Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180811/PLUSS/180819947

Den siste kvelden krengde vismannen over og la hovudet i fanget mitt.

Pinleg situasjon

Av Solveig Aareskjold,
forfattar

Publiseringsdato: Lørdag 11. august 2018

Seksjon: Solveigs salt

SØLEKAKER: Leik og alvor. MÅLERI: LUDVIG KNAUS «MUD PIES», 1873

I eit par vanskelege år i ungdomen var eg ven med ein eldre mann som budde i sin eigen kjellar. For å unngå å bli nedrend av folk han ikkje likte, hadde han sett ut rykte om at han heldt til ein heilt annan stad. Huset låg alltid med mørke ruter, og dersom den kvitmåla hagegrinda blei opna utanom avtale, blei inntrengjaren automatisk fotografert av eit kamera som var løynt i ein fuglekasse oppi eit tre.

Når eg var heime hos jenter på min eigen alder, hadde fedrane deira rett til å ha rett sjølv om det dei sa, var aldri så feil. Her var det ein livsrøynd verdsmann som kunne vore bestefar min, og endå lytta til meg med respekt. Endeleg var det ein stad der det var rett å vera meg.

Kjellarstova hadde tette gardin framfor vindauga og ei einaste svak lampe som kasta eit gyllent skin over dei eksotiske teppa på vegger og golv. Eg fekk innblikk i eit hittil ukjent syn på livet og fekk låna merkelege bøker. Når eg skulle på toalettet i første etasje, kunne eg ikkje slå på lyset, men måtte bruka lommelykt og passa på å halda henne ned mot golvet.

Det var eit privilegium å vera blant dei utvalde. Men alle forhold endrar seg med tida, all venskap går frå det eine stadiet til det andre, og den siste kvelden krengde vismannen over og la hovudet i fanget mitt. Ansiktet som var så modent og verdig når det var på passeleg avstand, oppløyste seg i grove porer når det kom for nær. Håret var tynt og med flass. Det blei smerteleg klart for meg at eg snart måtta greia meg utan han.

Så vidt eg minnest, oppfatta eg det ikkje som ei seksuell tilnærming, i og med at eg var ute av stand til å tenna på menn over tjuefem. Og eg visste godt at det var opp til meg sjølv om eg ville ha nåde med den villfarne. Likevel gjorde han seg sjølv eit hovud kortare ved ikkje å ha fått det inn i det at han la det på feil stad.

Mens eg sit og skriv om dette, hugsar eg plutseleg at nokre år tidlegare, då eg var elleve-tolv år gamal, kom eg uheldigvis til å narra den snille farfaren min til å eta sølekake. Eigentleg var eg for stor til å halda på med slikt, men eg var no ein siste gong i leikestova, og farfar burde jo visst korleis reglane var der. Eg trudde at han berre leika at han kom på besøk. Eg var imponert over kor flott han imiterte ekte kakeeting ved å gapa opp og føra leikegaffelen med sølekakestykket inn mellom tennene. Så tok han til min store skrekk til å tyggja. I neste stund krøkte han seg framover og brekte seg.

Det gamle hovudet i fanget mitt var like uappetittleg. Likevel kasta eg ikkje opp på det, eller lugga dei flassete hårtustane. Eg sprang heller ikkje på føtene med eit hyl og styrta slett ikkje skrikande på dør.

Men ei tid seinare kom eg uventa på besøk, og la ekstra vekt til overtrampet med å ha med meg ei veninne. Då eg opna hagegrinda, løfta eg ansiktet og flirte til fuglekassen. Det klikka i kameraet. Døra var som ventande låst. Dei svarte vindauga sa at her var ingen heime.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«All venskap går frå det eine stadiet til det andre»