Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180721/pluss/180729935

Er sju år lang tid?

«Politik är att vilja» – dei dyrekjøpte erfaringane viser veg

Av Edvard Hoem,
forfattar

Publiseringsdato: Lørdag 21. juli 2018

Seksjon: Signert

Når noko har gjort sterkt inntrykk på oss og har brent seg inn i sinnet vårt for alltid, seier vi: Det er som om det skjedde i går!

Alle som følgde med på radio og TV da terroristen slo til på Utøya 22. juli 2011, veit at datoen aldri vil gå ut av minnet. Sju år er inga lang tid. I morgon sørger vi med dei som mista barn, venner og slektningar den dagen, for vi veit at det finst sår som aldri gror.

Er sju år likevel lang tid? Ved inngangen til denne sommaren kom det fram at fleire av dei som overlevde massakren ikkje får den hjelpa som skulle vera opplagt ut frå alle idear om kva som er rett og rimeleg i eit velferdssamfunn som det norske. Enno finst det unge menneske som betaler ein dagleg høg pris med smerte og sorg for at ein mann, forkledd som politimann, kunne detonere ei bombe ved regjeringskvartalet, for deretter å flytte seg til Utøya, der han gav seg til å drepa kvinner og menn som var yngre enn han sjølv, med kaldt blod.

Den unge mannen var ein klassisk fascistisk kriminell, og den einaste juridisk skuldige. Likevel: Han handla ikkje i eit tomrom, men i ein konspiratorisk nettvev, der hatet mot innvandrarar, kulturmarxistar og sosialdemokratar i praksis var rettferdiggjort og underbygd av folk som ideologisk stod han nær. Terroristen skulle gjera varig skade på det partiet som i store delar av det tjuande hundreåret har vore eit statsberande parti i Norge, Det norske Arbeiderparti.

Den politiske og intellektuelle kampen mot ideane terroristen forfekta, er sju år etter Utøya-katastrofen halvhjarta og veik. Eg les artiklane Den nordiske motstandsrørsla (NMR) har lagt ut på nettet. Eg seier ikkje at dei som skriv der er ansvarlege for terroristens handlingar. Eg seier at dei deler ein god del av ideane hans: Alle som ikkje har nordiske røter skal repatrierast, sendast ut av dei nordiske landa, så vi får eit rasereint Norden. Til grunn for det nasjonalsosialistiske programmet deira ligg ideen om at eit jødisk komplott vil øydelegge dei vestlege samfunna innanfrå.

Sist vinter marsjerte denne «motstandsrørsla» gjennom Markens gate i Kristiansand, fordi politimeisteren ut frå ei politifagleg vurdering fann ut at det var rettast å la dei gå. Nyleg tillét svensk politi at dei same karane, som blant anna ropar «Knus homo-lobbyen!» fekk lov av politiet til å demonstrere utanfor lokalet til «Riksförbundet för homosexuellas, bisexuellas, transpersoners och queeras rättigheter» i Visby på Gotland. Under Almedalsveckan, det svenske prestisjearrangementet for politisk debatt, veiva dei med nynazistiske flagg da statsminister Stefan Löfven tala, og Centerpartiets Annie Lööf vart avbroten av buing. Riksförbundet for dei seksuelle minoritetane torde rett og slett ikkje å møte fram.

Kan det halde fram slik?

Etter den andre verdskrigen var alle sosialdemokratar, og det overveldande fleirtalet i andre demokratiske parti, overtydde om at ein skulle forby nazistiske organisasjonar fordi dei er rasistiske og forsvarer og unnskylder nasjonalsosialismens ugjerningar. To mannsaldrar seinare rår det stor forvirring når det gjeld kva som må tålast innanfor ytringsfridommens rammer. Kanskje er det rett at folk flest kjenner lusa på gangen og aldri vil la seg forføre av klart nazistiske idear?

Men kva vil skje den dagen vi får økonomiske nedgangstider og dei sosiale velferdsordningane våre raknar?

I morgon søndag skal vi sørge over, ære og minnast dei som døde for sju år sidan, og vi ærar dei aller mest ved å kjempe for det vi har kjært.

Korleis skal vi gjera det?

Heile den norske venstresida, likegyldig kva parti ein tilhøyrer eller sympatiserer med, må no gå ut for å lytte til det som skjer ute blant folk. Da vil dei finne ut at det rår ei betydeleg uro for at velferdsstaten ikkje vil tåla presset frå for stor arbeidsinnvandring og for dårleg integrering. Det er skjedd eit tillitstap. Og den tilliten må gjenopprettast.

Politikk er å lytte. Men ikkje berre å lytte. Når ein har lytta, må ein vera i stand til å seia kvar vegen vidare går. Og da er vegen ikkje mindre velferd, men meir velferd, mindre skilnader, sterkare kamp mot intoleranse, diskriminering og urett. Da er det naturleg å trekke fram Olof Palmes ord: Politik är att vilja.

Vi som etter kvart skodar lengre og lengre inn i solnedgangen

har eit særleg ansvar for å minne om kor skjørt demokratiet i ein utsett situasjon kan vera.

Når den mørke minnedagen i juli nærmar seg, har vi ei særskilt plikt til å minne etterkomarane våre om at kampen mot fascismen kosta blod, og at den norske og nordiske velferda ikkje er bygd på luftige visjonar, men på den djupe innsikta som seier kva solidaritet er: Gjer di plikt, krev din rett. I dag meg, i morgon deg. Berre dei dyrekjøpte historiske erfaringane kan vise kvar vegen mot framtida går.

Politik är att vilja.