Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krigar i privat teneste

OVERGANG: Private sikkerheitsselskap leiger ut heimevernssoldatar og politimenn som væpna vakter på norske skip. Politiet planlegg sanksjonar, medan Heimevernet ikkje greier å stoppe tilstrøyminga.

Marknaden for private sikkerheitsselskap har fått ein kraftig oppsving her til lands etter at regjeringa i fjor gav norske skip lov til å ha væpna vakter om bord. Eit privat selskap tilset no reservesoldatar og politimenn i permisjon til slike oppdrag. Selskapet Polar Arctic Security i Fredrikstad reklamerer på nettsidene sine med at dei er eigde og leia av «tidlegare politimenn og militære offiserar i aktiv teneste» (omsett frå engelsk av Klassekampen). Dagleg leiar Steinar Inselseth var for ein månad sidan skiftleiar og førstebetjent i Sandefjord-politiet. Han fekk eit halvt års permisjon for å jobbe i selskapet. – Vi får førespurnader frå folk som er reserve i militæret, til dømes i Heimevernet, altså folk som er inne til teneste i ein kortare periode. Vi knyter ikkje til oss folk som er fast tilsette i Forsvaret. Det same gjeld politimenn: Skal dei vere operative hos oss, må dei enten vere pensjonerte eller i permisjon, seier Inselseth til Klassekampen. Heimevernet makteslaus Leiinga i Heimevernet er lite blide for at personar dei gjev våpentrening skal gå inn som private, væpna vakter i utanlandske farvatn. Men dei greier ikkje stoppe det. – Det er eit dilemma for oss. Vi er jo ikkje arbeidsgjevar for tilkallingsmannskap, anna enn dei fem-seks dagane dei er inne i året. Vi kan ikkje styre resten av kvardagen deira, seier kommunikasjonssjef Nils Arne Skaret i Heimevernsstaben. Han fortel at dette vart teke opp på møte med generalinspektøren, alle områdesjefane og distriktssjefen for Oslofjord Heimevernsdistrikt (HV-01) før jul. – Vi kom fram til at vi ikkje ønskjer ein slik kontakt frå nokon av våre mannskap. Vi ønskjer ikkje samanblanding av roller, og har åtvara våre folk på generelt grunnlag å blande korta, seier Skaret. – Er det ingenting Heimevernet kan gjere? – Vi kan velje å ikkje ta inn nye soldatar som kjem frå den bransjen. Ein kar som er utdanna i Forsvaret kan jo fint ta seg jobb i eit privat sikkerheitsselskap. Men ønskjer vi å kalle han inn til Heimevernet? spør Skaret. Politidirektoratet strekar under «den nødvendige respekt og tillit som er forbundet med å inneha stilling i politiet». Politimenn i aktiv teneste kan ikkje ta på seg væpna vaktoppdrag, men det kan politimenn i permisjon. Set foten ned Formelle sanksjonar er likevel aktuelle: – Politimeisteren vil kunne nekte permisjon dersom formålet med permisjonen er å ta del i den type verksemd det her er tale om, seier Christian Butsberg Pettersen, direktør for juridisk avdeling i Politidirektoratet. – Direktoratet vil vurdere om det er behov for å tydeleggjere dette overfor politidistrikta, avsluttar Pettersen. Dagleg leiar Steinar Inselseth i Polar Security International er tydeleg på at selskapet gjer alt dei kan for å unngå rolleblanding. – Vi gjer det klart for alle interesserte at dei må avklare forholdet til andre arbeidsgjevarar og overordna. Vi går heller ikkje ut med møte, oppslag eller anna aktiv rekruttering. Dei som vurderer tilsetjing kjem til oss, vi går ikkje til dei, seier Inselseth. johanb@klassekampen.no