Print URL: http://www.klassekampen.no/article/20160406/ARTICLE/160409978

Avsløringane

Av Kjell-Erik N. Kallset

Publiseringsdato: Onsdag 6. april 2016

Seksjon: Lederen

• Det norske sjølvbildet tilseier at vi er eit heiderleg folk, med lovlydige bedrifter og politikarar som ikkje lar seg kjøpe. I fellesskap sit vi på enorme verdiar, gjennom statens store eigardelar i viktige selskap og gjennom dei mange mindre aksjepostane til det gigantiske oljefondet vårt. Desse verdiane vil vi skal forvaltast til beste for samfunnet, på måtar som er etisk og juridisk høgverdige. Dei siste åra har vi likevel sett at store og delvis statseigde selskap har vorte knytt til tvilsame eller ulovlege verksemder: I fjor vart direktørar i Yara dømt for korrupsjon i Libya. Telenor og Statoil har vorte skulda for innblanding i tvilsam verksemd i høvesvis Usbekistan og Angola, og no blir det retta kritisk søkelys mot aktiviteten til Kværner i Kasakhstan. På toppen av alt viser den omfattande Panama Papers-lekkasjen at statseigde DNB har fått kundar til å plassere pengar i skatteparadis, der dei kan sleppe unna skatt og offentleg kontroll.

• Sakene har avslørt at det norske sjølvbildet er for godt. Transparency International kåra rett nok nyleg Norge til verdas femte minst korrupte land, men undersøkinga tar for seg korrupsjon i offentleg sektor. Dei store norske selskapa opererer derimot i fleire av dei mest korrupte landa, har Klassekampen vist. No ser vi også at nokon av dei er knytt til tvilsame operasjonar i skatteparadis. Det er verdt å merke seg at fleire av avsløringane har komme til gjennom massive lekkasjar i aviser og fjernsyn, ikkje etter at det har vorte gripe inn frå eigarar, politi eller andre styresmakter.

• Det norske folket kan forlange at styresmaktene hindrar at selskapa og formuen vi eig blir nytta i korrupsjon og lovbrot, særleg i ei tid med veksande oljefond og styrkt internasjonalisering. Regjeringa og Stortinget må no syte for at politiet får ressursar til å stoppe økonomisk kriminalitet, blant anna ved å styrke Økokrim. Eigarskapspolitikken må skjerpast slik at selskapa held seg borte frå gråsoner og korrupte regime. Dessutan må oljefondet trekke seg ut av skatteparadis, der vi i dag har investert 200 milliardar kroner. Får vi til dette, vil det komma noko godt ut av dei alvorlege avsløringane.