Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180428/PLUSS/180429742

Mor Norges son, Jon Michelet

Av Edvard Hoem,
forfatter

Publiseringsdato: Lørdag 28. april 2018

Vi har sagt farvel, men vi er ikkje ferdige med tapet, vi er ikkje ferdige med sorga. Vi er takksame for at Jon Michelet fekk fullført sitt storverket om krigsseglarane. Medan han såg dødens mørker falle over seg, sat han og skreiv. Nærare kan ikkje ein forfattar koma det å døy med støvlane på.

Men ingen takketale kan bøte på at Jon Michelet også hadde mykje ugjort. No som krigsromanane var ferdige, ville han fått tid til alt det andre som han brann for, fordi æra til sjøfolka frå andre verdskrig var gjenreist.

Han kunne ha dradd annan urett fram i lyset. Han ville halde fram med å lytte til veteranane frå nye krigar, krigar han sjølv var imot, men han ville ha talt desse veteranane si sak med enda større styrke. Det er dette som gjer at tomrommet blir så stort, tapet så stort.

Jon Michelet var sine venners venn, og han hadde mange venner. Han tok sine medmenneske på alvor, utan omsyn til stand og stilling. Han lytta og kommenterte med ein respekt som tida vi lever i ikkje er overfôra med. Han utførte bragder, og den siste var den største.

Krigs­seglar-eposet vil lyse over minnet hans i all framtid. Han var ferdig med å skrive, men siste ord om kor langt ut dette verket vil nå, er enno ikkje sagt.

Jon Michelet var ein mann dei fleste i Norge kjende og gjerne ville kjenne.

Men det merkelege var: Suksessen gjekk han ikkje til hovudet. Han var den han var. Alle som har kjent han lenge, veit også at det var periodar da det ikkje gjekk så godt. Men han var den same da også.

Så kven var Jon Michelet? Han var ein forfattar som tok på seg oppgåver. Han var ein stor, nasjonal, norsk forfattar. Jon var internasjonalist, men han var også patriot, og han høyrde vår stamme til. Han hadde eit ryggmargsinstinkt for å kjempe mot urett, og dette instinktet førte han til slutt til den største uretten i vår moderne norske historie: at dei som gav det største offer i kampen mot nazismen, sjøfolka, ikkje fekk nokon takk. Han utførte eit nasjonalt lindringsarbeid. Han løfta av oss noko av vår skam.

Den eventyrtrongen som sende han ut på dei sju hav i ungdommen, smelta til slutt saman med hans livslange opprør mot uretten. Av slikt blir det stor litteratur.

Jon Michelet løfta dei verkelege heltane fram, dei som levde og døde for sitt land.

Jon Michelet, som overvakingspolitiet fann det viktig å halde oppsyn med i mange år, var først og fremst Mor Norges son, og i dag står høg og låg, venn og uvenn i vårt land saman med oss og lyser fred over hans gode minne.

«Han utførte eit nasjonalt ­lindringsarbeid. Han løfta av oss noko av vår skam»