tenke slik. 15 av dei 18 vindkraftverka som skal stå ferdig innan 2020, har utanlandske eigarar.

Forklaringa er at vind­krafta er i ferd med å verte butikk.

– Investeringane i vindkraft er rekna å gje ei årleg avkastning på åtte prosent. Det er attraktivt for dei store utanlandske pensjonsfonda og infrastrukturfonda som søker langvarig og trygg avkastning på kapitalen, seier administrerande direktør Øyvind Isachsen i Norwea, interesseorganisasjonen for vindkraftverk i Noreg.

– Er det eit problem at utlendingane tek over?

– Det vart slik fordi vasskraftbransjen ikkje trengde å investere i vindkraft. Dei hadde allereie monopol på produksjon av fornybar kraft Noreg. Dei var inne i ein tidleg fase då det var spanande. Så vart det dyrt og vanskeleg, og då selde dei seg ut.

– Korleis er det å selje inn nye vindkraftverk når overskota hamnar i tyske pensjonsfond?

– Det er lettare å selje inn når dei som investerer er trauste nordmenn med rett dialekt. No er det pengar å henta, og norske kraftselskap er på veg inn att i bransjen.

Treng ikkje subsidiar

I dag går vindkrafta så det susar i turbinvingane. Prisen per produserte kilowattime er halvert frå 60 øre i 2010 til 30 i dag. Forklaringa på denne halveringa er fleirdelt. Produksjonen av vindturbinar har vorte billegare, og dei yter meir. Vindturbinane er også større, både i høgd og lengd på turbinblada. I tillegg har utbyggjarane vorte flinkare til å plassere kraftverka der vindtilhøva er dei beste.

– Prisen skal endå lengre ned. Eg plar seie at vindkrafta ikkje treng subsidiar lenger. Dei er for olje- og gassbransjen, seier Isachsen.

Slik har det ikkje alltid vore. Ordninga med grøne sertifikat har vore heilt avgjerande for å sikre lønsemda. Denne ordninga har dekt gapet mellom kostnaden med å produsera vindkraft og marknadsprisen. Det er norske straumkundar utanom industrien som betaler for subsidiane. For ei snitthushaldning utgjer meirkostnaden kring 200 kroner i året. Dei samla kostnadane kan kome opp i 20 milliardar kroner.

Tredobling

Norwea ser føre seg ei tredobling av vindkraftproduksjonen i 2030. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er open for meir vindkraft, men ikkje same kva det måtte koste.

– Vi går mot dei store konfliktfylte utbyggingsplanane både i Hordaland og Sogn og Fjordane og ønskjer primært ei større satsing på havvind, seier talsperson for MDG, Arild Hermstad.

Slik produksjon er ikkje lønsam i dag. MDG vil ha betre støtteordningar som kan utvikle havvind til han vert lønsam, slik han no er for vindkraft på land.

– Vi ønskjer å unngå konfliktane på land, skape mange arbeidsplassar og utnytte den kompetansen vi har for offshore installasjonar.

Hermstad seier ikkje nei til vindkraft på land.

– Vi vil ikkje ha vindkraftverka på dei høgste toppane i urørt natur, men vi kan seie ja til vindkraft i kulturlandskapa eller langs motorvegane der det alt er store inngrep.

Norwea er open for ei slik satsing.

– Vi meiner dette har mykje føre seg. Eg er lei alle desse skuldingane om valdtekt av landskapet. Alle vindkraftverka må ikkje byggjast der vinden er sterkast. Utviklinga av vindturbinane er slik at vi kan hente ut god effekt også der det ikkje bles så mykje, seier Isachsen.

gunnarw@klassekampen.no

Onsdag 17. juli 2019
UFORUTSIGBART: Bare en tredel helsefagarbeidere har full stilling. De yngste og de eldste jobber mest deltid. – Vi trenger flere folk på jobb, sier helsefagarbeider Jørgen Aanerud.
Tirsdag 16. juli 2019
MEDISIN: På havbunnen utenfor Bjørnøya har forskere funnet et dyr ikke ulikt en juledekorasjon. Det har molekyler som kan drepe kreft­celler effektivt.
Mandag 15. juli 2019
BYGGER UT: Siden 2000 har antall ­bygninger i strandsonen økt med 20 prosent. Kommunene klarer ikke ­forvalte det nasjonale ansvaret, mener Norsk Friluftsliv.
Lørdag 13. juli 2019
RETUR: Utlendingsnemnda konkluderte at kurdiske Jumaah Hameed ikke var i fare for forfølgelse. Kort tid etter returen til Irak, ble Hameed torturert, hevder han.
Fredag 12. juli 2019
COMEBACK KID: Per Sandberg advarer mot «nasjonalistiske krefter» i Frp og hinter om politisk comeback i et annet parti til valget i 2021.
Fredag 12. juli 2019
ANSPENT: Onsdag forsøkte Iran å ta en britisk oljetanker i arrest, sier det britiske forsvarsdepartementet. Iran avfeier anklagene, men en iransk forsker advarer mot en ny oljetankerkrig.
Torsdag 11. juli 2019
KRITISK: Motstanden mot nasjonal ramme for vindkraft er stor i dei kommunane som ligg i dei veleigna områda. Kommunestyra og ord­førarar seier nei.
Onsdag 10. juli 2019
DØMT: Byrådet i Oslo har som mål å få flest mulig i fast stilling. Nå er kommunen dømt to ganger i retten etter å ha nektet en barnehageansatt fra et bemanningsbyrå fast jobb.
Tirsdag 9. juli 2019
VARSLER: Ap ­bekrefter at det i 2019 har kommet nye varsler om seksuell trakassering, men nekter å oppgi antallet. Også Rødt, Sp, MDG, Frp og KrF har fått ulike typer varsler i år.
Mandag 8. juli 2019
SER TIL VENSTRE: MDG kaller seg blokkuavhengig, men er negative til høyresamarbeid i de fem største byene etter valget.