Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20181013/PLUSS/181019955

Nynorsk er både mål, makt og motstraum.

Språkleg lys

Av Eivind Myklebust

Publiseringsdato: Lørdag 13. oktober 2018

Seksjon: Kommentar

2018 er eit stort år for nynorsken: Det er 200 år sidan pioneren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd i Vinje, 150 år sidan Det Norske Samlaget blei skipa i Oslo, like lenge sidan Vestmannalaget blei skipa i Bergen, 25 år sidan forlaget Skald i Leikanger gav ut si første bok og like lenge sidan Nynorsk Kultursentrum blei stifta i Ørsta. Av meir dagsaktuelle saker kan ein nemne at det blei løyvd 8,4 millionar over stats­budsjettet til Vinje­senteret, at sjølv borgarpressa sine høg­borger slumpar til med nynorsk no og då, at Ragnar Hovland snart kjem med ny roman og ikkje minst at landbruks- og matminister Bård Hoksrud frå Framstegspartiet nyleg stilte seg opp i stortingssalen og las meldinga om rikets tilstand på klingande og i alle fall tilnærma normert nynorsk.

Hoksrud tok som vanleg utfordringa på strak arm og med ein smil om munnen, men sant å seie var det nok ikkje på eige initiativ. Medan kongens trontale plar vere på bokmål, har meldinga om rikets tilstand etter tradisjonen blitt lese på nynorsk sidan 1932. I starten var det gjerne uklanderlege målmenn som las meldinga, men seinare har det blitt sedvane at den sist utnemnde, eventuelt den yngste stats­råden les den. Det er vel meint som ei slags oppseding.

Morten Søberg sneier innom denne skikken i si nye utgiving «Nynorskens lys», eit boklangt, essayistisk forsøk på å forstå kva som særmerker nynorsken. Meldingane om rikets tilstand «er skrivne og lesne i samsvar med offisiell drust og dramb», skriv Søberg, og er såleis ei ganske uvanleg form for nynorsk: Høgstilen røper verken kjende talemerke eller eit klårt subjekt bak teksten.

Og når Søberg held ny­norsken opp mot lyset for å sjå etter vassmerket til den nynorske skriftkulturen, er det nettopp klåre subjekt og ei utveksling mellom tale og skrift han finn: Det er eit skriftspråk tufta på samtalar og reiser, som mest liknar essayet. Ivar Aasen reiste rundt og samtala (i alle fall lytta han til samtalar), og då den første nynorskteksten stod på trykk i Morgenbladet i 1849, var det i form av ein «Samtale imellem to Bønder». Samtalen dreier seg om revolusjonane ute i Europa, og dei to bøndene lærer av kvarandre og når fram til nye innsikter saman: «Men dæ ær den Ulukka som fylgjer mæ, naar ein Mann fær for stor Magt, at han inkje tenkjer etter, kor dæ trykkjer paa den, som ær under komen.»

Søberg byrjar utforskinga si på ungdomsskulen i Trondheim i 1983, der norsklæraren hans innleia sidemålsundervisinga med desse orda: «Nå skal dere lære deres eget språk». For Søberg var nynorsk eit aktivt og medvite val om eit motstraums alternativ – eit avvik frå normalen som opna ein annan skriftkultur, «gjennomsyra av ferdaminne, folkestyre, forsøk, munnhell og ordtøke, politikk, utprøvingar», for den som tok språket i bruk.

Metaforikken i essayet hans knyt seg til lys, og handlar mellom anna om at nynorsk er opplysing meir enn romantikk, og at det finst eit underlys frå tidlegare tekstar, som framleis kjem til syne i språket vårt.

Når Søberg nærmar seg kjernen i det nynorske, blir han mest som ein mystikar. Men han har òg eit skråblikk på mystikken og metaforane sine: Han leitar etter «vindskeive parallellar», for å sjå språket i eit nytt og uvant lys. Han fortel òg om då lyset gjekk på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906, og diktarpresten Anders Hovden reiste seg og sa: «Men me hev ljos innvertes!»

For nynorskbrukarar flest handlar nynorsk mindre om indre lys og opplysande essayistikk, og meir om kvardag og konvensjonar – om krangling i lokalavisa og minnet om målet hennar mor ved vogga. Likevel kan det vere noko å hente i lysmetaforen: Det nynorske avviket kastar lys over det norske språket, og gjer det til eit språk som reflekterer over seg sjølv. Det er til beste både for nynorsken og bokmålet.

eivindm@klassekampen.no