Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180810/PLUSS/180819897

Sverigedemokraterna er frekkare enn flatlusa, og det fungerer.

Svart propaganda

Av Alf Skjeseth

Publiseringsdato: Fredag 10. august 2018

Seksjon: Fokus

Stinne av sjølvtillit har høgrepopulistane i Sverigedemokraterna (SD) erobra dagsorden få veker før det svenske valet, med eit utspekulert og gjennomarbeida åtak på det sosialdemokratiske partiet. Sossarna har historisk vore eit av verdas sterkaste sosialdemokratiske parti, men no er dei råka av den internasjonale krisa for rørsla og risikerer eit smerteleg nederlag ved riksdagsvalet i september.

SD pustar dei i nakken og nyttar medgangen til å framstille Socialdemokraterna som eit parti med ei svart og ukjent fortid – antisemittisk, rasistisk, nasjonalistisk, autoritært og antidemokratisk, og på Tysklands side under andre verdskrigen.

Dette er bodskapet i den lange filmen «Ett folk, ett parti», som er sett av hundretusenvis etter at den vart lansert sist veke. Frekkare kan det nesten ikkje gjerast av eit parti som framleis slit med å fri seg frå sine nynazistiske røter, og framgangsmåten kunne vore ein Joseph Goebbels verdig.

Hitlers propagandaminister meinte at «propaganda ikke må virke for åpenbar, den bør presenteres indirekte. Mottakeren må ikke skjønne at han blir manipulert. Propagandaens gjennomslagskraft avhenger av at den spiller på mottakerens forståelseshorisont og holdninger. Propagandaen bør også ha en viss kjerne av sannhet», skriv Wikipedia, og dette er i eit nøtteskal strategien som dei anonyme filmskaparane har nytta.

I sakleg tone og autoritativ form presenterer «dokumentarfilmen» store mengder materiale frå 1900-talet, som i mangt var eit vanskeleg hundreår i svensk historie, samstundes som eit av verdas mest solide velferdssamfunn vart skapt.

Det handlar om rasehygiene, tvangssterilisering, antisemittisme og ikkje minst Sveriges omstridde nøytralitets­politikk, som tente Nazi-Tyskland vel fram til krigslukka snudde ved inngangen til 1943.

Filmen dyngar på med sitat frå taler og dokument, filmklipp og avisartiklar, og teiknar eit bekmørkt bilete. Det er all grunn til kritiske oppgjer med straumdrag frå denne tida, og mykje graverande materiale blir lagt fram.

Men metodefeilen som med kaldt overlegg gjennomsyrer «Ett folk, ett parti», er at all verdas vondskap blir kobla til det sosialdemokratiske partiet. I røynda var det aller meste tidstypisk tankegods, som stod sterkast blant borgarlege parti og ideologar. For eksempel var regjeringa frå hausten 1939 ikkje sosialdemokratisk, men ei samlingsregjering der tre borgarlege parti var med.

Motstanden mot å gje etter for Tyskland var sterkare i sosialdemokratiet enn hos dei borgarlege. Avisa Aftonbladet, som hylla det tyske åtaket mot Sovjetunionen i 1941, hadde ingenting med sosialdemokratane å gjera, men var eigd av den reaksjonære magnaten Torsten Kreuger.

Ein del av føremålet er å demonisere «landsfedrane» Per Albin Hansson og Tage Erlander, og ikkje minst å setja statsminister Stefan Löfven i elendig lys. Slik skal han bli tvinga til å snakke om alt anna enn velferdspolitikk i valkampen.

Filmen hentar ammunisjon frå respekterte historikarar, mellom andre Klas Åmark. som har skrive standardverket «Att bo granne med ondskan» om Sveriges forhold til Nazi-Tyskland. Saman med sju andre historikarar gjev Åmark svar i Dagens Nyheter.

«Hadde nokon spurt oss, ville vi forklart at den koblinga som blir gjort mellom sosialdemokratisk og nazi-tysk politikk saknar vitskapleg grunnlag og altså er falsk», skriv dei åtte, som del av ein knusande dom over metodikk og konklusjonar i filmen.

Men SDs målgrupper er neppe ivrige lesarar av DNs kultursider, og brunskvettinga av sossarna vil gå sin gang som kalkulert.

alfs@klassekampen.no