Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180212/ARTICLE/180219988

• Årets parolemøte var eit av dei største i nyare tid • Intense diskusjonar om sexarbeid

I klinsj før kvinnedagen

Av Anne Kari Hinna

Publiseringsdato: Mandag 12. februar 2018

Seksjon: Innenriks

FULLT: Om lag 10.000 mennesker samla seg på Youngstorget i Oslo for å markera kvinnedagen i fjor. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

FRONTAR: Omgrepet «sexarbeid» splittar feministar. Fleirtalet i 8. mars- komiteen i Oslo står fast på at «prostitusjon er slaveri» og ikkje arbeid.

8. mars

Parolemøte i forkant av årets 8. mars-tog i Oslo blei arrangert i helga. Rundt 200 personar stilte med stemmerett, noko som gjer møtet til eit av dei største i nyare tid.

Det var kome inn heile 160 paroleforslag, men det meste av tida gjekk likevel til å diskutera det omstridde forslaget «Sex Workers’ and trans rights = feminism», som blant andre organisasjonane Skeiv Ungdom, Pion – sexarbeidaranes interesseorganisasjon og HivNorge stod bak. Forslaget blei nedstemt.

Leiar for Skeiv Ungdom, Marthe Øvrum, seier behov for ein feminisme som i større grad lyttar til dei av oss som sel sex og dei av oss som er transpersonar.

– Når transpersonar og sexarbeidarar seier at dei ønsker meir plass i denne rørsla, så blir dei stemt ned. Det er trist, seier Øvrum.

– Men kvifor samlar de desse to gruppene i ein parole?

– Fordi både dei av oss som er trans og dei av oss som sel sex er marginaliserte i samfunnet, og opplever at den feministiske rørsla i dag er for dårleg til å lytta til stemmene våre.

FAKTA

8. mars:

• Den internasjonale kvinne­dagen blir markert verda over 8. mars kvart år.

• Ideen om ein kvinnedag går tilbake til kampen for kvinneleg stemmerett og arbeids­takarrettar for kvinner.

• I Norge blei kvinnedagen fyrst markert i 1915. Særleg på 1970-talet mobiliserte kvinnedagen fleire tusen kvinner og menn.

• Også dei siste åra har det vore store 8. mars-tog i fleire byar.

Pro prostitusjon-parole

Hanne Størset, pressekontakt for 8. mars-komiteen og medlem av Kvinnegruppa Ottar, seier kvinnerørsla ikkje vil bruka omgrepet «sexarbeidar». Internasjonalt har det gjort kampen frå andre kvinneorganisasjonar vanskelegare, etter at «sex worker»-omgrepet etablerte seg i USA og vidare til internasjonale organisasjonar, ifølge Størset.

­– Internasjonalt er sex workers rights-organisasjonar ei rørsle som går for legalisering, og som gir rettar til hallikar. Det er ei pro- prostitusjonssak, seier ho.

– Internasjonalt har det vore veldig øydeleggande å ta inn omgrepet, seier ho.

– Me vil avgrensa prostitusjon, få rettar til prostituerte og straffa horekunden. Det får me ikkje med det omgrepet, seier ho.

– Legalisering fører ikkje med seg noko bra, seier Størset, som synst det er synd debatten om sexarbeid tar så stor plass i opptakten til 8. mars.

Det er ikkje fyrste gang. Ei rekke gongar har denne debatten skapt høg temperatur i forkant av 8. mars-toget. Både i 2016 og 2017 var det Unge Venstre som ville endra parolen om sexkjøpsloven. I fjor med støtte frå partileiar Trine Skei Grande på parolemøtet.

RETTELSE

Hovedparoler 2018

• Metoo - fra taushet til kvinnekamp!

• Støtt demonstrantene i Iran, ned med det kvinneunder­trykkende presteregimet i Iran

• Oppholdstillatelse til alle ofre for menneskehandel

• Kvinner for fred. Stans norsk våpeneksport og militarisering av Norge

• Frihet også for verdens rullende kvinner! La oss delta og bidra på lik linje som alle andre

• Antirasistisk kvinnekamp mot sosial kontroll og æreskultur!

• Se oss. Hør oss. Gi oss arbeid!

• Det er lov å være stygg – Stopp skjønnhetstyranniet

• Vi er halvparten av historiene

• Frihet til å være seg selv – nei til kjønnsstereotypier

• Sex uten samtykke er voldtekt – vi krever samtykkelov!

• Byrden over på voldsutøver – bruk omvendt voldsalarm!

• Havarikommisjon for kvinnedrap

• Pornofri barndom – nettpornofilter nå!

• Prostitusjon er slaveri – styrk sexkjøpsloven og hjelpe­tiltakene

• Kvinnekamp er klimakamp / klimakamp er kvinnekamp

• Felleskap mot incest og seksuelle overgrep

• Nei til surrogati. Livmor er ikke en handelsvare

• Barselrevolusjonen: Dette er vårt siste varsel, nå vil vi ha bedre barsel

• Kvinner over hele verden krever selvbestemt abort og prevensjon!

• 8-timersdagen 1918 – 6-timersdagen 2018!

• Pensjonskamp er kvinnekamp – forsvar offentlig AFP.

• Lønnet arbeid til alle – praksisarbeid er slavearbeid!

• Ikke shoppe vakter – hele og faste stillinger nå

• Likelønn NÅ! – aktiv politikk for kjønnsbalanse i alle yrker

• Styrk kvinnekampen – øk støtten til kvinneorganisasjoner

– Kun kvinnerørsla

Astrid Renland er administrerande ansvarleg i Pion, interesseorganisasjonen for sexarbeidarar. Ho seier parolen var føreslått både for å synleggjera at sexarbeidarar og transpersonars kamp for rettar er feminisme, og appellera til solidarisk og inkluderande feministisk kamp og markering på den internasjonale kvinnedagen.

­– Omgrepet sexarbeid har fleire dimensjonar, mens prostitusjon både er heteronormt og ekskluderande. Det er berre radikalfeministar som slåst for bruken av prostituert. Med omgrepet sexarbeidar vil me synleggjera at ein sel sex fordi ein skal tena pengar, og treng rettar, uavhengig av kva som ligg bak. Det er eit internasjonalt omgrep, som blitt brukt av internasjonale helse- og rettsorganisasjonar. Norad brukar det, seier ho.

– Og dette er feminisme?

– Ja, feministar er delt på spørsmålet om sexarbeid. I norsk kvinnerørsle står radikalfeministiske perspektiv sterkt, mens andre retningar som liberal og queer-feminisme støtter sexarbeidaranes kamp for rettar.

Ho seier Ottar sitt forslag om hjelpetiltak er vanskeleg å foreina seg om, fordi det er knytt til eit exitprogram og utelét hjelp i form av skadereduksjonstiltak.

– Korleis opplevde du parolemøtet?

– Eg skulle ønskt me fekk hovudparolen, men me er veldig godt nøgd med at me tapte med knapp margin. Det er eit teikn på at det skjer noko.

Stemmene blei ikkje talt opp, men Størset seier at det ikkje er tvil om kva fleirtalet blant dei frammøtte meinte.

– Kvinne- og fagrørsla står saman. Omgrepet sexarbeid gir ikkje meir rettar til kvinner i prostitusjon, seier ho.

anneh@klassekampen.no

UNDERSAK

Barsel og kvinner på hjul

Årets hovudparole i 8. mars-toget blir ikkje uventa relatert til metoo-kampanjen, som sidan oktober i fjor har sett seksuell trakassering på dagsorden verda over i alt frå politikk til idrett, styrerom til fagforeiningskontor. Dei fleste av parolane i 8. mars-toget er kjente, men det er foreslått og vedtatt fleire parolar enn tidlegare. Hanne Størset, pressekontakt for 8. mars-komiteen, trekker fram ein parole føreslått av Handikapforbundet om fridom også for verdas rullande kvinner og paroleforslaget til den nye organisasjonen Landsforening 1001 dagar om barselrevolusjon – dette er vårt siste varsel, no må det bli betre barsel.