Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20161102/ARTICLE/161109991

LO-striden

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Onsdag 2. november 2016

Seksjon: Lederen

• LO-striden om olje- og gassverksemd i nord har vorte enda meir eksplosiv etter at tungvektarar i Fellesforbundet og Industri Energi trua med splitting av LO. På LOs olje- og gasskonferanse la dei denne veka fram ei fråsegn om at industriforbunda bør gå ut av LO dersom kongressen til våren «overkjører industrien». Bakgrunnen er at det ser ut til å vera fleirtal for vern av Lofoten, Vesterålen og Senja i LO, og særleg at det store Fagforbundet går inn for at «Norges olje- og gassproduksjon må trappes ned». I industriforbunda blir dette tolka som at LO no skal gå inn for at deira eigne arbeidsplassar skal avviklast, attpåtil i ei tid der 40.000 jobbar i oljenæringa har gått tapt.

• LO-leiar Gerd Kristiansen, som sjølv kjem frå Fagforbundet, sa i går at ho forstår at industriarbeidarane er forbanna. Kristiansen brukte talen sin i Bodø til å knesette prinsippet om at det er interessene til dei forbunda som blir mest påverka av eit vedtak, som skal vege tyngst når LO tar stilling i stridssaker. Ho har rett i at det har vorte tradisjon for at industriforbunda får ha styringa på industripolitikken og dei offentlege forbunda på velferdspolitikken til LO. Likevel har LO også eit anna prinsipp, nemleg at fagrørsla skal ta eit langsiktig samfunnsansvar, sjølv om det kan gå ut over dei kortsiktige interessene til medlemmene. Det ser vi blant anna ved moderate lønnsoppgjer. Kombinasjonen av høgt medlemstal og samfunnsansvar har gitt LO ein innverknad på samfunnet som saknar sidestykke i norsk og internasjonal fagrørsle.

• For LO er det uheldig at striden om olje i nord har vorte så tilspissa, også fordi det uansett er vanskeleg å sjå for seg at Norge kan få ei regjering som sett i gang utbygging utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. LO-kongressen må legge vekt på interessene til medlemmene, men også vurdere omsyn til klima og miljø, fiskeri og turisme. Det må vera råd å finne eit kompromiss som legg opp til å styrke industripolitikken og framleis drive petroleumsverksemd, utan at dette må skje gjennom omstridd utbygging i Lofoten. Både LO-medlemmene og det norske samfunnet er tente med eit sterkt og samla LO.