Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180824/PLUSS/180829952

TEKNOLOGI

Dagboka, før og no

Av TEKST: MARIA DYRHOL SANDVIK

Publiseringsdato: Fredag 24. august 2018

Seksjon: Moderne tider

DELE, DELE: Vår iver etter å dele kvardagens små og store hendingar er ikkje ny. FOTO: GAUTHIER DELECROIX, CREATIVE COMMONS

Med eller utan Snapchat: Har vi alltid vore like sjølvopptekne?

Sosiale medium-ekspert Hans Petter Nygård-Hansen har vore på sommarferie på Bali. Der var han i fjor også, og året før. Det veit alle vi 4000 som følgjer han på Instagram. Der har han latt oss følgje med på ferien gjennom bilete av fantastiske solnedgangar, risåkrar, ungar som snorklar med skjelpadder og såkalla infinity-pools, der vatnet ser ut til å halde fram ut i horisonten. Han og familien elskar den fargerika øya.

– Eg ville gjerne vise fram kor flott det er der, og inspirere andre til å reise, seier han.

Samstundes ville han unngå å skryte av sin fire veker lange ferie, seier han.

– Difor vart det mest bilete av natur, og mindre bilete av paraply­drinkar og færre selfies. Sosiale medium har gjort oss så sjølvopptekne, blir det sagt. Folk sit med nasen i mobilen på møte, på bussen, på fest og kikar på folk sine smoothie bowls, solnedgangar og ungar. Og sjølvsagt deler vi sjølve også, for å vise alle for eit tilfredsstillande liv vi lever. Før den digitale tidsalderen var vi mindre narsissistiske, trur vi. Men stemmer det?

FAKTA

• Sosiale medium blir ofte skulda for å ha gjort folk meir sjølvopptekne.

• Tvert imot, hevdar medieforskar Lee Humprey i ny bok: Folk har alltid delt små detaljar frå kvardagslivet med kvarandre.

• Humprey samanliknar sosiale medium med fortida sine dagbøker.

Kilde: «The Qualified Self: Social Media and the Accounting of Everyday Life»

Føre logg over kvardagen

Ikkje nødvendigvis, skriv journalist Anders Boas i danske Weekendavisen. Mennesket har ein universell trong til å dele kvardagens små og store hendingar, og denne trongen gjorde seg gjeldande lenge før folk fekk tilgang til internett.

På 1700- og 1800-talet var dei fleste dagbøker skrivne med tanke på å skulle delast med andre. Folk tok med seg notatbøker på reiser og noterte ned leggetider og matforgiftingar, og sende dei med posten til familie og kjenningar slik at dei kunne følgje med på reisa. På 1800-talet var det til dømes vanleg at amerikanske foreldre bad borna sine lese dagbøkene sine høgt for familien på kveldstid, skriv Boas. Han har lese den nye boka til medieforskaren Lee Humprey, «The Qualified Self: Social Media and the Accounting of Everyday Life».

Måten vi viser fram kvardagen vår på i sosiale medium, er med andre ord ikkje ny. Vi har berre fått nye plattformer.

Nygård-Hansen vedgår at Instagram-profilen hans kan sjåast på som ei slags dagbok.

– Deler du bilete på Instagram for å hugse det som har skjedd?

– Kanskje det også. Eg er glad i den «dette skjedde på denne dagen for seks år sidan»-funksjonen på Facebook. Den minner om ei dagbok. Men no er den i ferd med å forsvinne, fordi vi deler bilete i seriar på Instagram og Snapchat. Og desse blir ikkje nødvendigvis lagra slik at vi kan leite dei opp att etter nokre år.

Frå Bridget til blogg

Lee Humprey trekk fram den norske medieforskaren Jill Walker Rettberg frå Universitetet i Bergen, som også har samanlikna dagbøker med sosiale medium. Sosiale medium er eit verktøy for folk til å bli betre kjende med seg sjølv på og strebe etter å bli den beste versjonen av seg sjølv, hevdar Rettberg

Og tenk berre på chick-lit-heltinna Bridget Jones frå nittitalet, som kvar dag lista opp talet på kilo og alkohol-einingar i dagboka si og gav seg sjølv ein klapp på skuldra dei dagane tala var låge (noko dei sjeldan var). Før folk la ut bilete av ungane sine på Instagram, fanst Kodak og babybøkene som mødrer limte hårlokkar og bilete inn i, skriv Lee Humprey.

Vi ringjer til Rettberg, som bruker bloggen som eit eksempel.

– Ein blogg er ei slags offentleg dagbok, der målet kan vere å føre rekneskap over livet og å få støtte til å forbetre seg sjølv, til dømes ved å trene så og så mykje, seier ho.

Sjølve ordet «dagbok» er i ferd med å døy ut, trur Rettberg.

– På nittitalet hadde folk noko dei kalla «nettdagbøker», der dei delte små og store detaljar frå livet.

Dagens unge er ikkje vokse opp med dagbok-tradisjonen og brukar ikkje dette ordet, seier ho. Google sin statistikk viser også at bruken av ordet stuper.

Heller ikkje Rettberg trur vi er blitt meir sjølvopptekne med tida.

– Folk er alltid uroa for ny teknologi. Då romanen kom, trudde folk at kvinner skulle forsvinne inn i bøkene og gløyme å ta seg av ungane sine. Vi kunne like gjerne sagt at sosiale medium gjer oss meir sosiale og opptekne av å dyrke fellesskapen.

Some-ekspert Hans Petter Nygård-Hansen er ikkje like sikker: Han trur folk flest er blitt meir narsissistiske med åra.

– Det var aldri slik at dei gamle dagbøkene vart delte med spesielt mange. På sosiale medium kan du bli sett av tusenvis.

Rettberg vedgår at dei nye, veldig offentlege plattformene kanskje tvinger oss til å tenkje betre over korleis vi framstiller oss sjølve. Digital marxisme er ein kritikk av denne mekanismen, fortel ho. Den tek utgangspunkt i Marx som seier at folk blir framandgjorde av å ikkje eige sine produksjonsmidlar.

– På same måte kan du bli framandgjort i ditt liv på sosiale medium: Facebook tener pengar på dine data og at vi likar og deler. Slik tvinger mediet oss til ein slags nyliberal «self-branding».

Men allereie på 1950-talet skreiv sosiologen Erving Goffman om sjølvrepresentasjon og at vi isceneset oss sjølve ulikt i ulike sosiale samanhengar, minner ho om. Vi gir eit anna bilete av oss sjølve til sjefen, enn til venninna.

– Det same gjeld for sosiale medium. Mange unge har ein offentleg profil, men i tillegg ein privat og meir ærleg, som berre kjende får tilgang til. Det er ikkje nytt at folk helst vil vise fram sine beste sider. Vi skreiv ikkje ned den usminka versjonen av året som gjekk i dei gamle julebreva, heller. Og vi henger ikkje stygge familie­bilete på veggen.

Det nye postkortet

Nygård-Hansen meiner sosiale medium er noko langt meir enn ei ny utgåve av dagboka.

– Om du tek gode bilete og brukar rette dei emneknaggane, så kan feriebileta bli sett av fleire menneske enn det mange reisebyrå greier å nå med katalogar og reklamekampanjar. Noreg blir promotert i stor stil med imponerande naturbilete på Instagram.

Instagram har erstatta det gamle postkortet, meiner han.

– Det er det nok ein del kioskeigarar på Mallorca som har fått merke.

– Er ikkje det litt synd? Det er vel kjekkare å få eit postkort enn å sjå på eit bilete på mobiltelefonen?

– Det blir nostalgi, spør du meg. Litt som vaksne menn som går i platesjappa på leit etter vinyl. Det finst unge folk som berre kjenner til postkort som noko dei har høyrt besteforeldra sine snakke om. Tenk på det!

marias@klassekampen.no