Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180801/PLUSS/180809943

Ei namnereise frå Manhattan til Vesterålen.

Jesus i Hovden

Av Sylfest Lomheim,
professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder

Publiseringsdato: Onsdag 1. august 2018

Seksjon: Språket

Stadnamn fascinerer meg. Om du ikkje har det slik, kan du hoppa over dagens spalte. Me skal sjå på internasjonale namn. Namn som er like i form, men ikkje i innhald, og namn som er like i innhald, men heilt ulike i form.

Harlem i New York og etternamnet til vår Gro ser ut til å vera same namn. Men er det ikkje. Namnet i New York kom dit med nederlendarane på 1600-talet. Dei lengta vel litt heim og kalla opp den nordre delen på Manhattan, der dei bygde sommarhusa sine, etter ein koseleg by like ved Amsterdam. Skrivemåten i Nederland har to a-ar, Haarlem. Opphavleg truleg Haarloheim, der lo tyder ‘skog’ og haar kan vera høgdedrag (sanddyne). Gro har sitt etternamn frå indre Østfold, med opphavleg meining ‘hardheim’. Må uttalast med tjukk l!

BetlehemVestbredden og Jyväskylä i Finland er formelt så ulike som det vel går an; hebraisk og finsk. Meininga er nesten identisk. Bet- er hus og -lehem er brød; me kan seia korn-landsbyen. Det finske tyder nett det same.

Åmot er velkjent i landet vårt. Det er stad der elvar møtest; å (elv) møter å. I Tyskland tyder bynamnet Koblenz nøyaktig det same. Der er det elvane Mosel og Rhinen som møtest. Namnet skriv seg frå romersk tid og er ‘confluens’, samanflyting. Så dreg me til Bretagne, til den sjarmerande byen Quimper. Same sak; det bretonske (altså keltiske) ordet kemper tyder ‘elvemøte’. I Finnmark skal, etter det eg veit, det samiske namnet Skaidi vera ‘mellom to elvar’. Og i Vennesla i Agder ligg Samkom. Om det er dei to elvane eller dei to vegane som kjem saman, kan diskuterast.

Det romantiske Napoli er verdskjent. Namnet er verken latin eller italiensk, men gresk Neapolis; gresk koloni for over to tusen år sidan. Ordet tyder ‘nybyen’ og blir dermed parallell-namn til nyare byar som Neuburg i Tyskland og Newcastle i England. Det russiske Novgorod melder seg òg på , -gorod eller -grad tyder by. Sjølv om dét ordet i røynda er skandinavisk gard; gjerde. Ein gard var, og er, det som er gjerda inn. Så vårt uambisiøse Nygard har storslegen slekt ute i verda! Me kan følgja linja like til arabisk, til Nablus på dagens Vestbredden, i det området som var Samaria på rabbiens tid. Namnet er ei direkte omforming av Neapolis. Me må hugsa at gresk språk var prestisjespråket i rabbiens land for to tusen år sidan.

Eit skilt ved Selfoss på Island annonserer veg mot Hella og Vik; det same gjer eit skilt i midtre Sogn! Fleire hundre namn er dei same på Island og i Noreg (hovudsakleg Vestlandet). Dette faktum vitnar om massiv namne-eksport for tusen år sidan.

Til slutt Golgata, som ikkje må forvekslast med Kolkata (før: Calcutta) i India. Det er eit tilfeldig, lydleg samanfall mellom hebraisk og indisk. Derimot er det hebraiske stadnamnet og vårt stadnamn Hovden same sak. I innhald. Jesus vart festa til ein kross på den runde knausen Golgata utanfor bymuren. Namnet tyder skalle, hovudform. Som vårt Hovden gjer – på Sunnmøre, i Setesdal, Østfold, Vesterålen. Amen. Hebraisk og tyder: Slik er det.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Vårt uambisiøse Nygard har storslegen slekt ute i verda!»