Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181105/ARTICLE/181109984

Kvar palestinsk flyktninggenerasjon har bygd sin etasje på husa i Libanon. Ein ny film fortel om «Tårnet»:

Historia sett frå taket

Av Guri Kulås

Publiseringsdato: Mandag 5. november 2018

Seksjon: Kultur og medier

INTERVJUBASERT: Animasjonsregissør Mats Grorud på taket av huset til venen og intervjuobjektet Bassam Adawi i Burj el Barajneh i Beirut. FOTO: VERONICA NERGÅRD

Mats Grorud har laga animasjonsfilm om å leva 70 år i flyktningleir.

film

– For å kunne gifta seg og stifta familie, må ein bygga ein ny etasje på huset. Flyktningleiren Burj el Barajneh er berre ein kvadratkilometer stor, så all utviding må skje i høgda, forklarar regissør Mats Grorud.

Han har gjort den særmerkte leirarkitekturen til eit viktig element i den nye animasjonsfilmen «Tårnet».

FAKTA

«Tårnet»:

• Stop-motion dokkeanimasjon av Mats Grorud om livet i palestinsk flyktningleir.

• Grorud presenterer filmen under Film fra Sør i Oslo på fredag. Det blir samtale etter visinga.

• Klassekampen er samarbeidspartnar med festivalprogrammet Det kritiske rom.

• Kinopremiere blir 30. november.

Tårnet er ei familiehistorie

Grorud, som sjølv har budd eitt år i Burj el Barajneh som solidaritetsarbeidar, fortel at «tårna» både er reelle og surrealistiske og godt eigna som animasjonsmodellar. Høghusa kan òg nyttast til å strukturera ei familiehistorie:

– Burj vart etablert i 1948, som den første av dei palestinske leirane i Libanon. Etter 70 år har tårna også vorte konkretiserte slektshistorier.

I filmen følgjer vi elleveårige Wardi oppover i etasjane og gjennom historia til familien. Notida er laga i stop-motion dokkeanimasjon, medan tilbakeblikka er teikna animasjon. Her ser vi korleis dei ulike generasjonane har takla flyktningtilværet, heilt frå Wardis oldefar Sidi som barn vart driven frå heimen i Galilea, då Israel vart oppretta.

Al-Nakba er tidsrekning

Fordrivinga av palestinarane blir på arabisk kalla al-Nakba (katastrofen), og filmen startar 15. mai, Nakba-dagen.

– I dei libanesiske leirane er Nakba nesten som ei tidsrekning. Palestinarane her lever framleis med traumet frå 1948, fordi dei enno er statslause og langt på veg rettslause. Det pregar alt i liva deira, seier Grorud.

Samkjensla med historia blir også styrka av at fire generasjonar lever i same hus, og av at dei ulike delane av leiren har namn etter landsbyane oldeforeldra i si tid kom frå.

«Tårnet» er likevel ikkje i første hand ein film om Midtausten-konflikten, men om livsvilkåra til dei palestinske flyktningane i eksil.

– Eg ville laga ein film som trefte eit litt anna publikum enn dei som vanlegvis oppsøker dokumentarar om Midtausten, seier Grorud.

Tidlege festivalvisingar har prova at folk frå ulike delar av verda som sjølv har måtte flykta frå hus og heim, også kjenner seg att i forteljinga.

Grorud valde ein elleveåring i hovudrolla for å knyta saman fortid og notid, men har oppdaga at Wardi-figuren også gjer filmen tilgjengeleg for eit ungt publikum. Han vonar no å få filmen inn i den kulturelle skolesekken.

Bygd på intervju

«Tårnet» er ikkje ein animert dokumentar, men ein fiksjon basert på intervju med mange palestinarar i ulike generasjonar. Noko av stoffet kjem frå skriftlege kjelder, som Dina Matars intervjubok «What It Means to be Palestinian».

– Eg fekk nære vener i Burj og har vore tett på samtida i leiren, men mange kvir seg for å snakka om fortida, så ein del av det historiske stoffet er bygd på sekundærkjelder, seier Grorud.

Det var etter fullført animasjonsutdanning ved høgskolen i Volda at Grorud i 2001 reiste til Libanon i regi av Palestinakomiteen. Han arbeidde i ein barnehage i Burj. Jamvel om han heldt animasjonskurs i leiren, hadde han ikkje planar om å laga film.

– Ideen utvikla seg etter at eg arbeidde med ein ordinær dokumentar frå leiren. Eg såg at det var mogleg å nytta materialet i animasjon, som er det eg kan.

«Tårnet» hadde verdspremiere ved den leiande animasjonsfestivalen i Annecy i Frankrike i sommar etter åtte års arbeid.

– Animeringa tok eitt år, finansieringa tok sju år.

Med pengar frå Frankrike, Sverige og Noreg har «Tårnet» vorte ein gjennomført internasjonal produksjon med dubbing på norsk, arabisk, fransk og engelsk.

Filmen er invitert til ei rad festivalar, og både SVT og NRK vil visa han. Fredag blir filmen vist og drøfta under Film fra Sør i Oslo.

guri.kulaas@klassekampen.no