Lørdag 24. august 2013
Fjernar makta frå folket
REDUKSJON: Store kommunar betyr mindre lokaldemokrati, viser nytt forskingsprosjekt.

Eit av dei mest brukte argumenta i debatten om kor mange kommunar vi skal ha i Noreg er at større kommunar flyttar makta vekk frå folket, og svekkjer demokratiet. Men, stemmer det?


Ja, hevdar eit nytt og omfattande forskingsprosjekt som var presentert under ein konferanse om kommunestruktur, arrangert av Universitetet i Oslo i går.


- Vi meiner å kunne vise at lokaldemokratiet minkar i takt med at kommunane blir større, seier professor i statsvitskap Lawrence E. Rose til Klassekampen.


Studien, som enno ikkje er publisert, samanfattar erfaringar frå Danmark, Nederland, Sveits og Noreg, og tek opp argument både frå faglitteraturen og den offentlege debatten.


- Vi har sett på mange ulike faktorar til dømes valdeltaking, politiske interesse og politisk kunnskap. Skal innbyggjarane ha moglegheit til å følge med å kontrollere dei politiske prosessane er det siste viktig, meiner Rose.


Han understrekar samstundes at det er viktig å ha andre faktorar i mente.


- Den demografiske samansetjinga av befolkninga i ulike kommunar er forskjellig. Faktorar som utdanningsnivå og kor mange som har innvandrarbakgrunn påverkar sjølvsagt, men det har vi tatt høgde for, seier Rose.


Varslar reform etter valet


I Noreg har alle dei borgarlege partia slått fast at dei ønskjer omfattande endringar i kommunestrukturen og at bruk av tvang er eit verkemiddel dei vil ta i bruk dersom dei kjem i regjering. Høgre og Frp ønskjer i tillegg å avvikle fylkeskommunen.


I Klassekampen onsdag åtvara Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete mot dei borgarlege sin distriktspolitikk, og hevda ein storstilt kommunereform er noko av det første dei kjem til å gjennomføre etter ein eventuell valsiger.


Svekt tillit i Danmark


I Danmark gjennomførte den borgarlege regjeringa ein slik reform i 2007, då talet på kommunar vart redusert frå 273 til 98 over natta.


I ettertid har Det Nationale Institut for Kommuners og Regioners Analyse og Forskning (KORA), oppsummert effektane av reforma, og hovudfunna blei presentert under gårsdagens konferanse av programsjef Kurt Houlberg.


Han meiner resultata tydeleggjer at kommunestruktur er eit verdispørsmål:


Sjølv om reforma har betra den økonomiske styringskapsiteten og til ei viss grad redusert dei administrative kostnadene, er dei negative konsekvensane for det lokale demokratiet slåande.


Ei undersøking frå 2009 konkluderer:


n Større kommunar reduserer innbyggjarane sin tillit til politikarane.


n Større kommunar skadar innbyggjarane sin politiske sjølvtillit, altså at dei i mindre grad føler seg kompetente til å ta stilling til lokale politiske spørsmål.


n Målingar indikerer at innbyggjarane opplever eit fall i kvalitetane på tenestene.


Meir makt til embetsverk


Samstundes har talet på danske folkevalde gått frå 4650 før reforma til om lag 2500, og dei som er att opplever at arbeidsbyrda har auka.


Reforma slo saman 239 kommunar til 66 nye og større, medan 32 kommunar vart verande uendra. KORA sine analyser viser at dei samanslåtte kommunane i ettertid har opplevd sterkare regulering, og at dei lokale politikarane har fått mindre makt til fordel for det lokale embetsverket.


Fullt kaos i Finland


Også i Finland har talet på kommunar blitt mindre dei siste åra. Sidan den første kommunereforma kom i 2005 har talet på kommunar blitt redusert frå 416 til 314, pågår arbeidet framleis.


- Det store problemet er at regjeringa ikkje veit kva dei vil, meiner Siv Sandberg, dosent ved Åbo akademi, som beskriv reformarbeidet som kaotisk.


Den første reforma blei innførd av ei sentrumsregjering som brukte økonomiske insentiv til å påskjøne kommunar som slo seg saman, men etter den borgarlege regjeringa tok over i 2009 er det no politikarane som styrar. I dag er alle kommunar pålagt å gjere greie for moglegheitene for kommunesamanslåing innan 2014, men ifølge Siv Sandberg er det ingen som veit kva som skjer etter den tid.


Då alle dei finske kommunane i vår blei spurt om kor godt dei synest regjeringa har lukkast med å gjennomføre kommunereforma var eit overveldande fleirtal misnøgde: 30 prosent meinte resultatet av innføringa var ganske dårleg og 59 prosent svarte at den var svært dårleg.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.32
Onsdag 17. juli 2019
UFORUTSIGBART: Bare en tredel helsefagarbeidere har full stilling. De yngste og de eldste jobber mest deltid. – Vi trenger flere folk på jobb, sier helsefagarbeider Jørgen Aanerud.
Tirsdag 16. juli 2019
MEDISIN: På havbunnen utenfor Bjørnøya har forskere funnet et dyr ikke ulikt en juledekorasjon. Det har molekyler som kan drepe kreft­celler effektivt.
Mandag 15. juli 2019
BYGGER UT: Siden 2000 har antall ­bygninger i strandsonen økt med 20 prosent. Kommunene klarer ikke ­forvalte det nasjonale ansvaret, mener Norsk Friluftsliv.
Lørdag 13. juli 2019
RETUR: Utlendingsnemnda konkluderte at kurdiske Jumaah Hameed ikke var i fare for forfølgelse. Kort tid etter returen til Irak, ble Hameed torturert, hevder han.
Fredag 12. juli 2019
COMEBACK KID: Per Sandberg advarer mot «nasjonalistiske krefter» i Frp og hinter om politisk comeback i et annet parti til valget i 2021.
Fredag 12. juli 2019
ANSPENT: Onsdag forsøkte Iran å ta en britisk oljetanker i arrest, sier det britiske forsvarsdepartementet. Iran avfeier anklagene, men en iransk forsker advarer mot en ny oljetankerkrig.
Torsdag 11. juli 2019
KRITISK: Motstanden mot nasjonal ramme for vindkraft er stor i dei kommunane som ligg i dei veleigna områda. Kommunestyra og ord­førarar seier nei.
Onsdag 10. juli 2019
DØMT: Byrådet i Oslo har som mål å få flest mulig i fast stilling. Nå er kommunen dømt to ganger i retten etter å ha nektet en barnehageansatt fra et bemanningsbyrå fast jobb.
Tirsdag 9. juli 2019
VARSLER: Ap ­bekrefter at det i 2019 har kommet nye varsler om seksuell trakassering, men nekter å oppgi antallet. Også Rødt, Sp, MDG, Frp og KrF har fått ulike typer varsler i år.
Mandag 8. juli 2019
SER TIL VENSTRE: MDG kaller seg blokkuavhengig, men er negative til høyresamarbeid i de fem største byene etter valget.