Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180305/PLUSS/180309842

Ei naken skulder blottast, midt i maktas høgborg.

Kva kjolen sa

Av Karin Moe

Publiseringsdato: Mandag 5. mars 2018

Seksjon: Sidesleng

KLEDD FOR FORSVAR: Angelina Jolie og Jens Stoltenberg.

Ho var kledd for forsvar. Uniforma er ein svart kjole. Utsendingen for FNs høgkommisær for flyktningar vitjar Natos hovudkvarter i Brussel, januar 2018. Generalsekretær Jens Stoltenberg geleidar henne vørig fram til mikrofonane føre pressekorpset.

Angelina Jolie har kasta den svarte kappa. Kjolen blottar ei naken skulder mot generalsekretæren. Utringinga er asymmetrisk. Den skrår ned over kragebeinet frå ein diskret prinsesse decolleté frå høgre side og rundar venstre skulder, mot generalsekretæren i Nato. Ei kald skulder? Jolie har kledd seg i den svarte #metoo-kjolen og står her fremst i ei kollektiv politisk rørsle mot seksualisert vald mot barn og kvinner, i krig, på flukt, i forsvar, på jobb, i heimen, under utdanning, i arbeid og på høgste hald i politikken og i kunsten.

Jolie myndiggjer det kvinnelege samtidig som ho viser seg sårbar ved denne blottlagde, nakne skuldra. Ho viser hud der krigsmakt viser tenner. I mannsbastionens høgborg gir ho ikkje avkall på kvinnemakt, sin seksuelle kapital. Kjolen signaliserer at det er eit kvinnemenneske som står der og talar den mørkaste, organiserte kriminaliteten i krig midt i mot.

Det er i akkurat denne kjolen ho vel å konfrontera pressa og stå side ved side med generalsekretæren i Nato. Dei to har skrive ein kronikk saman i desember 2017 og Jolie er invitert til å lansera deira felles kampanje mot den mørkaste, organiserte kriminaliteten. I talen spissar FN-utsendingen kampanjen mot valdtekt som våpen i krig og væpna konflikt. Eit våpen og ei valdsutøving ingen blir stilt til ansvar for.

Dette blir for sterkt for norske media. Berre ein snutt av eit videoklipp der Jolie talar ut saka, viser kjolen og ringinga, halvt skjult av stativet for manus. Me såg klippet kort på NRK 1 og det ligg ute i kortkort form på arkiv, enno. I media som omtalar hendinga er Jolie iført den svarte kappa over kjolen: mellom anna i Dagens Næringsliv, hos Hegnar. Kan henda desken viser henne slik i aller beste hensikt. For å gi henne respekt, for å gi henne jevnbyrde. For å frita henne både frå sex og frå sosialt og kulturelt kjønn (gender).

Men ho vil det ikkje slik med denne kjolen. Det er hennar våpen, akkurat denne kjolen på akkurat denne staden i akkurat denne tid.

Kva seier kjolen? Kjolens statement er at menn får tòla at kvinner er kvinner. At kvinner vil stå fram som kvinner, stolte og vakre, utan kjønnsnøytralisert identitet, utan å maktstela eiga kraft. Kjolen utfordrar òg kvinners late aksept av eit nøytralt, androgynt ytre, «debeautified and invisible». Kjolen talar til menneskemenn om å respektera kvinners attraksjon. Kjolen pirkar i spontankonkroll over eigne behov, erkjenning av mektige forskjellar. Kjolens asymmetriske ringing skjer tvert og målber mørk brutalitet og mannsmakt. Slik stiller kjolen krav til intellektuell og emosjonell meirinnsats. Kjolen utfordrar både persepsjon, fordommar og vit: Våg å sjå og å skjøna ein kompleks bodskap.

Våg å visa kjolen!

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Det er hennar våpen, akkurat denne kjolen på denne staden»