Fredag 12. august 2005
Borgarleg humanist
I dag er det fest i Tyskland. Det er femti år sidan den store Thomas døde.

I dag er det femti år sidan han døde, essayisten, kritikaren og romanforfattaren Thomas Mann, ein av dei få heltane Tyskland sat att med etter sivilisasjonssamanbrotet.

Mann vart fødd i Lübeck i 1875 og vaks opp i ei elevert kjøpmannsslekt. Etter at faren døde avbraut han handelsgymnaset og flytta til München i 1893, der han ei kort tid var student ved universitetet. Best kjend er han for romanen «Buddenbrooks. En families forfall» frå 1901, som han fullførte berre 25 år gamal. Boka er ein saga om ein kjøpmannsfamilie i forfall gjennom fire generasjonar og gjorde dei gode innbyggarane i Lübeck rasande. Ikkje utan grunn såg dei herskande klassene romanen som ei rein utlevering av byens borgarskap.

«I 'Budenbrooks' skreiv han ein av dei siste store 'gamaldagse' romanane, ei tolmodig, gjennomarbeida skildring av ein familielagnad,» skreiv Thomas Mann-biografen Henry Hatfield alt i 1962.

Hatfield hadde nok rett i 1962, Mann var sett på som ein tradisjonell borgarleg forfattar av dei fleste i si samtid og åra etter han døde. Slik er det ikkje lenger. I dag vert Mann rekna for å vere ein av dei store og nyskapande forfattarane i det 20. hundreåret.

Nobelprisen

I 1929 fekk Mann Nobelprisen for «Buddenbrooks», ni år etter hans store førebilete Knut Hamsun fekk prisen for «Markens grøde». At Mann fekk prisen for «Buddenbrooks» og ikkje for den meir originale «Trolldomsfjellet», hans andre store arbeid frå 1924, syner kor konservativt det svenske Akademiet var i mellomkrigsåra.

«Trolldomsfjellet» kan lesast som ein allegori over det sjuke Europa, ein sivilisasjon i forfall. Hans Castorp, ein ung rentist frå Lübeck, dreg til eit luksuriøst sanatorium i Davos for å vitje sitt sjuke syskenbarn. Castorp har ein lett feber, men kan vanskeleg seiast å vere sjuk. Likevel vert han verande på sanatoriet i mange år, heilt til han vert utkalla til fyrste verdskrigen og etter mykje å døme døyr på slagmarka.

To menn kjempar om Castorps sjel, den naive italienske humanisten Settembrini og Naptha, den radikale, men reaksjonære jesuitten som forkynner det naudsynet ved irrasjonell og blind tru. Naptha er elles eit nidportrett av den formalistiske og marxistiske litteraturvitaren Georg Lukács - Mann hyste ei stor forakt for den ungarske kommunisten. Og det er Naptha som syner seg sannspådd: «Mysteriet og rettesnora er ikkje frigjering og utvikling av egoet. Det vår tid treng, kva vår tid krev, kva vår tid vil skape for seg sjølv, er - terror.»

Naptha utfordrar så Settembrini til duell. Den naive italienaren skyt i lufta, Naptha toler ikkje det han meiner er Settenbrinis feigskap og skyt seg sjølv. Napthas lagnad vert Tysklands lagnad.

15 år i eksil

Etter at Hitler fekk makta av Riksdagen i 1933, flytta Mann til Sveits. Der vart han redaktør for litteraturtidsskriftet «Mass und Wert». Tre år seinare drog han til USA og var ei tid professor ved University of Princeton. I 1941 flytta han til Santa Monica i California, der han vart verande i ti år.

I 1951 var han på ny attende i Sveits, han makta ikkje den stadig tiltakande kommunisthetsen i USA. Men Tyskland gjorde han demonstrativt sitt ytterste for å unngå.

I 1947 kom Manns siste store verk, «Doktor Faustus», historia om den geniale komponisten Adrian Lewerkühn og Tysklands forfall og sjølvdestruksjon gjennom to verdskrigar.

Essayisten Mann

Thomans Mann kan vanskeleg seiast å vere korkje utopist eller radikal. Om det er eit tema som går att i forfattarskapen hans, er det kor viktig det er verne om borgarlege og humanistiske verdiar. For det var etter Manns meining den borgarlege kulturen som er berar av den humanistiske åndstradisjonen, ein tradisjon Mann i det minste lenge ville hegne om. Men «Doktor Faustus» kan kanskje lesast som ein overgjevnad frå Mann si side, kampen mot forfallet i borgarskapet er nyttelaust, noko nytt må kome.

Mann var òg ein meisterleg essayist. Særleg mykje skreiv han om sine litterære førebilete. I essayet «Adel des Geistes» (1945) vedkjenner han seg til dei ham meiner er representantane for det humanistiske Europa, særleg Goethe, Schopenhauer, Wagner, Tolstoj og Fontane. Om alle desse var like humanistiske, skal her vere usagt.

Mann såg på seg sjølv som ein romanforfattar i den realistiske tradisjonen. Ein særleg stor beundrar var han av Leo Tolstoj og hans roman «Anna Karenina» - han skreiv fleire essay om det han kalla Tolstojs «udødelege realisme».

Ein norsk forfattar heldt Mann, i det minste i sine tidlege år, som nesten like stor som Tolstoj. Det var Alexander Kielland. Men ingen kunne, i Manns auge, likevel måle seg med Goethe.

På veg mot sosialismen

Innan det norske omsetterlauget vert Dag Østerbergs omsetting av «Doktor Faustus» rekna som ei av dei beste, om ikkje den beste omsettinga av ein roman til norsk. Det var i 1969 at den då 31-årige komande sosiologi- og musikkprofessoren Dag Østerbergs omsette romanen til norsk.

- Er det rett dette ryktet som går, at du eigentleg ikkje kunne tysk då du byrja på omsettinga?

- Nei, det var ikkje heilt slik, seier Østerberg.

- Eg var slett ikkje dårleg i tysk i min ungdom, men då eg takka ja til førespurnaden frå forlaget, hadde eg gløymt kor mykje eg hadde gløymt. Difor vart omsettinga eit slit, men eit slit eg hadde særs mykje att for.

Dragning mot sosialisme

I samband med den tyske feiringa av Mann-jubileet har fleire tyske aviskommentatorar trekt fram Mann som ein som såg kva som ville kome og som åtvara mot konsekvensen av dette. Østerberg nøler med å seie seg heilt samd.

- Det er i og for seg rett. Men sanninga er også at han nølte lenge med å ta avstand frå Hitler. Om eg ikkje hugsar heilt feil, så var det vel slik at Mann så seint som i 1930 lurte på om ikkje Hitler spelte ei naudsynt rolle. Det er dottera Erika Mann som overtyder faren om kor farleg Hitler er. Både Erika og sonen Klaus var tidleg konsekvente antifascistar.

- Men «Trolldomsfjellet» kan vel lesast som ei åtvaring mot diktaturet?

- Jau då. Men det er nok meir det kommunistiske diktaturet han der har i tankane. Både «Doktor Faustus» og «Trolldomsfjellet» viser at han er svært knytt til ein borgarleg kultur og ein borgarleg humanisme.

- Men er han ikkje desillusjonert over det borgarlege forfallet i Faustus?

- Han ser vel heller at den klassiske borgarlege perioden er over, at borgarskapet meir vert eit funksjonærsjikt. Mot slutten av romanen står han nesten fram som ein sosialdemokrat, ein som ynskjer at vegen til sosialismen skal verte opna. Han seier òg at han heilt klart føretrekk kommunisme framfor nasjonalsosialisme, som han kallar avskummets diktatur, fortel Østerberg.

- Ein racer

Men sjølv var altså Mann prega av sin høgborgarlege bakgrunn, med sterk vektlegging på allmenndanning, fortel Østerberg.

- Han var så utruleg gåverik, ein racer til å plukke opp ting. Alt han tek i, frå medisin til musikk, verkar det som han kan veldig godt, som om han alltid har hatt kunnskapen. I tillegg kjem sjølvsagt humoren og den distanserte ironien.

«Dokor Faustus» er ein bibel for mange musikkteoretisk interesserte, fortel Østerberg. Bakteppet er Arnold Schönbergs nyskapande 12-tonemusikk.

- Det er openbert at Mann kunne mykje om musikk, men musikkteoretisk hadde han klare manglar. Difor var han på jakt etter nokon som kunne hjelpe han. Den hjelpa fekk han faktisk frå Adorno. Adorna har laga fleire av skissene til fleire kapitel i «Doktor Faustus». Når eg les musikkteorien i boka, tenkjer eg ofte på den som Adornos og Manns musikkteori. Det seiast elles at Schönberg ikkje var særleg samd i Adornos utleggingar, Schönberg var for konservativ til det.

Kielland-landet

Ikkje uventa er «Doktor Faustus» Østerbergs favorittroman i Mann-universet.

- Eg tykkjer «Faustus» er ei djupare bok enn «Trolldomsfjellet», men det er òg ei mykje tyngre bok. «Trolldomsfjellet» har mange strålande parti, men det er ein meir tradisjonell roman, kanskje sett vekk frå det partiet der Castorp går seg vil i snøen og det heile endar opp ei ein draumesekvens. Men det vil eg seie, at eg kjem stadig attende til alle Manns romanar, men for oss nordmenn har kanskje «Buddenbrooks» er særleg posisjon, sidan romanen er modellert etter Alexander Kiellands bøker. Mann kalla jo som kanskje kjent Noreg for Kielland-landet, seier professoren.

Utgivelser på norsk

15. august kjem Gyldendal med ei nyomsetting av «Buddenbrooks».

No er romanen gjeven ein ny tittel på norsk, «Buddenbrooks. En families forfall» - ein tittel som samsvarar med den tyske tittelen «Buddenbroorks. Verfall einer Familie». Omsettar er Per Paulsen. Denne gongen er òg alt av den opphavlege teksta komen med.

Med det har Gyldendal gjeve ut dei tre store romanane til Thomas Mann, «Buddenbrooks», «Trolldomsfjellet» og «Faustus», i fullstendige utgåver.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.25
Lørdag 25. januar 2020
Venstres Abid Raja tar over som kulturminister etter partileder Trine Skei Grande. Kulturlivets aktører står klar med en lang kravliste.
Fredag 24. januar 2020
Medietilsynet er skeptisk til å gi vide fullmakter til et nytt mediestøtteråd. – Det kan være utfordrende å samle såpass mye makt på ett sted, sier direktør Mari Velsand.
Torsdag 23. januar 2020
Aschehoug får kritikk for å la debutanter seile sin egen sjø. – Vi har en sunn rekrutteringspraksis, svarer forlagssjef Nora Campbell.
Onsdag 22. januar 2020
Uønskede kommentarer om kropp og sex er like utbredt i mediebransjen som for to år siden, viser ny undersøkelse. – Vi må forstå alvoret, sier journalist Ragnhild Ås Harbo.
Tirsdag 21. januar 2020
Ved å utelate Utøya-naboene tidlig i prosessen kan man ha rotet bort sjansen til å få en konstruktiv dialog om minnested etter 22. juli, mener forsker.
Mandag 20. januar 2020
I Hamar har det vært arbeidet i 26 år for å få på plass et museum som hedrer den folkekjære poeten Rolf Jacobsen. Fortsatt er planene helt i det blå.
Lørdag 18. januar 2020
Skattedirektør Hans Christian Holte er skeptisk til at flere land inn­fører nasjonal digitalskatt. – Det kan svekke krafta i den internasjonale prosessen, sier han.
Fredag 17. januar 2020
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen gir Konkurransetilsynet ny marsj­ordre: Kampen mot internasjonale IT-giganters markedsdominans skal trappes opp.
Torsdag 16. januar 2020
Tre av Vigmostad & Bjørkes nye titler ble ikke sendt rett til bibliotekene. Om tendensen brer seg, kan leserne måtte vente lenger på at bøker når bibliotekhyllene.
Onsdag 15. januar 2020
Regjeringen kan ikke bare lene seg på internasjonale avtaler om beskatning av IT-gigantene, mener SV og Arbeiderpartiet.