Tirsdag 26. februar 2013
Klar for 8. mars-kamp
INNTOG: Borgarleg ungdom vil setja sitt stempel på 8. marsfeiringa. - Kvinnedagen er for alle, og er ikkje lenger ein kampdag, seier nestleiar Jenny Clemet von Tetzschner i Oslo Unge Høgre.

- Eg vil ikkje kalla 8. mars ein kampdag, men ein merkedag, seier Jenny Clemet von Tetzschner.


I dag er det parolemøte for 8. mars-toget i hovudstaden. Til 8. mars-toget i Oslo er det foreslått over femti parolar, og arbeidsutvalet i 8. marskomiteen har foreslått ti hovudparolar. I kveld er det duka for votering om kva som skal stå på årets parolar.


Saman med fleire andre kvinner i Unge Høyre stiller Clemet von Tetzschner opp.


- 8. mars er ein dag å sjå på med glede og ein dag me kan ønska kvarandre til lykke med dagen, seier ho.


- Monopol


Både i Stavanger og Bergen vil borgarlege parti flagga sine parolar i 8. mars-toget. I Stavanger sette dei borgarlege ungdomspartia ein stoppar for parolane «Seks timars arbeidsdag» og «Stopp pornokulturen».


I Oslo vil Unge Høyre ha parolane «kvotering er diskriminering», «Med rett til deltid» og «Sosialisme er ikkje feminisme» med i toget.


- Yttarste venstreside har tatt monopol på 8. mars. Me meiner at kvinnedagen er for alle, seier ho.


Også representantar frå Oslo Unge Venstre har planar om å komma på parolemøtet i kveld.


- Målet med heile 8. mars-toget er å fremja likestilling og kvinner sine rettar. Då peiker me på dei krava som ikkje er på plass, seier Lone Alice Johansen, Krisesentersekretariatet sin representant i 8. marskomiteen.


Clemet von Tetzschner meiner derimot at likestillingskampen i Noreg er i mål.


- Me i Noreg er utruleg privilegerte. Me bør heller bruka 8. mars til å setja fokus på kvinner i andre land. Det er der den verkelege kvinnekampen står, seier ho.


- Ein lang veg å gå


Johansen er ikkje einig. Sjølv om det i år er hundre år sidan røysterett for kvinner var ein realitet, er det fleire kampar å stå på for.


- Mykje har blitt oppnådd på kvinnesaksfeltet, men likevel har me ein lang veg å gå, seier Johansen.


- Vold mot kvinner er ein av dei største kampane. Det er synd at me gang på gang må fremja dei same krava. Mange av krava er dei same som på 1970-talet, seier ho.


Johansen håpar at arbeidsutvalet har gjort ein god jobb, og at dei ti parolane blir vedtatt utan mange endringar. Likevel legg ho ikkje skjul på at det er parolar ho sjølv ville hatt, som ikkje fekk plass blant hovudparolane.


- Krisesekretariatet kjem nok til å stemma for parolen «forsvar sexkjøpslova», seier ho.


- Er forslaget frå arbeidsutvalet eit forsøk på å famna flest mogleg?


- Ja, det er det. Men under hovudparolane er det ope for underparolar.


- Paroleforslag som ikkje har ein feministisk forankring kjem me ikkje til å stemma for, seier ho.


Unge Høgre sitt forslag mot kvotering er blant forslaga Johansen ikkje vil stemma for. Clemet von Tetzschner på si side meiner at kvotering er dobbelt diskriminering.


- Kvotering er å anerkjenna at kvinna er eit andre kjønn. Det er eg ikkje einig i, seier Unge Høgre-politikaren.


Ville hatt invitasjon


Medan borgarlege ungdomsparti i Bergen og Stavangar er blitt skulda for å komme i siste liten for å setja sine spor i 8. mars-toget, skuldar Unge Høgre 8. marskomiteen i Oslo for å vera dårleg på marknadsføring og å ikkje invitera eit breitt spekter av parti og organisasjonar med.


- Eg synest det er heilt greitt med eit tog der me kan gå med både ei parole for deltid og ei parole for heiltid. Målet med 8. mars må vera å vida fram alle flotte kvinner i Noreg og kva me står for, uansett av kor me står politisk, seier ho.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.52
Onsdag 24. april 2019
RASK RETUR: Sikkerhetsekspert Atle Mesøy anbefaler rask retur av både norske IS-krigere og barna deres. – Det beste er å hente dem der de er, sier han.
Tirsdag 23. april 2019
ANGREPET: Prestestudent Franklyn Fernando kjenner flere som var til påske­messe da St. Anthony’s Shrine ble angrepet påskemorgen. Han vet ikke hvor mange som er i live.
Onsdag 17. april 2019
ADVARER: Per Olaf Lundteigen (Sp) sier at regningen for fri arbeidsinnvandring kommer nå og vil at staten skal ta tilbake styringen av arbeidsstokken.
Tirsdag 16. april 2019
OMSTILLING: Kværner-sjef Sturla Magnus tror lønnsomheten vil synke og arbeidsplassene forsvinne ut av landet dersom verftet i Verdal skal slutte å levere til oljeindustrien.
Mandag 15. april 2019
NY RAPPORT: Lavere lønninger, mer økonomisk kriminalitet og flere biler på tomgang i sentrum. Dette blir konsekvensen av regjeringens drosjereform, ifølge Transportøkonomisk institutt.
Lørdag 13. april 2019
KALDT: Amerikanske bombefly langs norskekysten og en russisk skyteøvelse utenfor Lofoten. Forsvaret bekrefter at situasjonen i nord har tilspisset seg etter høstens Nato-øvelse.
Fredag 12. april 2019
I BLINDE: Forsvarets overvåkingsfly skal holde oppsikt over de enorme norske havområdene i nord. Denne bered­skapen er nå kraftig svekket.
Torsdag 11. april 2019
NOK: Ordførere på Nordmøre lover å utrede innmelding i Trøndelag etter folkekrav. Bygdeforsker mener det kan bli slutten for Møre og Romsdal som eget fylke.
Onsdag 10. april 2019
OLJESØL: Statens miljøekspertar frykta oljeutslepp kunne gje samanbrot i sjøfuglbestandar rundt Bjørnøya. Eit eksternt konsulentselskap meinte det var ugrunngitt.
Tirsdag 9. april 2019
SAMARBEID: Martin Kolberg (Ap) sier nei til samarbeid mellom Rødt og Ap. Raymond Johansen (Ap) er uenig. Ap-leder Jonas Gahr Støre mener det kommer an på partienes utvikling.