Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180808/PLUSS/180809822

Emojis gjer tekstene våre livlege, men òg tvitydige.

Vår tids språk ;)

Av Sylfest Lomheim,
professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder

Publiseringsdato: Onsdag 8. august 2018

Seksjon: Språket


Emoji er ei spalte verd. Sanneleg ;) :-/).

Korleis blir det med punktum, utropsteikn, spørsmålsteikn i samband med ein emoji? Før eller etter symbolet, valfritt. Heilt parallelt med andre modulerande tillegg. Du kan skriva: Håpar alle kjem, det blir gøy! Eller: Håpar alle kjem! Det blir gøy. Så utropsteikn (eller punktum) kan stå før eller etter ein emoji. Viss det derimot berre er eitt ord i setninga du vil modulera, set du emoji kloss inntil dét ordet.

Me er i 2018; fanst emojis i 1998? Nei, men dei fanst som idé i hovudet til japanaren Shigetaka Kurita. Tjuefemåringen jobba i mobilkonsernet NTT Docomo med oppdrag om å effektivisera beskjedfunksjonane. Han fortel at han henta ideen frå japanske teikneseriar. Eit hovud med sveittedrope på panna betydde problem. Eit hjarte i augnekroken betydde elsk. Kurita la i 1999 fram eit forslag på 176 emojis. På få år erobra dei verda. I dag er det over tusen i omløp. I 2015 kåra det ærverdige engelske Oxford Dictionary emoji til årets ord, og den 14. juli er for lengst kåra til den internasjonale emoji-dagen!

Kurita vart ikkje rik. Google og Apple har tent milliardar. Men ei ufatteleg ære har han fått: Modern Art i New York stiller ut hans 176 emojis frå 1999, saman med verk av Warhol og Picasso.

Er emoji og emotikon det same? Eg trudde dét; at det berre var snakk om ei japansk form med litt slangpreg og ei meir formell europeisk form, etter etablert ordmønster. Feil. For det første betyr orda ikkje det same. Emotikon er bygt opp av emotion (‘kjensle’) og ikon (gresk for ‘bilde’). Emoji, derimot, inneheld tre japanske ord: e (bilde), mo (skrift), ji (teikn). Kjensle eller emosjon finst altså ikkje i dét ordet. Difor skil mange no mellom emoji (symbol) og emotikon (kjensleteikn).

Ingen av dei to står i norske papirordbøker frå før 2010. Men i ferske nettutgåver av Nynorskordboka og Bokmålsordboka står begge, utan forklaring av meiningsskilnad. NAOB har berre emotikon, medan Wiktionary berre har emoji.

Forsking syner at franskmenn bruker hjarte oftare enn andre europearar, arabisktalande nyttar blomster og planter oftare enn europearar. Verda er i gang med å utvikla ein differensiert emoji-kultur.

Eg som språkvitar er oppteken av korleis emojis fungerer kommunikativt. Funna er nedslåande. Sant nok gir desse teikna kjensler til beskjedar. Internasjonal undersøking fortel at 36 prosent av dei mellom 18 og 34 år trur meldingar med emojis uttrykkjer tankar og intensjon best. Nøkterne kommunikative analysar viser noko anna: For det første er emojis stort sett overflødige, for det andre skaper emojis regelmessig forvirring, mistolking – og dermed krangel og drama. Tekstene blir livlege, men tvitydige. Dette er alvorleg, spesielt fordi mange ikkje er seg dette bevisst.

Me vil alle kommunisera, men langt frå alle forstår at emojis dessverre ofte bidreg til dårleg kommunikasjon.

(Nokre opplysningar her har eg frå det franske bladet L’Express, 3. juli i år.)

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Emojis skaper mistolking, og dermed krangel og drama»