Lørdag 26. november 2011
EU vil overta oljestyringa
ISFRONT: EU planlegg å snu opp ned på den norske oljereguleringa. Olje- og energidepartementet kallar framlegget «uakseptabelt», men kan ikkje endre lovteksten.

EU-kommisjonen vart alvorleg skremt av den katastrofale Deepwater Horizon-utblåsinga i USA for halvanna år sidan, det største oljeutsleppet til havs nokon gong.


Kommisjonen føler at så lenge Noreg og andre oljeland regulerer seg sjølve, har EU ei tikkande bombe i sin eigen bakgard. Difor jobbar dei på spreng med ein lov som skal stå over alle nasjonale reglar i EU og i EØS-land som Noreg.


Lovskissa er ute på høyring, og dei norske reaksjonane er skarpe.


Olje- og energidepartementet kallar delar av framlegget «uakseptabelt» og fryktar det vil forverre tryggleiken på norsk sokkel. Oljeindustrien meiner EU ikkje veit kva dei driv med og fagrørsla meiner arbeidarane kan miste makta dei har kjempa seg til på plattformane.


Verst av alt: Kommisjonen legg ikkje fram saka som eit direktiv, som Noreg kan tilpasse norske reglar, men som ei lov, som enten må innførast fullt og heilt eller verte forkasta av alle EØS-landa.


Fritek selskapa frå ansvar


Klassekampen har fått tilgang til Olje- og energidepartementet (OED) sitt svar til EU. Ordelaget er diplomatisk, men hardt.


Etter norske reglar må operatørane stoppe utslepp frå sine installasjonar (til dømes platformar) overalt kor utsleppet måtte dukke opp. EU-lova pliktar dei førebels berre til å stoppe utslepp i nærleiken av installasjonen.


Skulle det til dømes skje ei utblåsing på Gullfaks-feltet med EU-reglar, ville Statoil berre måtte rydde opp i nærleiken av plattforma og ikkje i det enorme havområdet som ville vorte ramma.


OED kritiserer òg skarpt at EU vil lempe heile tryggleiksansvaret på operatøren, altså selskapet som driv sjølve installasjonen. I det norske regelverket er òg alle leverandørar og underleverandørar ansvarlege for å sikre forsvarleg drift.


OED meiner EU-skissa slik ho er i dag inneber «redusert ansvar», og at «ei slik redusering er ikkje akseptabel for Noreg».


I diplomatiske ordelag ber oljeminister Ola Borten Moes departement kommisjonen droppe heile greia: EU-framlegget er «ikkje ein god veg framover for Noreg» og «Vår faste overtyding er at tryggleiksregulering vil halde fram med å vere mest effektivt handsama av nasjonalstaten».


- Set arbeidarane til sides


Seksjonssjef Jan Panek frå EU-kommisjonen presenterte lovskissa på eit seminar i Stavanger i oktober. Dei som var til stades døypte Panek raskt om til «Mr. Panic» og fleire skal raskt ha bestilt flybillettar til Brussel for å tale si sak.


Tryggleikskontakt i fagforbundet Safe, Roy Erling Furre, peikar på at det norske regimet krev at fagrørsla får ord med i laget, medan EU-lova ikkje gjer det.


- Framlegget kan setje norsk fagrørsle til sides, og dimed sparke bein under ein av pilarane på norsk sokkel, seier Furre.


Furre seier det same som OED og oljeindustrien: Norsk oljeregulering er resultatet av ein 40 år lang tautrekking, og er i dag basert på samtykkje og dialog mellom selskapa, fagrørsla og styresmaktene.


- EU-framlegget er mykje meir primitivt: Der skal styresmaktene setje krav og påskjøne selskap som følgjer dei. Det vil føre til underrapportering av skadar og hindre samarbeid mellom partane, trur Furre.


Olje- og energidepartementet hadde ikkje høve til å kommentera saka.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.44
Tirsdag 20. august 2019
KRISE: – Dersom andre partier ikke synes at Granavolden-erklæringen er god nok, så får de trekke seg fra regjeringen, sier Venstre-ordfører Lena Landsverk.
Mandag 19. august 2019
ADVARSEL: Russland har rustet opp. Hvis ikke Norge følger etter, vil USA ta over kontrollen i norske nærområder. – Da mister vi stadig mer råderett, sier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.
Lørdag 17. august 2019
AVLYSER: Hurtigruten må avlyse to planlagte cruise til Frans Josefs land fordi Russland nekter skipene å seile i russisk farvann.
Fredag 16. august 2019
AVFALL: Landbruket er blant de beste i klassen i plast-retur. Likevel blir mer enn 2000 tonn brukt plast hvert år ikke levert til retur.
Torsdag 15. august 2019
VARME: Da broren til den terrorsiktede la ut en video der han deler sin desperasjon, strømmet norske muslimer til kommentarfeltet for å dele kondolanser, lykkeønskninger og hjertesymboler.
Onsdag 14. august 2019
SKUFFET: – Vi trenger en regjering som står imot muslimhets gjennom handlinger og ikke bare ord, sier Irfan Mushtaq. Her forteller han hvordan han opplevde den dramatiske eid-helga.
Tirsdag 13. august 2019
HØYREEKSTREM: Skribent Lasse Josephsen mener Philip Manshaus ble radikalisert på nettet. Han tror det kommer flere angrep fra unge høyreekstreme menn.
Mandag 12. august 2019
HAT: Samtidig som hver tredje nordmann har utpregede fordommer mot muslimer, har regjeringen avvist en egen strategi mot islamofobi. Nå må den komme, krever Venstres Abid Raja.
Lørdag 10. august 2019
STORKOALISJON: Norge ønsker seg en så stor og tung koalisjon i Persiabukta som mulig, sier forsvars- ministeren.
Fredag 9. august 2019
SKILLE: Jonas Gahr Støre (Ap) mener andelen heltidsansatte blir høyere når Ap har ordføreren i kommunen. Tall fra Kommunenes Sentralforbund viser at han trolig har rett.