PARADOKS: Svært mykje skal til for å få fart på skuta som statsminister Jens Stoltenberg fører, men ei krise i norsk økonomi kan gje Stoltenberg vind i segla.
Arbeidsløysa har auka til over 100.000, og bedriftene slit meir enn før. Normalt er slikt dårleg nytt for ei regjering som står føre eit val, men for den raudgrøne regjeringa med økonomen Stoltenberg i spissen kan ein økonomisk nedtur bli gull verdt.