Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180728/PLUSS/180729909

Moten skiftar ikkje oftare enn at du har tid til å slita ut kleda dine.

Damemote

Av Solveig Aareskjold,
forfattar

Publiseringsdato: Lørdag 28. juli 2018

Seksjon: Solveigs salt

«Posehotellet» er eit nytt tilbod i Stavanger sentrum. Der kan du heilt gratis setja frå deg handleposane og få hendene frie til å gjera nye innkjøp.

Eg seier ikkje at eg ikkje kunne ha nytta meg av det sjølv. Særleg i ein tidlegare livsfase, med større familie og meir som skulle skaffast til vege. Kvinna som halar av garde på plastposar fulle av forbruksvarer, er oftare eit lastedyr enn eit luksusdyr.

Likevel tek ho ikkje skade av å tenkja gjennom kva ho har igjen for det. Særleg dersom det ho har i posane, er klede til henne sjølv, kjøpte i store mengder for ein billig penge, og berre kjem til å bli dytta inn i skuffer og skåp der det allereie er stappfullt med ting ho knapt har brukt.

Truleg veit ho det godt frå før at råvarene i desse buksene og t-skjortene er dyrka på dyrebar jordbruksjord, med stort forbruk av vatn og sprøytemiddel, vidareforedla med hundre slags giftstoff og sydde av slavearbeidarar i Asia.

I tillegg er ho fullt klar over at ho aldri kan bli sjåande ut som ein fotomodell eller ei utstillingsdokke, og at ho hadde fått meir fart på kroppen og meir ro i sinnet om ho hadde gått på treningssenter i staden for i klesbutikkar.

I røynda skiftar ikkje moten oftare enn at der er god tid til å slita ut dei gamle kleda før det må skaffast nye. Dei viktigaste endringane svingar mellom tettsitjande og lausthengjande, mellom skulderpolstring og buksesleng. Den som har ei figursydd kåpe av høgkvalitets ullstoff som folk har teke til å glo rart på, kan lagra henne inst i skåpet til vinden snur. Når den vide sekkemoten har gjeve seg, kan ho hentast fram til ståande applaus.

Når det likevel er så lett bli gåande og vasa mellom klesstativa i butikkane, er det fordi det er sett opp ei sklie, ein rutsjebane, frå dørstokken heime og like inn i Hennes & Mauritz, Lindex, Cubus. For den kapitalistiske økonomien vil bryta saman no i ettermiddag om det ikkje blir teke unna for den konstante overproduksjonen.

Derfor må reklamen fortelja kundane at dei ikkje er gode nok som dei er, men at der er von for alle. Heilt sidan stemor til Askepott rådde døtrene til å skjera av hæl og tå for å få foten ned i glasskoen, har damemoten svinga frå invalidiserande korsett til skjørt så korte at du må sitja med knea krampaktig pressa i hop for ikkje å visa underbuksa. Til samanlikning sit kvinnene på gamle fotografi og skrevar like breitt som mennene. Dei fotside kjolane gav trass i alt eit visst slingringsrom.

Eit av dei mest brukarvenlege klesplagga som finst, er det tradisjonelle skjørtet som når nesten til anklane og kan dragast opp mellom beina og festast til beltet, slik asiatar av begge kjønn gjer med sarongane sine. Då er du kledd for allslags kroppsarbeid, og etterpå kan du sleppa det ned og vera tekkeleg elegant. Mens kapitalismen vrir seg i grava.

(I førre Salt skreiv eg dessverre at ordet «equus», som tyder hest, er gresk. Det skal sjølvsagt vera latin. Orsakar så mykje!)

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Kvinna er oftare eit lastedyr enn eit luksusdyr»