Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20180125/PLUSS/180129955

Per og Poppe går godt saman

Av Guri Kulås

Publiseringsdato: Torsdag 25. januar 2018

Seksjon: Film

PER LER: Nyttig og artig galgenhumor, alvor og trass mot førestillingar om kva det er å vera dødssjuk.FOTO: PARADOX/NFD

Råd og røynsler vi treng før heller enn seinare.

FILM

«Per Fugelli – siste resept»

(Noreg, 2018)

Regi og manus: Erik Poppe

Med: Per Fugelli, Charlotte Fugelli, Aksel Fugelli

Lengde: 1 t. 50 min.

Melding

HHHHHI

Ein kunne tru at koplinga mellom sosialmedisinar og tabloidfavoritt Per Fugelli og regissør Erik Poppe vart i meste laget. Poppe («De usynlige», «Kongens nei») er sjølverklært tilhengjar av å måla dei store livsdramaa med brei pensel på lerretet, medan den kjenslestyrte rasjonalisten Fugelli likte å konsentrera store tankar i aforistiske livssentensar.

I kinosalen opplever ein at pompøsiteten ved begge forsvinn i møtet med døden. Tilbake står eit leikande, ærleg og nyttig dokumentarisk portrett. Med sympatisk varme gjev Poppe og fotograf Martin Otterbeck oss respektfulle glimt av styrkane og motseiingane i (samfunns)mennesket Fugelli, berre slik ein årvaken fotograf og ein klok regissør kan. Opninga, der Fugelli skal læra oss å knyta tversoversløyfe, er talande.

«Per Fugelli – siste resept» er eit argument for at Poppe burde laga fleire dokumentarportrett. Dette er ein sjanger som kler temperamentet hans, og kor hans estetiske medvit som spelefilmskapar gjer den allmenne tematikken rikare. Her er mange scener frå Fugellis kjæraste stadar på Røst, Orre og i Oslo, som opnar for at sjåaren kan leggja sine eigne tankar og røynsler inn i bilda.

Filmen er tatt opp i dei siste leveåra til Per Fugelli, som døydde 13. september i fjor, og temaet er sjølvsagt døden, kva han gjer med oss som menneske, forholdet til våre næraste og til samfunnet. Dette er tema der Fugelli har brote ny grunn i Noreg, både gjennom bøker og intervju. Faktisk så iherdig at han fekk ein sarkastisk aviskommentar om at han no hadde halde på å døy i sju år.

Det var ein frekk replikk, men også avslørande for dum, norsk smålegheit. Som om døden var eit uttømt tema, i eit inneslutta land der så mange ankar på alt dei ikkje fekk snakka med sine næraste om før det var for seint, og der den uverdige sjukeheimsdøden er sorgtyngd skam i så godt som alle familiar. Når Fugelli seier at «Noreg er verdas beste land å døy i», er hans død ei godt planlagt avskil som verkar misunnings­verdig privilegert, trass den nådelause hjernekreften. Det er eit paradoks det er verd å ta til seg. Jamvel om «Per Fugelli – siste resept» byggjer på legens publiserte tekstar, yter filmen nyansar (òg gjennom kona Charlotte Fugelli) som gjer at han fyller tittelen godt.

guri.kulaas@klassekampen.no