Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Beheld eigne gullpensjonar

PRESS: Arbeidsgjevarane varslar lockout for å få slutt på streiken der oljearbeidarane krev å få behalde pensjonsordninga. Sjølv har leiinga sikra framtida med eksklusive avtalar.

- Det kan ikkje berre vere dei på toppen som har gullkanta ordningar, medan dei som har slite og jobba jamt og trutt ikkje skal kunne få gode pensjonsavtalar. Det er skremmande at ein framleis har eit slikt menneskesyn, seier Hilde-Marit Rysst, leiar i fagforbundet Safe.