Fredag 6. september 2013
Tel ned til regjeringsskifte
8 av 10: Få stader stemmer fleire av innbyggarane Høgre og Framstegspartiet enn i Austevoll. No ventar fiskarane i øyriket på ei ny regjering.

Av Anne Kari Hinna (tekst og foto)

 – Det er lov å lykkast og å heia på kvarandre her ute, seier Helge Andre Njåstad, den populære Frp-ordføraren i Austevoll som no siktar mot Oslo.

Sola skin over Torangsvågen, ei av dei største fiskehamnene i landet, ifølge ordføraren.
Tonnevis av fisk kjem i land i Austevoll kvart år. Fisk har gitt arbeid i generasjonar, og etter kvart har fiskeformuane yngla. Austevoll er i dag ein av dei kommunane i landet som husar flest millionærar i høve til innbyggartalet.
I dag blir også tonnevis av laks og aure hausta frå merdane kring dei mange øyene i Austevoll. Når lakseprisen er god, slik som no, renn millionane inn.
– Me er blitt den tredje største havbrukskommunen, og er stor på offshore. Dei har vore flinke å invistera her ute, seier Njåstad.
Mens næringslivet er stort, har berre 20 prosent av austevollingane jobb i offentleg sektor. Det kan vera ein del av forklaringa på stemmegivinga i kommunen: Her stemmer nesten alle blåblått.
–Ny kurs på havet
I Torangsvågen legg ikkje fiskarane skjul på at dei håpar på ny regjering. Dei ønsker relgar som kan gjera fiske endå meir effektivt og lønnsamt enn i dag. 
– Alle fiskarane ventar på eit regjeringsskifte, seier Knut Inge Østervold. 
Han høyrer til ein av fleire store fiskefamiliar frå Austevoll, som har tent millionar på fisk.
Østervold ønsker blant anna å ta med meir fisk på kvar tur.   
– Det er alt for mange båtar og for lite å fiska på. Me må få ha fleire kvoter på ein båt, seier han.
Med Høgres fiskeriminister Svein Ludvigsen i spissen blei kvoteomsettinga sterkt liberalisert midt på 2000-talet. Kvotane for havfisket blei blant anna gjort evigvarande. Mange på Austevoll gledde seg over grepa som Bondevik II-regjeringa tok. Men då Helga Pedersen (Ap) tok over fiskeridepartementet, la ho om kursen. 
I hamna på Austevoll lover Njåstad endringar med ei borgarleg regjering.
– Det er Finnmark Arbeidarparti som har fått styra fiskeripolitikken. No må me komma oss inn på same kurs som me var på før Helga Pedersen blei fiskeriminister, seier ordføraren.
Frp vs. Høgre
I havgapet røyster rike fiskarar, oppdrettarar, gründarar og andre næringslivsaktørar blått. Høgre og Frp fekk 78,4 prosent av stemmene ved lokalvalet i 2011. 
Men det skal ikkje herska tvil, i Austevoll er det Framstegspartiet som er størst. Sidan 2003 har Frp styrt i lag med Senterpartiet og KrF. Medan Høgre har sete i opposisjon med Arbeidarpartiet. 
Men store skilje mellom Høgre og Frp er det ikkje, ifølge, ifølge Kurt Frank, han sit i formannskapet for Høgre.
Etter stortingsvalet for fire år sidan blei Austevoll den største Høgre-kommunen i Hordaland.
– Kvifor trur du så mange røyster blått på Austevoll?
– Me har eit stort næringsliv. Og me ser viktigheita av at næringslivet må tena pengar for at folk skal ha jobb, seier han.
Vekk med skatt
Ein periode måtte austevollingane til og med bidra med eigedomsskatt til ei skral kommunekasse. 
– For budsjettet for 2013 tok me vekk eigedomsskatten på bustader, fritidshus og næring, seier ordførar Njåstad.
På kommunehuset tar han fram tala som gler han. Folkevekst. Snuoperasjon. Eit kommunalt gigantunderskot over fleire år er snudd i pluss. Det er optimismen som rår i Austevoll, som var på konkursens rand for nokre år sidan. 
– Næringslivet gav oss til slutt beskjed om at me måtte fjerna bremseklossen i administrasjonen. No har verda snudd, seier Njåstad. 
Kommunen blei sett på ein skikkeleg hestekur. No vil Njåstad og co. bygga eit badeanlegg på ei av øyene, i lag med næringslivet, fortel han. Millionane sit laust. 
– Me girer kvarandre opp. Dette avtalte me over ein kopp kaffi. Den kommunale delen skulle vera 20 millionar, men blei 30. Så då måtte eg få dei ti inn i budsjettet.
Njåstad er optimist, frampå og marknadsfører «Ja-kommunen» så godt han kan.
– Me bruker heller litt mykje pengar på at dei unge skal vera aktive, seier han.
– Ikkje alle stemmer Frp 
Lengre sør i kommunen på austsida av øya Selbjørn ligg handelssenteret i kommunen, Bekkjarvik. 
Henrik Veivåg tar ein kaffi og røyk i sola. 
– Eg har vore forlova med ei frå eit anna land i seks år, og har to gongar søkt om familiegjenforening og fått avslag.   Eg synst reglane er strenge nok som dei er i dag. Slepp du Frp til makta blir det enda verre, seier Veivåg.
– Kven du blir glad i kan du ikkje bestemma, seier han.
Bilete av Austevoll som ei millionærøy må korrigerast.
Eit par timar seinare møter Klassekampen styret i Fagforbundet.
– Det som er feil her i Frp-kommunen, er at alt ubehageleg blir skubba under teppe, seier Hans Olav Økland. 
No er det knytt stor spenning til konsekvensane av å la private ta over heile eldreomsorga i kommunen.
–Tap i alle endar
Men fiskarane vil ha ei ny regjering, og det er særleg dette med kvotar og kor mykje fisk dei kan få dra opp i kvar båt, som frustrerer dei.
– Det er alt for tungrodd no. Det kryr av makrell, som me ikkje får fiska, seier Morten Njåstad. Han er onkelen til ordføraren.
– Men de må ikkje øydelegga arbeidsplassane, åtvarar han, som har med seg sonen Nikolai på opplæring.
– Nei da, det skal ikkje gå som på Island og i Danmark, forsikrar nevøen.
På Island er fiskerettane blitt samla på få hender. Det har gått svært hardt ut over mindre fiskesamfunn, både småfiskarar og lokale fiskeforedlingsindustri har blitt nøydde til å legga inn årene. Fleire mindre fiskesamfunn har stått igjen utan ein einaste fiskekvote.
Njåstad meiner likevel at tøylane må slakkast. 
– Det er alt for mange rare reglar. Det må bli meir fleksibilitet. De må få dela på kvotar og byta kvoter, ordna opp sjølv. Ein båt må få ta dobbelt opp med makrell, så kan ein annan ta dobbelt opp med lodde, foreslår ordføraren.
Mykje tyder på at fiskarane kan ha fått ny regjering før hauststormane set inn.
 
Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.32
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.
Fredag 9. november 2018
FALL: Gapet mellom nivået på den statlige bostøtten og boutgifter i storbyene har økt dramatisk, viser ny rapport. Byene får en ekstraregning på flere hundre millioner.
Torsdag 8. november 2018
FRAFALL: Ungdom som faller ut av videregående fanges opp for seint, sier Jan Bøhler.
Torsdag 8. november 2018
KLAR MELDING: Leder for FNs klimapanel Hoesung Lee vil nødig fremstå alarmistisk. Men forskningen er entydig: Vi har dårlig tid, sier han.
Onsdag 7. november 2018
SAMLING: Ap, Sp og SV har reint fleirtal i Klassekampens novembermåling. Etter å ha blitt vraka av KrF er Jonas Gahr Støre klar for å samkøyre med dei raudgrøne.
Tirsdag 6. november 2018
KOSTBART: Jakten på de tapte Terra-pengene har gitt store inntekter til advokatene som det siste tiåret har jobbet med saken.
Mandag 5. november 2018
STRID: Når abortloven nå er på forhandlingsbordet, vil Senterpartiet fremme forslag om å fjerne den omstridte retten til tvillingabort. Ap går for fort i vranglås, mener Kjersti Toppe.
Lørdag 3. november 2018
DELT: Sentrale partifolk tror det kan ta tid å samle fløyene i KrF etter partiets skjebnelandsmøte på Gardermoen i går.
Fredag 2. november 2018
NEI: Dersom KrFs høyrefløy vinner fram på dagens skjebnemøte, forsvinner sentrum i norsk politikk, advarer Anne Enger.