Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181109/PLUSS/181109928

SKOGEN

Treterapi

Av TEKST: HELGE TORVUND ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS

Publiseringsdato: Fredag 9. november 2018

Seksjon: De nære ting


Gå ein tur på stien og kjenn på skogens ro.

Ei gammal kvinne med eit særs krevjande liv bak seg brukte skogen når det røynde på. Ho sa: «Utan skogen å gå til, hadde eg aldri greidd meg, eg hadde ikkje overlevd.» For henne var trea og skogens skjul dei trygge vennane og det vernet ho trong. Det hendte ho gjekk seg vill, «men ikkje meir enn eg måtte for å finne attende til meg sjølv».

Dette skriv Knut M. Nesse om i samanheng med ei bok som ligg på bordet mitt. Boka er eit merkverdig dokument som har tittelen «Portretter av 197 trær». Bok­designaren og biletkunstnaren Ingvar Moi er mannen bak dette unike produktet. ­I tillegg til at papiret boka er laga av, som kjent kjem frå tre, har denne kunstnaren nytta måling som er laga av furu, eller tyri.

Han målar med tjuktflytande, brunsvart tjøre. Boka er sett saman av 197 reproduserte måleri av eitt og eitt asketre. Modellane står i ein allé i Kirkeveien i Asker.

«Det har aldri vært selvsagt hvor vi slutter og hvor resten av verden begynner. Våre handlinger, red­skapene vi bruker og det vi lager, er forlengelser av oss selv. Bildene jeg skaper, i denne sammenhengen portretter av en helt spesiell gruppe med trær, er forlengelser av meg selv», skriv Ingvar Moi i innleiinga. Og på ein måte er det dette buddhistane snakkar om, når dei seier at eit «sjølv» er ein illusjon. Det er umogleg å skilja eit sjølv frå resten av verda. Det eksisterer i samvær og samarbeid og i samtale med alt anna.

Fernando Pessoa skildrar dette på sitt vis i «Uroens bok»: «Jeg er trist, men det er ingen avgrenset tristhet, ikke engang en uavgrenset tristhet. Jeg er trist utenfor meg selv, trist der ute i gaten med de mange søppel­dunkene.»

Moi skriv at han ein dag såg desse trea som om det var første gong han verkeleg såg dei, og ikkje berre kikka. Han brukte tid framfor kvart einaste av desse trea, og han vart kjent med dei. Kvifor? Jau, seier han, fordi han trong det. «Mitt behov for å tilbringe tid og tanker sammen med disse trærne er svar på spørsmål jeg ennå ikke har formulert. Det føltes bare nødvendig og riktig for meg å bli kjent med disse trærne, på min måte, langsomt.»

Dette minner om meditasjons­øvingar ein kan læra for å styrka nærvær og merksemd. Og at det er nettopp tre som vert motivet i denne boka, kan ein sjå i samanheng med ein større trend når det gjeld r­ekreasjon med tanke på fysisk og psykisk helse.

Omgrepet shinrin-yoku vart mynta av det japanske departementet for jordbruk, skogbruk og fiske i 1982. Tydinga er «skogbading», men er ikkje noko ein vanlegvis treng badedrakt for å vera med på. Stressa byfolk kjem seg ut i skogen, vert tekne hand om av skogbadings­guidar, som har fått opplæring i dette. I Japan og i Finland kan ein kjøpe seg ein tur med overnatting og mat inkludert, omtrent som ein spatur, og få hjelp til å nytta alle sansar for å ta inn det positive atmosfæren i skogen kan gje: angen av harpiks, lyden av vind som suser i trekronene, fargen av blomane, den mjuke mose i skogbotn mot ­hendene, fuglesong og bekke­risling.

Ja, det har kome ei sidegrein av dette i Japan som vert kalla ­«mose­meditasjon», der ein ­konsentrerer seg berre om å studera den grøne mosen ekstremt nøye, gjerne med lupe.

Men Finland, seier du kanskje? Eitt av mine sterkaste visuelle minne frå turar i Finland, er all skogen som står like ved bilvegane og ­jern­banane. Heile tida desse trestammane som fér forbi – og om vinteren, dei kveldsblå skuggestripene av stammane på snøen. Om sommaren, skogen tett inntil innsjøen, sommarhytta og saunaen.

I ein av desse finske skogane finst det eit merkeleg bygg. Det er teikna av den eminente bilethoggaren Kain Tappar og oppført av arkitekten Matti Sanaksenahos i 1992. Ei likekanta kube med berre ei lita dør som liksom er skoren ut i veggen. Inni er dei grove tømmerplankane tjørebreidde. Der er det heilt svart. Einaste lyskjelda er døra ein kjem inn gjennom. Bygget har fått namnet «Tankeplassen» og er å rekna for eit kapell eller ein meditasjonsplass langt borte frå alt. Midt i skogen.

Og i Finland har ein altså gripe tak i dette med skogbading. Me kan ane at dette er noko for turistnæringa, at mange kan tenkja seg å tena pengar på dette. Det breier seg og dukkar opp i USA og i Storbritannia. Her er det tilbod om kurs for dei som vil leia folk gjennom den typen skogbading med meditasjonsøvingar, yoga, langsame rørsler og merksemd på alt som finst i skogen. Og det kan vera Sherwood-skogen eller ein finsk bjørke­skog. Fleire av dei som driv med dette, snakkar om det som noko som kan verta like utbreidd som yoga. Det kan vera vanskeleg å tru på, men ser ein alle forest therapy-oppslaga i engelske aviser dei siste par åra, så kan ein undra.

Eg kan høyre nokre av dykk stønne over at alt som me alltid har gjort, skal gjerast om til salsvare. Og det er lett å vera samd om ein slik kritikk. Mange av tidsskrift- og avisartiklane i England er prega av kynisk ­avstand. I alle fall før dei har prøvd det. Litt motstrevande innrømmer journalistane at dei pustar lettare, senkar skuldrene, at dei kjenner seg betre etterpå.

Men det er jammen lett å verta litt harselerande for ein nordmann, når det å gå tur i skogen plutseleg skal verta ei form for terapi som stressa byfolk skal betale for. Her er romantiserande og idylliserande foto av noko godt i designglaset og med milde skogskvinner i mjuke ­mote­klede, alt saman ville ha gitt Hans Børli utslett. Og me må smile litt av menneska sin dårskap, her me sit på litt avstand og vurderer, allvitande og gode.

Men japanarar, finnar, engelskmenn og amerikanarar hevdar altså at dette inneber sanseopplevingar og meditasjonsøvingar spesielt utvalde for å skapa ei total oppleving som påverkar og gir endringar. Japanske forskarar har publisert under­søkingar som slår fast at til og med kortvarige skogbad gir helse­gevinstar. Ein får styrka immunitets­apparatet, senka blodtrykket, styrka arbeidsminne og ser ein auke i både konsentrasjonsevna og kreativitet.

Ein kan jo håpa at dette kan opne opp for merksemda på ein måte som også gir effekt når ein vender attende til kvardagen i byen. At ein kan bli meir merksam på alt som finst kring ein i ei gate, i ein park. Det er meir natur enn ein ofte er klar over, og det kan ha positive verknadar for livsopplevinga å verta meir observant, sjå rikdommen i sanseinntrykk som alltid er kring ein.

Men kva er denne lengselen etter å verta kjent med veksande tre, etter tre som material, etter det å sitja framfor ved som brenn. Korleis kan det ha seg at den lenginga dukkar opp til overflata med så veldig kraft? Me hugsar den uventa og enorme interessa for boka «Hel ved» av Lars Mytting. Alle desse bøkene, alle tv-programma om treas hemmelege liv, som «My Passion for Trees» med Judi Dench. Og det er jo ikkje berre levande tre som fascinerer. Tenk på det vedunderlege diktet av Rolf Jakobsen der han skriv at «det er en stor fred i tømmeret/og et stort lys i det» … «en sovende styrke på jorden, en hemmelig kraft».

Kanskje er det vår lengt etter det som er utanfor fellesskapet som språket og sivilisasjonen vernar om? Det som den kanadiske poeten Don McKay kallar «the wilderness»? Han hevdar at det er det å nærme seg dette som fascinerer ved poesien og metaforane. Dei opnar seg mot det ukjente, orda bekjenner si manglande evne til å representera verda. Ved å gå ut i skogen, ved å stå tett ved eit tre, nærmar ein seg den verda som presenterer seg sjølv, utan ord og omgrep mellom dei og oss.

NRK laga i tråd med sitt langsam-tv-konsept eit heilt døger med program om ved, der ein tok for seg mange sider og aspekt ved ­Norwegian Wood. Og då ein heldt liv i NRK-bålet på tv-skjermen heile natta, kunne den som såg inn i den fjernsende flammen, høyra meg lesa desse linjene nett ved midnatt:

Ta på tre Bork og hud

Treet sin kjærleik til lyset må vera

stor

Min kjærleik er stor

Eg veit med alt eg har mellom hår og

jord

at treet skjøner lyset betre enn meg

Skal me leggja ein vedstabel saman

slik at treet sin kjærleik til lyset

kan brenna gjennom vinteren

htorvund51@gmail.com