Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fryktar for arbeidsplassar

500 norske arbeidsplassar kan stå i fare etter Statoil-salet i selskapet Borealis.

Statoil stadfesta torsdag i førre veke at dei har selt seg ut av plastselskapet Borealis. Eigardelane er overteke av International Petroleum Investment Company (Ipic), lokalisert i Abu Dhabi, og det austerrikske olje- og gasselskapet OMV. Ipic vil no eiga 65 prosent, medan OMV aukar sin andel i selskapet frå 25 til 35 prosent. Dimed må sterke krefter i fagrørsla, som i lengre tid har arbeidd for at Statoil skulle halda på eigardelane sine i Borealis, notera at eit viktig slag er tapt.