Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kan ikkje love jobbar i nord

HAVIS: Statoil har funne store mengder olje i Barents-havet. Men etter press frå Brussel kan ikkje regjeringa garantere nordlendingane baser og arbeidsplassar.

Statens oljeselskap Statoil sende i går ut børsmelding om at dei har funne mellom 200 og 300 fat olje og gass i Havis-prosjektet i Barentshavet. Det er jamstort med Skrugard som ligg like attmed, og til saman skal Statoil og partnarane kunne utvinne 400 til 600 millionar fat oljeekvivalentar frå funna. Dimed er dette eit av dei største funna på norsk sokkel dei siste ti åra.